Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.


Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb 11.01.2017

Dette møtet blei arrangert litt annaleis enn ordinære møter. Møtet var eit så kalla ope møte som var behørig annonsert i Sykkylvsbladet. Klubben vår hadde nemlig fått besøk av sjølveste politimester Ingar Bøen. Han ville orientere oss om den nye Politireformen som no er i kjømda.

Men før politimesteren satte i gang med sitt foredrag, presenterte president Steven kvelden sine gjester. I tillegg til nemnte Ingar Bøen, var dette Torbjørn Støylen og utflytta sykkylving Edvard Oterstrøm. Han fortalte til referent at han no er så kalla «past» president i Jarlsberg Rotaryklubb i Tønsberg.


Politimester Ingar følte seg litt bunden av å stå på talerstolen, og valgte å stå på golvet, der han fekk utfolde seg meir fysisk. Han innleia med å fortelle at han har sine aner frå Sykkylven. Så vidt referent forstår, ættast han frå Bøgarden i Nakkegata, der Per Løvoll no bur.

Videre fortalte han at han er 3. generasjons politi. Bestefar blei politi i 1927, far i 1953 og han sjøl i 1980. I 2016 blei son til Ingar politi. Så var Ingar framme ved kveldens aktuelle problemstilling: I løpet av disse 90 år med «Bø – politi», har det nesten ikkje vore forandringer organisatorisk. Det blir dreve på same måte som då bestefar var politi. Ingar stilte då spørsmålet: "Når politiet ikkje har forandra seg, tenk kor mykje samfunnet har forandra seg". Han nemnte i fleng: Kommunikasjoner, både til lands til vanns og i lufta. Forbrytarar kan vere i Stavanger om morgenen og Trondheim om kvelden. Telekommunikasjon med data, internett osv har revolusjonert dagliglivet for oss alle. Vi har fått  mange nye landsmenn, nesten frå heile verda, med sin levemåte og kultur. I det heile står politiet over for heilt nye problemstillinger i dag enn for nokre generasjoner siden. Då stilte Ingar følgende retoriske spørsmål: «Når samfunnet har endra seg så dramatisk, og politiorganisasjonen ikkje har forandra seg i det heile: Er det då på tide at også politiet forandrer organisering og blir eit politi i takt med tida vi lever i»? Vidare spurte han forsamlinga: «Dersom du vil pusse opp badet heime, vil du då kontakte ein erfaren handtverker som kan dette faget, eller vil du kontakte ein som knapt har vore borti dette før». Dei fleste ville nok det første. Dette meiner han er overførbart til politiet. Ved den gamle organiseringa vil ein ikkje få nok kompetanse og store nok miljø til å ta seg av dei forskjellige nye utfordringene som vi i dag står over for. Tida er med andre ord, etter Ingar si meining, overmoden for ein Politireform.

Eit anna forhold som Ingar tok opp, er at dagens krav til HMS og arbeidstidsbestemmelser er heilt anna enn før. For dei gamle lensmennene var jobben meir eller mindre eit tilvære, medan politifolk i dag vil både ha fritid og eit sosialt liv utanom jobben. Dermed må organiseringa vere heilt annaleis enn før.

Det som har vore mest framme i media, er reduksjonen av antall lensmannskontor. I skrivende stund har Politidirektoratet gått inn for at  Møre og Romsdal skal redusere antalet frå 26 til 16. Smøla lensmannskontor blei «redda» i siste liten.   Så kan ein stille seg spørsmålet: «Vil reduksjon i antal lensmannskontor i vareta den tilgjengelighet vi som publikum gjerne vil ha»? Til det svarte Ingar at ein no ved den nye reformen, håper å kome seg ut frå kontora og ut til publikum. Altså vere meir ute på vegane enn før. På denne måten håper ein å omdisponere økonomiske midler frå husleige til der dei kan gjere meir nytte for seg. Som ein kort konklusjon: Politiet vil gå frå halvtomme lensmannslokale ut til publikum, og derved levere bedre lensmannsarbeid. I staden for at publikum kjem til politiet, blir det omvendt, politiet kjem til publikum.

Litt lokale hensyn meinte han det likevel bør vere. I vårt politidistrikt, Møre og Romsdal, er det 500 stillinger. Dette gir 1,26 politi pr. 1000 innbyggarar. Dette er det minste i landet. Når ein då tenker på topografien i distriktet med fjorder og fjell og derved vanskelige kommunikasjoner, er den lave bemanninga eit dilemma og eit problem.

Forslaget til Politidirektoratet har gode sjanser til å bli vedtatt i Stortinget. I dagens Storting er det 90 % av politikerne som er for reformen.

Som ei avrunding av foredraget, nemnte Ingar fire faktorer som blir viktige i den nye reformen: 1. Strukturen på den nye reforma. 2. Antal og beliggenhet på dei nye lensmannskontora. 3. Nye arbeidsverktøy med nye kommunikasjonsmiddel, f.eks. Iphone 7 og sist men ikkje minst 4. Forebygging av brotsverk der dette let seg gjere.

Etter Rotarykaffi var det tid for ein spørjerunde: To av spørsmåla synes referent var interessante: 1. «Er den nye reformen ein økonomisk reform meir enn ein organisatorisk reform»? Til dette svarte Ingar at sjølsagt er det først og fremst ein organisatorisk reform, men at ein ved å redusere antal lensmannskontor, sparer husleige og dermed kan omdisponere økonomiske midler til der dei trengs bedre.  Spørsmål nr 2 var: «Kva er største utfordringa for politiet i dag»? Etter Ingar si meining er dette rus, både narko, men ikkje minst alkohol. Han meiner at dersom ein fekk vekk rusmisbruk, kunne ein kanskje redusere all kriminalitet med minst 50 %.

Referent synes politimester Ingar heldt ein interessant og engasjerende foredrag der han «solgte» den nye reforma veldig godt. Referent vil legge til at han synes logikken for ein ny Politireform er innlysande. Så er det vel gjerne slik at alle er seg sjøl nærast når det gjeld kor lensmannskontora skal vere.

 

Referent

Jarle Svindseth

 



 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS