Medlemsmøte med Janne Strømmen fra Ekornes
Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 10.06.2026
Nils Arve Kjemphol ønska alle velkomen til møte. Spesielt velkomen til dagens føredragshaldar Janne Strømmen, som skulle orientere om Ekornes.
Agenda:
Allsong.
3 - minutt ved Audun Nerland
Ekornes ved Janne Strømmen
Allsong: Heimbygda.
Kjemphol sa han hadde motteke melding frå sekretær Steinar Klokk at det var 18 personar som møtte opp på siste møte. 2 medlemmar har permisjon som gjev eit oppmøte på 55%.
Knut Molnes fekk ordet. Rotary skal hjelpe til med rigging og ned av telt til Lone Tynes Anderson og Lola daycare Senter under «Sykkylvsdagane. Oppmøte er laurdag 13.juni 2026. Fyrste vakta er kl. 09:00, og det blir 2 timers vakter utover. (Liste gjekk rundt under møte der ein kunne skrive seg på).
3 minutt ved Audun Nerland
Fortalte at det er auke i netthandel. I fjor blei det omsett for 90 milliard kroner. Totalt utgjer netthandel ca 15%. Det utgjer ca 45.000,- årsverk.
Lokale butikkar og kjøpesenter merker at omsetninga går ned. Bygda sine butikkar klarer ikkje å demme opp for netthandelen. Konkurransen er derfor tøff.
I 2020 var netthandelen på topp. Vestland fylke toppar netthandelen med 3,6 %.
I framtida må vi støtte opp om nærbutikken og handle lokalt. Det krever omstilling.
Kaffe og drøs.
Janne Strømmen, CMO hos Ekornes

Ekornes ved Janne Strømmen, markedssjef. Ho har arbeidd 4 1/2 år i bedrifta. Ho har tidlegare arbeidd på sysalen til Ekornes. Ho kjenner difor produksjonen på golvet. Strømmen tok utdanning innanfor markedsføring. Ho har arbeidd tidlegare hjå Devold og Stokke.
Ekornes har den siste tida gjort endringar i leiinga og produksjonen. Ny adm. direktør er Fredrik Nilsen, som er ein samlande leiar.
«Stressless» er framleis viktigaste merkevare til Ekornes.
Ekornes har idag 2250 ansatte verda rundt.
20 nasjonalitetar i arbeid.
Ca. 4000 butikkar ute i verda.
8 fabrikkar i 4 land.
19 salskontor i 13 land.
Nærheit til kundane er viktig for bedrifta.
Ekornes arbeider etter filosofien at ein må lykkast globalt for å lykkast lokalt.
Dei arbeider idag mykje med comfort i produkta sine, og med utrulling av eit nytt butikk konsept.
Strømmen opplyste at dei samarbeider med Arve Ekornes i forbindelse med utvikling av nye produkt.
Det var eit nyttig foredrag om bedrifta Ekornes og status pr. I dag.
Til slutt fekk den som ville stille spørsmål til Janne.
10.06.2026
Skrivar Steven Blindheim
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.