Presidenten sin time 3. mai 2017:

Les referat frå Presidenten sin time 3. mai. Sjå også bilder av Daniel då han deltok i Konradløpet 1. mai. og bilde frå Rus(s)fritt arrangement og Styreseminar i Ålesund.


Rotary-møte 3. mai 2017: («Presidenten sin time»):

President Steven ønska vel møtt til dette Rotary-møte som også var presidenten sin time.

Som vanlig tok han for seg noko av det som har hendt denne datoen opp i gjennom historia:

I 1857 blei Norsk Vitenskapsakademi stifta. I 1928 stifta Roald Amundsen Norsk Aeroklubb. Melodi Grand Prix blei arrangert i Bergen i 1986. 3 mai er Polen sin nasjonaldag og FN sin "Internasjonale dag for Pressefridom".

Trubadur Olav hadde som vanlig funne ein matchene Rotary-sang: «Kom mai du skjønne milde». Melodi av sjølveste Mozart og tekst av D. Jæger. Olav hadde denne gang skifta ut gitaren med pianoet.

Same Olav hadde også møtt May Brit Tynes på gata i sentrum her i Sykkylven. May Brit ville gjerne takke Sykkylven Rotaryklubb for økonomiske støtte til «Prosjekt Filippinene». Dette fikk ho høve til ved at ho las si helsing inn i Olav sin Iphone. Ved hjelp av ein digital høgtaler, fikk vi høyre helsinga på møtet vårt. Ho passa på å understreke at ho gjerne ville kome å besøke oss når det passa oss.

President Steven heldt sjøl 3- minutt. Han fortalte og viste bilde frå ein tur han og kona gjorde til fjellheimen i Norangsdalen. Dette skjedde søndag 30. april. Turen tok utgangspunkt frå Villa Norangsdal der Iris Fivelstad er leier. Derifrå gjekk dei på ski til fjellet Bleiå 1420 m.o.h. Veret var praktfullt med sol frå skyfri himmel. Frå toppen var det praktfull utsikt utover fjor og fjellheim. Bl.a. såg dei ned til Urke og Hjørundfjord, og til fjella Jakta, Slogen, Kvitegga og Høndalsrokken.  Då dei kom tilbake til Vertshuset, møtte dei Iris Fivelstad, og Anne Grete fekk lov til å bilder av dei ærverdige og flotte romma. Konklusjonen til Steven var at det hadde vore ein fantastisk fin tur.

Så var det Rotarykaffi og Vinlotteri.

Presidenten gjorde det så lett for referent. Resten av møtet var det kaffe, kaker og sosialt prat. Referent hadde ein hyggelig passiar med Sindre og Petter.

Til slutt takka Steven for oppmøtet og minte om at det er forandring i programmet neste veke. Ronny Utgård var opptatt med fotballturnering. I staden har vi fått sjølveste Frank Sve som vil snakke om Regional Utvikling. Så ønska presidenten alle vel heim.

 Sjå bilder av Daniel der han deltok i Konradløpet 1. mai:

Bilder under: Frå Styreseminar, Rus(s)fritt arrangement og PETS:




Referent

Jarle Svindseth

  

 


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS