REFERAT FRÅ ROTARYMØTE 21.09.2016:
BRØVOLLFESTIVALEN:
DEN FØRSTE BRØVOLLFESTIVALEN BLEI ARRANGERT FOR 9 ÅR SIDAN, I 2007. SOMMERVERET VAR DÅRLEG, OG DET SKJEDDE LITE BÅDE I BÅDE I VELLEDALEN OG I BYGDA ELLES. FOR Å FÅ TIL LITT AKTIVITET VAR DET AT NOKRE UNGDOMAR FEKK IDEEN OM Å ARRANGERE EIN SÅKALLA FESTIVAL I EIN HAGE PÅ BRØVOLL. SÅ VIDT REFERENT FORSTÅR, BESTOD PROGRAMMET AV LOKAL UNDERHALDNING. DETTE VISTE SEG Å VERE SÅPASS VELLYKKA AT EIT NYTT ARRANGEMENT GJEKK AV STABELEN 17 DAGER SEINARE.
I 2008 GJEKK FESTIVALEN OVER 2 DAGER MED LOKAL UNDERHALDNING. SIDAN DEN GANG HAR ARRANGEMENTET BERRE BLITT STØRRE OG STØRRE. NESTE ÅR, 2017 ER DET 10 ÅRS JUBILEUM.
DAGENS ARRANGEMENT ER EIN DUGNADSFESTIVAL MED 170 FRIVILLIGE I ALDEREN FRÅ 14 – 80 ÅR. STYRET FOR FESTIVALEN BESTÅR AV 8 PERSONER DER KRISTIN ER DEN ELDSTE. FØRSTE MØTET JUL ÅRET FØR, OG NESTE MØTET I PÅSKA ÅRET ETTER. DÅ ER MANGE FRÅ STYRET HEIME PÅ FERIE. ELLES NYTTAR EIN MODERNE SOSIALE MEDIA SOM SKYPE, CHAT OG FACEBOOK FOR Å KOMMUNISERE NÅR STYRET ELLES ER SPREIDD RUNDT I KRING I LANDET.
LOKALA ER GRENDAHUSET OG OMRÅDET RUNDT. EIN SATSAR PÅ Å GI FESTIVALEN EIT SÆRPREG VED Å SETTE OPP KULISSER OG PYNTE LITT SPESIELT. DET BLIR AVSPEILA AT EIN ER PÅ BONDELANDET, OG EIN VRIR ERTING OG MOBBING AV JORDBRUK OG BØNDER TIL EIGEN FORDEL. EKSEMPEL PÅ DETTE ER AT DET BLIR SELT KUBAB I STADEN FOR KEBAB, OG AT ØLET BLIR SELT UNDER NAMN SOM «FANTEVATN» OG «SVARTEVATN». I PYNTINGA ELLES NYTTAR EIN SAME KONSEPTET.
TALET PÅ BESØKANDE HAR GÅTT OPP JEVNT OG TRUTT. I ÅR VAR DET 600 PERSONAR TILSTADES FREDAGSKVELDEN, MEDAN DET PÅ LAURDAG MED DANS I TILEGG TIL UNDERHALDNING, VAR 800 – 900 BESØKANDE. FOR Å ENGASJERE DEI UNDER 18 ÅR, BLIR DET ARRANGERT AKTIVITETSDAGAR OG HER VAR DET MELLOM 1000 TIL 1200 DELTAKARAR.
NÅR FESTIVALEN ETTER KVART HAR BLITT SÅ STOR, VIL ØKONOMI VERE VIKTIG. STORT SETT HAR FESTIVALEN GÅTT MED OVERSKOT. I ÅR VAR OMSETNINGA PÅ 1,1 MILL. KR. STØRSTE UTGIFTENE ER TIL ARTISTER OG TELT. ØNSKET ER Å BYGGE OPP EIN ØKONOMISK BUFFER TIL Å MØTE VARIERANDE ØKONOMI. LOKALT BLIR GRENDAHUSET OG JOKERBUTIKKEN SPONSA AV BRØVOLLFESTIVALEN. TIDLEGARE MÅTTE ARRANGØREN UT Å SKAFFE SPONSORER. NO ER DET SLIK AT SPONSORANE KJEM TIL BRØVOLLFESTIVALEN. VIKTIGASTE SPONSORANE ER SPAREBANKEN MØRE, GJENSIDIGE OG SYKKYLVEN ENERGI.
KVIFOR LYKKAST BRØVOLLFESTIVALEN SÅ GODT? KRISTIN NEMNTE FØLGANDE MOMENT SOM HO MEINER KAN FORKLARE SUKSESSEN: DET ER SAMHALD, EIGARFORHOLD, EIN BLIR OPPMUNTRA AV POSITIVE TILBAKEMELDINGER, EIN HAR LUKKAST MED Å SKAPE EIN LOKAL VRI/IDENTITET. NYE DELTEK I STYRET. OG SIST MEN SIKKERT IKKJE MINST: EIN STOLT OVER Å FÅ TIL EIN SLIK FLOTT FESTIVAL.
EIT MOMENT, SOM OGSÅ ER SVÆRT VIKTIG, ER AT ARRANGEMENT SOM DETTE, KAN BIDRA TIL Å GJERE BÅDE VELLEDALEN OG SYKKYLVEN MEIR ATTRAKTIV. DET GJELD BÅDE FLEIRE BESØK, OG AT FLEIRE VELGER Å BUSETTE SEG I BYGDA.
TAKK TIL KRISTIN FOR EIT FLOTT OG INFORMATIVT FOREDRAG.
REFERENT JARLE SVINDSETH
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.