Referat frå Rotarymøte 28. juni 2017:
Denne dagen var det siste møtet Steven leia som President. Han innleia som vanlig med å rapportere litt av det som hadde hendt denne datoen opp igjennom historia:
I 1938 blei Folkemuseet på Bygdøy opna. Brasil vant VM i fotball i Sverige 1958. Ein 17- åring ved namn Pele gjorde seg positivt bemerka. I 1974 blei ny Odelsolov vedteke, og jenter og guter har lik rett til odel. Tilslutt nevnte Steven, at i 2001 blei tidligere statsminister i Jugoslavia Miroslav Milosevic blei arrestert og stilt for den Internasjonale Domstolen i Haag. Han døde i 2006.
Som Rotarysong, og i trubadur Olav sitt fraver, hadde Steven valgt ut «Heimbygda» av Henrik Straumsheim.
Og i sekretær Knut Hennig sitt fråver, forkynte han videre at det er Greta og Rolf sin tur til BUAS- besøk.
Ved Hundeidvik Arena 21. juni var det 16 frammøte. Med permisjoner og fritak ga dette 43 % .
Før kaffen refererte Steven frå SRK sitt styremøte 21. juni.
Etter Rotarykaffien var det klart for den årlige seremonien ved Presidentskifte. Avtroppende president Steven innleia med å fortelle at presidentåret hadde gått veldig fort og hadde vore både interessant og lærerikt. Når han følte det røynte på, hadde han hatt god støtte i leier i Programkomiteen, Greta Herje. Steven delte ut velfortjente blomster både til Greta og til Ingjerd for vel utført jobb som programkomiteleier, og for Ingjerd sin del, som omsorgsfull støttekontakt for utvekslingsstudent Daniel.
Så kom det høgtidelige øyeblikk då Steven overgav presidentkjedet til Bastian. Den nye president Bastian takka for dette og samstundes nytta han høvet til å overrekke Steven blomster for vel utført presidentarbeid.
President Bastian lovde å utføre sitt verv så godt han kunne og han proklamerte at han kom til å vere streng med å avslutte møta presis.
Han forkynte til slutt at neste gang, 5. juli blri det Presidenten sin time med bl.a. vinlotteri. Kasserer John Henrik vil gå igjennom budsjett for nesteperiode. Dessuten at komiteene vil komme sammen og legge strategi for det nye året.
Referent gratulerer Bastian med presidentvervet og ønsker lykke til i Rotaryåret 2017/2018.
Referent
Jarle Svindseth
Bilde under: Steven overekker presidentkjede til Bastian:
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.