Medlemsmøte med Brunstad AS ved Olaug Strand Brunstad
Møtereferat veke 36 02.09.2026 |
Tema for møtet – Brunstad AS ved Olaug Strand Brunstad
Presidenten var borte, og Kristin Grebstad, Past President, vikarierte.
Møtet vart opna med ei markering av vår avdøde kong Harald. Kristin informerte om at han var æresguvernør for deinorske Rotary-distrikta. Det vart tent lys og halde eitt minutts stille.
Hovudtemaet denne dagen var presentasjonen til Olaug Strand Brunstad frå Brunstad AS. Ho presenterte verksemda og snakka om korleis ho meiner formuesskatten påverkar privateigde små og mellomstore bedrifter.
Allsong
Allsongen denne dagen var «En enkel sang om frihet».
3-minutt
Dagens 3-minutt var ved Kristin Grebstad. Temaet var barn og skjermbruk.
Skjermbruk vart løfta fram som eit felles ansvar for heim, skule og samfunn.
Hovudtema
Olaug Strand Brunstad starta presentasjonen med å fortelje personleg om seg sjølv, familien og korleis ho hamna i Sykkylven og i familiebedrifta Brunstad AS.
Formuesskatten vart eit tema for henne då mannen vart sjuk og dei personlege inntektene gjekk ned, samtidig som ho etter kvart tok over eigarskapen til Brunstad AS.
Olaug Strand Brunstad, eigar av Brunstad AS i Sykkylven, er kritisk til formuesskatten fordi ho meiner han tvingar eigarar til å betale skatt av bedriftsverdiar, sjølv når bedrifta ikkje gir tilsvarande inntekter.
Ho har fortalt at ho har måtta bruke arv, oppsparte midlar og sal av eigedom for å betale formuesskatten, og at skatterekninga enkelte år har vore nær fleire gonger høgare enn den personlege inntekta hennar.
Brunstad meiner dette svekkjer norske familieeigde bedrifter og gir utanlandske eigarar ein konkurransefordel, sidan deii mange tilfelle ikkje betalar den same formuesskatten.
Ho viste også til forskjellen mellom ei norsk privateigd verksemd og utanlandskeigde konkurrentar. Ekornes vart nemntsom døme på ein konkurrent som, etter hennar framstilling, ikkje har den same personlege skattebelastninga på eigarsida. Bodskapen var eit ønskje om likare konkurransevilkår.
Referent
Sindre R. Stuen
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.