Årsmøte i Sykkylven Rotaryklubb 14. desember

Les om Årsmøte i Klubben og om kva utvekslingsstudent Daniel hadde å fortelle om sitt heimland Brasil.

Referat frå medlemsmøte i Sykkylven Rotaryklubb 14.12.2016:

President Steven ønska vel møtt og presenterte kvelden sin gjest Sveinung Andal. Stor applaus. Sveinung er vert for utvekslingsstudenten vår, Daniel dei neste 3 månadane.

Videre presenterte Steven noko av det som har hendt opp igjennom historia nett denne dagen:

1773: Norges Geografiske Oppmåling blir stifta. I 1981 skifta dei namn til Statens Kartverk.

1819: Alabama blei USA sin 22. stat.

1900: Max Planck legger fram sin stålingslov. Kvantefysikken blir grunnlagt.

1902: Den første telegrafkabel blir lagt under Stillehavet.

1911: Roald Amundsen når Sydpolen som første person.

1939: Sovjetunionen blir kasta ut av Folkeforbundet pga. overfallet på Finland.

1946: Hovedforsamlinga bestemmer at New York blir tilhaldsstaden for FN.

1981: Israel annekterer Golanhøgdene.

1989: Første frie valg i Chile etter militærkuppet i 1973.

Presidenten gav så Olav P ordet. Han fortalte at han har kjøpt inn ei julegåve til klubben, nemleg ei ringeklokke. Dersom ein er tidleg ute, eller evt. for seint, kan ein ringe på denne og oddsen for å sleppe inn vil bli forbedra masse.

Olav sin Rotarysongen som var denne gong «Draumen om Fred» av Cornelius Vreeswijk. Dette til ære for årets Fredsprisvinner, Juan Manuel Santos.

I sekretæren sitt fråver, forkynte president Steven at det er Hallstein og Geir Løseth sin tur til BUAS- besøk. Ved forrige møte var det 27 frammøtte. Det gav hederlige 70 % frammøte.

3- minutt var ved Ingjerd: Ho hadde funne ei gamal utgåve av Bergens Tidende under renovering ved Berlihuset. Årgangen var heilt tilbake til 1920. Om det er tøffe tider no til dags både politisk og økonomisk, så var det ikkje noko bedre den gong. Det var like etter 1. verdenskrig og Den Norske Stat hadde tydelegvis desperat behov for penger. Ingjerd las at det skulle innførast formuesskatt på renteinntekter over 200000 kr. I tillegg blei det vedteke å låne 20 mill. kr. frå amerikanske banker til ei rente på 9 %. Vidare las ho at det var innført importforbud av luksusvarer, og kanskje også på såkalla mindre nødvendige varer.

Utenrikspolitisk var avisa opptatt av den politsike situasjon i Sovjetunionen, der det no rasa borgerkrig mellom bolsjevikane og dei såkalla Kvite. Vestmaktene hadde sendt soldater for å hjelpe dei Kvite.

Som ein kuriositet, nemnte Ingjerd til slutt at byen Drøbak var alkoholtørrlagt. Det blei forbudt å skjenke alkohol til private. 10 svenske kunstnere hadde kome til Norge  for å «lære landet bedre at kjenne».

Før Rotarykaffien, foretok kasserer John Henrik ei rask og effektiv gjennomgang av rekneskapet for Rotaryåret 2015/2016. Det såg lenge ut til å bli eit lite underskot, men pga. momskompensasjon blei det eit overskot på 5600 kr. Egenkapitalen er 108 000 kr. og balansen er på 119 599 kr. Klubben har for øyeblikket solid likviditet.  

Under kaffien og utmerka sjokoladekaker, var det Vinlotteri. Etterpå presenterte Visepresidenten sitt mannskap for 2017/2018. Styret består stort sett av same folka. Petter Skogvoll er ny leiar i Programkomiteen og Greta Herje blei foreslått som President Nominee. Rotaryaner Ove understreka at reint formelt så er det Klubben som skal utnemne den komande presidenten og ikkje visepresidenten. For å ivareta det formelle, blei det spurt om det var motkandidater til Greta. Då det ikkje var det, blir avstemninga gjort ved akklamasjon i staden for skriftlig avstemning. Så då er det nye styret på plass og Bastian har fått ein god start på det som blir presidentperioden hans.

Til slutt fekk endeleg utvekslingsstudent Daniel sleppe til med sitt foredrag om Brasil. I staden for at referent begynner å rekapitulere foredraget, legg vi ut Daniel sin PowerPiont- presentasjon.

Etter foredraget var det i god Rotaryånd fleire spørsmål.

Daniel avslutta med å synge og spele gitar.

Eit kvarter på overtid, takka president Steven for oppmøte, minte om Julemøtet neste onsdag 21., og ønske alle vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth



 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet