End Polio 20206
Rotary-aksjonen End Polio Now 24. oktober 2026

Polio er ennå ikkje utrydda, berre nesten.
Eit polioprosjekt som starta i 1979 har redusert polio til 99,9 prosent globalt. Vill polio er ennå i Pakistan og Afghanistan, og utbrudd av polio truar fremgangen vi har gjort mot sjukdommen. Vi må også halde alle andre land poliofrie til vi er sikre på at den ikkje vil dukke opp igjen. Dersom utryddingsarbeidet til Rotary og våre partnarar stoppet i dag, kunne det i løpet av ti år vere så mange som 200 000 nye tilfelle av polio over hele verden kvart år. Målet er at ingen barn i framtida skal oppleve polio.
Rotary International er ein samanslutning av 40.000 Rotaryklubber med om lag 1,3 millionar medlemmar som driv veldedig arbeid over heile verda. Rotary sitt motto er å gagne andre. Eit av desse prosjekta har som mål å utrydde polio. Eit samarbeid med Verdens Helseorganisasjon (WHO) og UNICEF.
Prosjektet End Polio Now er finansiert av Rotary International gjennom The Rotary Foundation (TRF) som er innsamla midlar frå Rotary- klubbar og medlemer over heile verda. For Rotaryåret 2026-2027 er det budsjettert med at 135 million USD av 463 million USD av samla fondsmidla til TRF skal gå til End Polio Now. Meir enn tre milliardar barn er blitt beskytta gjennom dette vaksinasjonsarbeidet.
I tillegg har Rotary International gjort avtale med Bill & Melinda Gates Foundation. For kvar USD som Rotary samlar inn, så vil Bill Gates gjennom sitt fond gi to USD til End Polio Now. For treårsperioden 2026 til 2029 vil dette bidraget bli ca. 1.200 million USD. Ditt bidrag vil bli auka til det tredobbelte frå dette fondet.
Aksjonen går i perioden 1. – 24. oktober og vil bli avslutta laurdag på FN-dagen den 24. oktober som også er Verdens Poliodag. Denne dagen er alle Rotary-klubbar over heile verda oppfordra til lyse opp med raudt eit sentralt landemerke i sitt lokale miljø frå kl. 1800 og utover kvelden til kl. 2200. I fjor valde Sykkylven Rotary å lyse opp Berlihuset. I år har vi bestemt oss for å lyse opp Sykkylven Kyrkje i tillegg til nokre tre i Kyrkjeparken i samarbeid med Sykkylven Lions. Dette for å skape mest muleg blest om saka.
Du kan enkelt gje bidrag til dette arbeidet ved å gå innom heimesida til Sykkylven Rotary.
VIPPS nummer: 134399
Steinar Klokk
President i Sykkylven Rotaryklubb
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.