Utvekslingsstudent
frå Brasil til Sykkylven
Seksten år gamle Daniel Pedrosa frå Belo Horizonte i
Brasil kan sjå fram til nesten eit år som Rotary utvekslingsstudent i
fjordbygda Sykkylven.
Nyleg landa Daniel på Vigra, der han vart teken i mot
av Ingjerd Asbjørnsen og Olaf Ellingsen
frå Sykkylven Rotary Klubb (SRK). Sist onsdag vart han presentert i klubben,
saman med husvert Sindre Stuen. Ikkje sidan 2001-2002 har Sykkylven Rotary
Klubb teke på seg å vere vertskap for ein slik student. Den gongen var det
Marie-Pierre frå Canada. Tre år tidlegare var det Charles frå Pennsylvania,
USA, som fekk lære «alt om Noreg» på ti månader. Innbaka i ordet
«utvekslingsstudent» ligg det at ein ungdom frå Sykkylven får bu på tilsvarande
vis – i dette tilfellet i Brasil, og i same byen som Daniel kom frå. Seksten år
gamle Benjamin Stuen har for lengst
landa i OL-landet og installert seg hos vertskapet i Belo Horizonte. Tanken bak
slik utveksling er at mange unge skal få lære om andre menneske, land og
kulturar, og med det få større forståing for nokre av mekanismane i ei verd som
stadig «krympar», og der orda kommunikasjon
og samhandling blir stadig
viktigare. Sist fredag var det møte på Sykkylven vidaregåande skule, der
avdelingsleiar Rolf Haxthov og kontaktlærar Ingunn Alver tok imot og orienterte
om skulen og ulike studiefag. Vi kan vel tenkje oss at læringskurven blir
heller bratt for begge dei unge studentane i kvar sine land.
Fritid og
interesser
Overgangen frå den brasilianske byen med 2,5
millionar innbyggjarar til fredelege Sykkylven – eller omvendt for Benjamin –
kan, for oss godt etablerte, verke stor. Likevel må vi ha i minnet at ungdommar
kan vere vesentleg meir fleksible enn vi tilårskomne. Dei lærer raskare og finn
seg venner. Gjennom hobbyar og aktivitetar i miljøet rundt seg byggjer dei
plattform for eigen tryggleik og trivsel. Daniel er glad i både sport og
musikk. Han er slett ikkje ukjend med fotball (!!), og gitar har han spelt
sidan han var åtte år. Det siste på lista er visstnok skateboarding, ein
aktivitet som triggar og utfordrar det meste innan balanse og sjølvkontroll. Vi
vonar at både ungdommane i bygda og vi eldre vil ta vel imot Daniel og gjerne
invitere han heim eller ta han med på trivelege påfunn gjennom året. I sum vil
dette bidra til at denne blide og kjekke ungdommen frå Belo Horizonte i Brasil
vil få ei erfaring og eit godt minne for livet frå Rotary-året i Sykkylven.
Daniel
Pedrosa frå Belo Horizonte i Brasil. Byen ligg 440 km nord for Rio de Janeiro,
ved vegen mot hovudstaden Brasilia.
Skribent: Olav Pileberg
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"