Referat frå møte i
Sykkylven Rotaryklubb 11.01.2017
Dette møtet blei arrangert litt annaleis enn ordinære møter.
Møtet var eit så kalla ope møte som var behørig annonsert i Sykkylvsbladet.
Klubben vår hadde nemlig fått besøk av sjølveste politimester Ingar Bøen. Han
ville orientere oss om den nye Politireformen som no er i kjømda.
Men før politimesteren satte i gang med sitt foredrag,
presenterte president Steven kvelden sine gjester. I tillegg til nemnte Ingar
Bøen, var dette Torbjørn Støylen og utflytta sykkylving Edvard Oterstrøm. Han
fortalte til referent at han no er så kalla «past» president i Jarlsberg
Rotaryklubb i Tønsberg.
Politimester Ingar følte seg litt bunden av å stå på
talerstolen, og valgte å stå på golvet, der han fekk utfolde seg meir fysisk. Han innleia med å fortelle at han har sine aner frå Sykkylven.
Så vidt referent forstår, ættast han frå Bøgarden i Nakkegata, der Per Løvoll
no bur.
Videre fortalte han at han er 3. generasjons politi.
Bestefar blei politi i 1927, far i 1953 og han sjøl i 1980. I 2016 blei son til
Ingar politi. Så var Ingar framme ved kveldens aktuelle problemstilling: I
løpet av disse 90 år med «Bø – politi», har det nesten ikkje vore forandringer
organisatorisk. Det blir dreve på same måte som då bestefar var
politi. Ingar stilte då spørsmålet: "Når politiet ikkje har forandra seg, tenk
kor mykje samfunnet har forandra seg". Han nemnte i fleng: Kommunikasjoner, både
til lands til vanns og i lufta. Forbrytarar kan vere i Stavanger om morgenen og
Trondheim om kvelden. Telekommunikasjon med data, internett osv har
revolusjonert dagliglivet for oss alle. Vi har fått mange nye landsmenn, nesten frå heile verda,
med sin levemåte og kultur. I det heile står politiet over for heilt nye
problemstillinger i dag enn for nokre generasjoner siden. Då stilte Ingar
følgende retoriske spørsmål: «Når samfunnet har endra seg så dramatisk, og
politiorganisasjonen ikkje har forandra seg i det heile: Er det då på tide at
også politiet forandrer organisering og blir eit politi i takt med tida vi
lever i»? Vidare spurte han forsamlinga: «Dersom du vil pusse opp badet heime,
vil du då kontakte ein erfaren handtverker som kan dette faget, eller vil du
kontakte ein som knapt har vore borti dette før». Dei fleste ville nok det
første. Dette meiner han er overførbart til politiet. Ved den gamle
organiseringa vil ein ikkje få nok kompetanse og store nok miljø til å ta seg
av dei forskjellige nye utfordringene som vi i dag står over for. Tida er med
andre ord, etter Ingar si meining, overmoden for ein Politireform.
Eit anna forhold som Ingar tok opp, er at dagens krav til
HMS og arbeidstidsbestemmelser er heilt anna enn før. For dei gamle lensmennene
var jobben meir eller mindre eit tilvære, medan politifolk i dag vil både ha
fritid og eit sosialt liv utanom jobben. Dermed må organiseringa vere
heilt annaleis enn før.
Det som har vore mest framme i media, er reduksjonen av antall lensmannskontor. I skrivende stund har Politidirektoratet gått inn for at Møre og Romsdal skal redusere antalet frå 26
til 16. Smøla lensmannskontor blei «redda» i siste liten. Så kan ein stille seg spørsmålet: «Vil
reduksjon i antal lensmannskontor i vareta den tilgjengelighet vi som publikum
gjerne vil ha»? Til det svarte Ingar at ein no ved den nye reformen, håper å kome
seg ut frå kontora og ut til publikum. Altså vere meir ute på vegane enn før.
På denne måten håper ein å omdisponere økonomiske midler frå husleige til der
dei kan gjere meir nytte for seg. Som ein kort konklusjon: Politiet vil gå frå
halvtomme lensmannslokale ut til publikum, og derved levere bedre
lensmannsarbeid. I staden for at publikum kjem til politiet, blir det omvendt,
politiet kjem til publikum.
Litt lokale hensyn meinte han det likevel bør vere. I vårt
politidistrikt, Møre og Romsdal, er det 500 stillinger. Dette gir 1,26 politi
pr. 1000 innbyggarar. Dette er det minste i landet. Når ein då tenker på topografien
i distriktet med fjorder og fjell og derved vanskelige kommunikasjoner, er den lave
bemanninga eit dilemma og eit problem.
Forslaget til Politidirektoratet har gode sjanser til å bli
vedtatt i Stortinget. I dagens Storting er det 90 % av politikerne som er for
reformen.
Som ei avrunding av foredraget, nemnte Ingar fire faktorer
som blir viktige i den nye reformen: 1. Strukturen på den nye reforma. 2. Antal
og beliggenhet på dei nye lensmannskontora. 3. Nye arbeidsverktøy med nye
kommunikasjonsmiddel, f.eks. Iphone 7 og sist men ikkje minst 4. Forebygging av
brotsverk der dette let seg gjere.
Etter Rotarykaffi var det tid for ein spørjerunde: To av
spørsmåla synes referent var interessante: 1. «Er den nye reformen ein
økonomisk reform meir enn ein organisatorisk reform»? Til dette svarte Ingar at
sjølsagt er det først og fremst ein organisatorisk reform, men at ein ved å
redusere antal lensmannskontor, sparer husleige og dermed kan omdisponere
økonomiske midler til der dei trengs bedre. Spørsmål nr 2 var: «Kva er største utfordringa
for politiet i dag»? Etter Ingar si meining er dette rus, både narko, men ikkje
minst alkohol. Han meiner at dersom ein fekk vekk rusmisbruk, kunne ein kanskje
redusere all kriminalitet med minst 50 %.
Referent synes politimester Ingar heldt ein interessant og
engasjerende foredrag der han «solgte» den nye reforma veldig godt. Referent
vil legge til at han synes logikken for ein ny Politireform er innlysande. Så er
det vel gjerne slik at alle er seg sjøl nærast når det gjeld kor
lensmannskontora skal vere.
Referent
Jarle Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.