Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Sykkylven Rotary Klubb; Bedriftsbesøk til Rico Bil, Brusdalsvegen 207, 6011 Ålesund,
13. april 2016. Olav Pileberg.

Tekstboks: http://www.ricobil.no/ Tekstboks: Dagleg leiar frå 2014 Jorunn Lundanes og Fred Rishaug, tidlegare dagleg leiar og etablerar av bedrifta Rico Bil AS i 1988.

 

 

Vi blei ønska velkomne av dagleg leiar sidan 2014 Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Begge to er busette i Sykkylven sidan slutten av 1970-talet, og reknar seg difor som sykkylvingar. Bedrifta vart etablert i 1988, 1. september, etter at Mazda-forhandlaren Eiksund Auto AS i Ålesund gjekk konkurs. Her var Fred salgssjef, og hadde dei kontakter og den dugleik som skulle til for å få i gang ei ny verksemd med åtte tilsette i leigde lokale, eit lite stykke frå noverande plassering i Fremmerholen. Drifta har svinga, men med eitt lite unntak har bunnlinja vist grøn farge fram til dags dato. Staben har visst å setje tæring etter næring! Dagen i dag ser lys ut, og det same gjer framtida. Med nybygg og populære modellar av merka Mazda og Hundai, står Rico Bil AS fram som ei solid bedrift. Det er «sykkylvsbedrifta i Ålesund».

Jorunn og Fred tok godt vare på oss besøkande, og serverte velsmakande både kaffi og marsipankake. Etter orienteringa fekk vi vere med på ein runde som til fulle viste ei velordna bedrift i lyse, vennlege og romslege lokale. Underteikna referent kan skrive under på god kundebehandling med hyggelege tilsette. Sykkylven Rotary Klubb ved president Hallstein overrekte gåve og takka så mykje for at vi fekk komme og for fyldig og god orientering. 


 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet