Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Referat frå Rotarymøte i Sykkylven Rotaryklubb 01.02.2017:

 President Steven ønska alle vel møtt og spesielt til kvelden sin foredragshaldar Arne Hanssen. Arne ville fortelle oss om den planlagte Designvegen. Stor applaus!

Så nemnte Steven noko av det som hadde skjedd denne datoen: Mellom anna at Trygve Lie blei i 1946 utnemnt til FN sin første Generalsekretær, og at Henry Rinnan blei henretta denne datoen i 1947. Til noko hyggeligere i 1962: Første tog ankom Bodø og Nordlandsbanen blei derved fullført.

Trubadur Olav hadde som vanlig funne ein song som matcha dagens tema: «Kjenn ditt land» av O. Strøm. Olav hadde fått skifta ein streng på gitaren sin, stemt den opp, og både sang og gitarspill lydde flott.

Sekretær Knut Henning var tilbake etter to gangers møtepause, og meddelte at Oddbjørn Ramstad og Asbjørn Riksheim står for tur til BUAS-besøk. Frammøte både 18. januar og 25. januar var på 62 %.

Geir Løseth heldt 3- minuttforedrag: Han tok for seg eit svært så aktuelt tema, nemlig korleis få opp folketallet i Sykkylven. Siste åra har dette stagnert. Geir sin ambisjon er 15 nye par som etablerer seg i Sykkylven årlig. Dette vil gi som effekt at det kanskje blir bygd 10 nye boliger. Så nemnte han eit par fordeler som bygda vår har: sentral beliggenhet og flott natur. Kva kan vi så gjere? Geir foreslo følgende: Etablere arbeidsplasser, gjerne kompetansearbeidsplasser.  Legge til rette for boligbygging sentrumsnært. Barnehage og skule må også ligge sentralt. Det må bli lag til rette for fritidsaktiviteter og kultur. Vi må også vere oss bevisst at vi ligg nært Ålesund med det tilbud byen kan gi. Til sist men ikkje minst nemnte han Fjellsæter,  og dei muligheter det er for sport og hytteliv her.

President Steven fortalte at  to veteraner i klubben vår, Erling og Bjarne avslutta sitt medlemskap på grunn av skrantene helse og høg alder. Vi er no 45 medlemmer i Sykkylven Rotaryklubb.

Elles refererte han litt frå Styremøtet 25. jan. Bl.a. at Rotaryturen er planlagt til 21. mai, og at den mest sannsynlig vil gå til indre Sunnmøre.


Etter Rotarykaffi var det Arne Hanssen sin tur til å fortelle oss om den planlagte Designvegen. Arne meiner at denne kan bidra til ei ny næring i Sykkylven. 8 mennesker har danna ei gruppe som skal klekke ut ideer og planlegge denne. Designvegen er planlagt annaleis enn mange andre turisttilbud. Ein vil fokusere på eksisterende design langs vegen frå ferjekaia i Sykkylven, via Stranda til Stryn. I Sykkylven vil ein fokuserer på det vi kan godt, nemleg møbeldesign. Det blir følgende 3 hovedattraksjoner:  Møbelmuseet – L.K. Hjelle – Cylindra.   Stranda vil fokusere på mat og Stryn på klær.

Målet er å bli uavhengig av offentlig støtte, men i ei oppstartsfase er likevel dette ønskelig.

Ålesund har stor erfaring i turisme, og ein vil dra nytte av erfaringer og samarbeid her. Det same gjeld også Nordfjord.

Det vil ikkje bli produsert ei einaste papirbrosjyre. Det er planlagt  ei digital plattform som vil gi info om opplevinger langs Fylkesvei 60. Målgruppe er i første omgang individuelle besøk, men sjølsagt håper ein at dette seinere kan bli utvida til reisende i grupper.

Kva kan hindre oss i å nå målsetninga med Designvegen?: Oss sjølve, meiner Arne. Manglende samarbeid, tilslutning og finansiering kan velte planen.

Etter kvart håper ein å ansette ein daglig leiar. For å få til dette må ein samle inn ca. 900 000 kr. årlig. Vedkomende kan gjerne komme frå ei anna kommune/by enn Sykkylven.

Til slutt fortalte Arne at 25 verksemder i Sykkylven er blitt tilbudt å slutte seg til som potensiell besøksstad. 24 har sagt ja til dette for kr. 6000,- i året.

Arne avslutta med å sei at målsetninga ikkje er noko mindre enn at Designvegen etter kvart skal bli klassifisert som nasjonal turistveg.

Ei entusiastisk og flott presentasjon av Arne.

Han håpa at det ville komme mange spørsmål frå rotarianarane, og der fikk han sitt ønske oppfylt. Mange engasjerte og skarpsindige spørsmål, som Arne svarte på så godt han kunne.

På overtid overrakte president Steven han ein velfortjent oppmerksomhet og ønska han all mulig hell og lykke med Designvegen.

Presidenten minte om neste møte som er Presidenten sin time og ønska alle  vel heim.    

 

Referent Jarle Svindseth



 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS