Referat frå
julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.12.2016:
President Steven ønska vel møtt, og særleg til kvelden sin
gjest, Kjetil Tandstad. Han helsa også frå May Britt og Lone og Lola Day Care
Center som ønska alle i Klubben God Jul.
Elles minte Steven som vanleg om noko av det som har hendt
opp igjennom historia denne datoen:
Thomas, Tommy og Tom har namnedag.
1913: Første kryssord blir utgitt.
1937: Filmen «Snehvit og de syv dvergene» blir vist for
første gang.
1962: Rondane Nasjonalpark blir oppretta.
1968: Apollo 8 blir skote opp.
1988: Eit Pan Am fly styrter over Locherbie i Skottland
etter at ei bombe hadde eksplodert om bord. 270 menneske blir drept.
Referent tek seg den frihet å tilføye at sola i dag «snur» kl.
11:44. No går det langsomt, men sikkert mot lysere tider.
Trubadur Olav hadde funne fram ei vise som passa svært godt
til Julemøtet, nemleg Alf Prøysen si «Julekveldsvise». Olav spela piano og
Daniel akkompagnerte på gitar.
Som alltid når det er Julemøte sørga Olav for å spele eit
utdrag av Johan Sebastian Bach sitt «Juleoratorium». Olav understreka at vi
ikkje kunne spele heile Oratoriet, det ville ta fleire timer.
Sekretær Knut Henning var tilbake, og fortalte at det er
Petter W. og Arvid N. sin tur til BUAS- besøk. Elles ingen fødselsdager fram
til nyttår. Forrige møte var det 24 frammøte. Når ein tek omsyn til permisjoner,
gir dette eit oppmøte på 59 %.
3- minutt var ved Hallstein: Han fortalte om den bransjen
han jobber i, nemleg bussbransjen her i Møre og Romsdal. Første bussrute var i
1908 mellom Batnfjordsøra og Molde. Bussrutene var stort sett sjølfinansierende
fram til 1950- talet. Då inntektene begynte å gå ned pga. auka privat bilisme,
kom Fylket inn og tok over ein del av finansieringa. I 1973 var det heile 54
busselskap i Møre og Romsdal. Samferdselskomiteen på Stortinget synes at dette
var lite rasjonelt og oppfordra selskapa til å slå seg saman. I 1988 var det 15
busselskap, og pr. dags dato er det berre 4 selskap. Dette er Nettbuss, som
Hallstein er ansatt i, med 70 % av omsetninga. Dette er eigd av NSB, som igjen
er statseid. Tide har 15 %, Boreal 10 % og Veøy 5 % av omsetninga. Det er ikkje
snakk om ytterligere fusjoner pga. at det er så få selskap tilbake. Derfor vil
ikkje Konkurransetilsynet godkjenne dette. Dei fleste har sikkert lagt merke
til at bussane i M & R er blitt kvite og blå og merka «Fram». Det er
fylkeskommunen som har tatt over drift og administrasjon av busselskapa. Dette
har nok ført til meir byråkrati, men også gjort det lettare å vere
busspassasjer, i følge Hallstein. Det blir satsa på kollektivtransport, og ein
håper i f.eks. Ålesund å auke transporten av bussreisende frå 6 % - 7 % i dag til 15 % i nær framtid. Ei
oversiktlig og grei framstilling frå Hallstein.
Så var det Kjetil Tandstad sin tur å fortelle litt frå eit
kapittel i boka «Proprietærene». Det kapittelet som Kjetil har forfatta i boka
er om Rønnebergslekta i Ålesund sin vekst og fall. Særlig tok han for seg
sjølve grunderen av Rønnebergdynastiet, Christoffer Rønneberg. Han kom frå
fattige kår på Jæren.t, men flytta nordover til Møre på 1750- talet, og gifta
med ei kone med både formue og penger. Dette ga han økonomisk fundament til å
satse på videreforedling og salg av klippfisk. Klippfisk er torsk tilsatt salt
i motsetning til tørrfisk som er uten salt. Kristoffer hadde lært å lage
klippfisk av skottene. Etter kvart som han tjente masse penger på dette salget,
sørga han for å kjøpe opp bygninger, garder og eiendommer. Han blei til slutt
Sunnmøre sin rikeste og mest formuende mann.
Christoffer var utan tvil ein svært dyktig, flink og
framsynt forretningsmann som gjekk meir etter penger og jordisk gods enn det å
vere fornem. Ein kan sei han var datida sin Røkke. Men ifølge forfatter Kjetil,
var han nok ein samansatt personlighet. Hadde
bl.a. eit heftig temperament og var ofte i tvistemål. Fleire gonger blei han
anklaga for slagsmål og for å ha skada folk. Så vidt referent forstår, kom han
seg ut av dei fleste tvistemål utan å bli dømt for noko.
Kristoffer var også ein menneskekjenner og flink til å
karakterisere folk. Dette fekk dei 3 sønene hans erfare, med kallenamn som var
svært treffande for deira personlighet.
Dei næraste etterkommerne utvikla dynastiet vidare, slik at
dette, i sine «velmaktsdager» eide store
deler av Ålesund og Sunnmøre. Eit utrykk som litt eldre folk kjenner igjen er: «Vi
før ikkje han Rønneberg med å sitte her». Altså var det på tide å ta fatt på
arbeidet igjen etter ein pause.
I dag er det nok lite og inkje igjen av Rønnebergdynastiet.
Mest kjente namnet er sjølsagt krigshelten Joakim Rønneberg, men så vidt referent forstår har
ikkje han hatt noko med den tradisjonelle forretningsdrifta å gjere.
Eit artig og interessant innslag av Kjetil Tandstad.
Velfortjent gåve frå president Steven.
Rotaryven og sokneprest Helge var blitt oppfordra til å sei
noko om jula. Han innleia med å fortelle at han kjenner godt ein kar ved namn
Rønneberg, nemleg Olav som er kateket i Skodje(?). Vidare fortel Helge at han denne
tida før jul ofte opplever eit dilemma. Han får i oppdrag å sei noko om jula,
men samstundes skal det, som i Rotary, vere religiøst nøytralt. Dette er
sjølsagt ikkje enkelt. Det er ikkje lett å kome bort frå at jula er ei kristen
høgtid der vi feirer at Gud blei menneske. Å ikkje kunne snakke om dette, gjer
at ein ikkje kjem inn til kjerna i jula, ifølge Helge.
Nesten fram før kvar jul dei siste åra har det vore
diskusjon i media om skuleelever skal delta på Julegudstjeneste. Særleg Human
Etisk Forbund meiner at gudstjenestene er forkynning, og dermed høyrer heime i
den private sfære, og ikkje er noko skulen
skal befatte seg med. Helge gjekk langt i å ha forståelse for dette synet. Han
vil likevel fortsette å halde skulegudstjeneste så lenge dette er eit ønske frå
skulen. Vidare fortel han at ved konfirmantførebuingar blir han oppfordra av
foreldra til å både forkynne og lære konfirmantene kristen lære og moral. Dette
er sjølsagt greit nok, men egentlig er det foreldra og fadre som har
hovedansvaret for dette.
I ei avslutning i eit bystyre blei det sunge «Deilig er
jorden». Dette blei for sterkt for 3 representanter frå eit politisk parti, som
dermed trakk seg ut av bystyresalen. Om 20 år, seier Helge, vil dette neppe
vere noko problem lenger. Då vil ingen kjenne denne sangen, dersom utviklinga
går slik som i dag.
Tankevekkende foredrag frå ein reflektert Helge.
Jula handler om tradisjon. På eit punkt blei det eit brot i
år. Tidlegare år er det blitt servert koldtbord med dessert og kaffi etterpå. I
år var det rømmegraut, supplert med litt spekemat. Til drikke var det saft og
kaffi med tvist.
Sjølsagt måtte Daniel, vår utvekslingsstudent få julegåve. Eit gåvekort på kr. 500, så vidt referent veit. Dessutan blei han oberservert med ei fiskestang etter møtet. Eg går ut frå at dette også er julegåve.
Når det gjaldt sang var det heller ikkje brot på
tradisjonene. Først blei Jakob Sande sin nydelige «Det lyser i stille grender»
sunge. Til slutt reiste alle seg og sang «Deilig er Jorden». Ingen gjekk under
synginga.
Til slutt stod det igjen for Steven å takke for frammøte og
ønske alle God Jul. Etterpå utveksla mange handtrykk og klemmer med ønske om
det samme.
Referent
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.