Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Referat frå Rotarymøte i SRK 08.03.2017:

President Steven ønska vel møtt til Rotarymøte på sjølve kvinnedagen 8. mars. Denne blei offisielt erklært som internasjonal kvinnedag av FN i 1975. I tillegg til kvinnedag, nemnte Steven nokre andre hendinger denne datoen: I 1872 blei IOGT i Norge stifta. I 1918 blei dei første tilfelle av spanskesyke oppdaga. I 1950 avfyrte Sovjet sin første atombombe. Sport: I 1971 beseira Joe Frasier sjølvaste Muhammed Ali i den første av 3 legendariske boksekamper. Dagbladet kom i 1995 som første avis i Norge ut med nettutgave.

Som Rotarysang hadde trubadur Olav valgt ein rettelig vintersong: «D;er kvitt og fritt og blankt». Forfatter er Sturla Brørs (neppe langrennsløperen). Denne vinteren har vel vore slik at sangen ikkje har passa heilt. Med Olav sitt flotte gitarspel lydde sangen riktig fint og friskt.

Sekretær Knut Henning forkynte at det er Ingjerd og Jan Kåre sin tur til BUAS- besøk. Så var det 3 bursdager: Knut Henning sjøl blir 44 år. Karl Ramstad blir 30 år eldre, altså 74 år 14. mars. Og til sist, men ikkje minst, blir vår nye rotarymedlem, Sindre Stuen 40 år i morgen, 9. mars. Sjølsagt måtte vi synge bursdagssang til jubilanten.

Frammøte under Presidenten sin time forrige gang var overraskende bra: 29 frammøtte og habile 73 % frammøtte.

3- minutt var denne gong ved Olav Utgård. I møbelindustrien i Sykkylven har det i alle år vore noko som blir kalla vårknipa. Då har det gjerne vore lite å gjere, og ikkje sjelden har fabrikkane måtte ty til permisjoner. For å prøve å kome dette i forkjøpet, har ein ved Formfin Møbler lansert eit   nytt konsept, møbler som følger kunden ut av stua. Ein satser på sofamøblement til utebruk. Matriale er aluminium, stål og plast som tåler vær og vind. Kvaliteten elles er slik at møblene må kunne stå ute over vinteren. Ein samarbeider med Hageland, ein kjede som Olav vurderer som seriøs og grei å samarbeide med. I morgon, 9. mars blir det presselansering. Vi ønsker Olav og Formfin lykke til og håper ein med dette unngår vårknipa.

Etter Rotarykaffien var det vårt nye medlem, Steinar Klokk sin tur til å halde sitt ego/yrkesforedrag. Ved hjelp av prosjektor tok Steinar oss med på ein vandring i livet sitt, og kva som har gjort at han er blitt den han er.


Steinar innleia med å fortelle at han er fødd 7. mai 1968, og foreldra er Bjørg og Øyvind Klokk. Mor Bjørg er frå Bremanger, medan far Øyvind var frå Ramstaddal. Dessverre døydde far i 1981. Steinar hadde og ei multihandicappa søster, Ann Helen, som døydde i 1986.

Steinar gifta seg med Janne, og dei har saman datter Helene, fødd 4. juni 1996. Han har også to for lengst vaksne «bonusbarn», Veronica og Mads.

I samband med at mor Bjørg er frå Bremanger, fortalte Steinar, at dersom han, saman Janne, vil slappe av og finne roa, er Berle på øya Bremangerlandet, deira lille oase.

Så gjekk  Steinar kronologisk gjennom milepæler i sitt liv. Som nemnt født i 1968. Begynte på Ullavik skule i 1975. Blei speider i 1977. Dreiv elles på med fotball. Far døydde i 1981. Dreg likevel på skuletur til Runde same dag. Sommerjobb ved Møre Trafo som ein av dei yngste nokon sinne. Deltok også same å på speiderlandsleir i Åsnes med 18000 deltakarere. Mor starta hjelpepleierutdanning i Volda og besta må trå til og hjelpe.

Skule- og utdanning: Gjekk Almen ved Sykkylven Videregående. Hadde så planer om å bli kaptein i sjøfart, men dette skulle det ikkje bli noko av. Etter militærtjeneste og sommerjobb ved Jarnes Barnehage, kom han som einaste sunnmøring inn som student ved Eik føreskuleutdanning i Tønsberg. Siste året var han studentrådleder, og fikk æra av å halde opningstale då 3. skuleår skulle innleiast. Tilbake i Sykkylven, jobba han i flere barnehager. Ei tid hadde han også jobb ved skulekontoret. Dette karakteriserer han som ein kjekk periode.

Når det gjaldt fritidsaktiviteter, heldt han på med fotball fram til 2010. Men det er innen speiderrørsla Steinar er mest kjent. Han har etter kvart avansert  i gradene og har hatt og har verv både regionalt og innenfor landsstyret i Speiderforbundet SST.

Siste åra har Steinar vore styrer ved Vikedalen Barnehage. Han fortalte at 2. juledag 2006 tok det til å brenne i denne barnehagen. Tilslutt var den totalt nedbrent. Då var gode råd dyre. Men ved hjelp av ein fantastisk innsats frå barnehagepersonalet, fekk dei tatt i bruk Speiderhytta til ny barnehage var bygd opp att. Sjøl om det er synd at arbeidsplassen brenn ned, seier Steinar at dette var ei oppleving han ikkje ville ha vore foruten.

2016 var eit bra år. Då fekk han Rotary si utmerking Paul Harris for sin innsats for speiderne i Sykkylven. Sykkylven Rotaryklubb fekk også gleda av å ta i mot han som nytt medlem. Same året fekk Vikedalen Barnehage IA- utmerking som beste barnehage i Møre og Romsdal. Som tidlegere nemnt blei han valgt inn i Landsstyret til Speiderforbundet.

Dette er noko av det Steinar meiner har forma han til den personen han er: trygg, inspirert, utradisjonell og lyst til å lære meir.  

Eit flott ego/yrkesforedrag av Steinar. Sjølsagt måtte han svare på spørsmål etter foredraget, slik at vi gjekk 10 minutt over tida.

Så takka presidenten,  Steinar, for det flotte foredraget, minte om neste onsdag sitt møte ved Torunn Kjemphol sitt galleri 2K, og ønska til slutt alle vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth



 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS