Referat frå møte i
Sykkylven Rotaryklubb 5. april 2017:
I presidenten sitt fråver, leia visepresident Bastian dette
Rotarymøtet, 5. april.
Som vanlig tok han for seg nokre hendinger denne datoen:
Irene, Erin og Eirill har namnedag. I 1955 trekker Winston Churchill seg frå
statsministerjobben på grunn av sviktende helse. I år 2000 kolliderte 2 godstog
i Lillestrøm, og pga. faren for gasslekkasje, blei 2000 mennesker evakuert. Til
slutt fortalte han at i 2004 skjedde Nokasranet i tellesentralen til Norsk
Kontantservice i Stavanger.
For å muntre oss opp, hadde trubadur Olav funne ein
oppmuntrende sang: «Er du trist, er
dagen tung og lang». Så sang vi alt vi kunne gjere for å muntre opp dagen.
Tekst av Eivind Bjørnar Hetlevik. Melodi av sjølveste Irving Berlin.
Sekretær Knut Henning var tilbake i «jobben» og kunne
berette at det er Kristin Grebstad og Kjell Heggdal sin tur til BUAS- besøk.
Visepresident Bastian har bursdag 13. april. I skrivende stund veit ikkje
referent frammøteprosenten frå dei to foregående møta, men vil kontakte
sekretær for oppdatering.
Visepresident Bastian måtte rokere litt på programmet, då
Helge hadde gløymt at han hadde 3 minutt. Bastian tok kontakt og Helge lova å
komme så snart som råd.
I mellomtida fortalte visepresident Bastian at han hadde
vore på såkalla PETS på Dombås. Han spurte forsamlinga kva denne forkortinga
stod for. Bastian måtte til slutt fortelle at det står for President Elected Training
Seminar. Det blir nok ikkje einaste
forkortinga Bastian får å kjempe med i si tid som president.
Bastian tok så for seg planene for det komande Rotaryåret
2016/2017. Planene er i regi av Distrikt 2305 og innkommende guvenør, DGE Victor Sandvoll. Desse planene er mykje godt samanfallende med dei Rotary
International har:
-
Styrke og støtta klubbene.
-
Øke medlemstallet i klubbene.
-
Fokusere på den humanitære innsatsen.
-
Bedre Rotary sitt omdømme blant folk flest.
RI sin strategiske plan for 2016 – 2019 er også mykje godt dei samme: Auke Rotary sitt omdømme og
antall medlemmer. Få med fleire yngre (yngre enn 40 år). Og få i gang prosjekt
både nasjonalt og internasjonalt.
Klubbene blir oppfordra til å utarbeide strategiske planer
framover med utgangspunkt i RI sin strategiske plan. Guvenøren foreslo 4
planer: Auke medlemstallet i klubbene, særleg blant unge. Nå 10 mål i Club
Central. Samarbeide med andre klubber. Til sist presentere oss via heimesider,
media osv.
Innkommende guvenør er som nemnt Victor Sandvoll.
Verdenspresident 2017/2018 blir Ian H.S. Riseley. Mottoet hans er: «Rotary: making
a difference». Altså referent si oversetting til norsk: «Rotary vil utgjere ein
forskjell».
Sjå PowerPoint frå PETS 2017 her:
Så var det Rotarykaffi og vinlotteri. I mellomtida hadde
Helge innfunne seg. Etter kaffiykta fekk han ordet. Han beklaga at han hadde
gløymt 3- minuttet. I går hadde han blitt tilbud å dra på fotballkamp, men sa
frå seg dette då han hadde tatt på seg å halde 3- minutt i Rotary. Derfor følte
Helge at det var rart han skulle gløyme
dette. Men no var han i allefall på plass, og han tok for seg sin eigen
situasjon etter han hadde trukke seg frå sitt presteembede på grunn av
innføring av kjønnsnøytral vigselsliturgi i den Norske Kyrkje.
Helge fortalte at han hadde vore prest i 35 år, dei 7 siste
åra i Sykkylven. Han fortalte om gode år her. Det låg vel i tida at ny liturgi
for vigsel var på gang.. På Kirkemøtet i Trondheim i januar blei dette endelig
vedtatt. Han følte at det heile hadde vore ein krevende prosess med eit trist
resultat til slutt. Helge meiner den nye
Ekteskapslova strid mot Jesu sitt ord om ekteskapet mellom mann og kvinne. Dessuten
bryt den med ein 2000 år tradisjon i den universelle kyrkje. Dette føler han ikkje er greit, og valgte
derfor å trekke seg som prest i den Norske Kirke.
Han tenkte at dette skulle gå stilt og rolig for seg, men
der tok han feil. Avgjerda vakte stor oppmerksomhet i media. Videre kom det til
svært kritiske kommentarer på sosiale medier som Facebook og Twitter. Planen
til Helge var å fullføre konfirmantundervisninga til mai, men då det hadde
spredd seg rykte om uro i konfirmantflokken pga. kritikken mot Helge i sosiale
media, valgte han å takke for seg før enn planlagt. 1. påskedag vil han holde
Avskjedsgudstjeneste i Sykkylven Kyrkje. Helge understreka veldig sterkt at han
har eit aldeles utmerket og ukomplisert forhold til, og samarbeid med, kollega
Erlend Lunde. Trass i at Erlend har eit anna syn på den nye Ekteskapslova. Til
slutt understreka Helge igjen at han ikkje ville sette i gang nokon som helst
aksjon eller markering av sitt standpunkt.
Så fekk vi andre rotarianar stille spørsmål som Helge svarte
til dels svært utfyllende på.
Litt på overtid, takka visepresident Bastian for oppmøte,
minte om neste Rotarymøte 19 april og ønska alle ei god påske.
Refrent
Jarle Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.