Presidenten sin time 9. august

Les referat frå første presidenten sin time etter fellesferien.

Referat frå Rotarymøte 9. august 2017:

Så var det klart for første Rotary-møte etter sommerferien. Vår nybakte president Bastian ønska vel møtt og tok for seg noko av det som har hendt denne datoen opp i gjennom historia:

Ronald og Ronny har namnedag.

Denne datoen er FN sin urfolkdag og det er samisk flaggdag.

Det er ikkje berre i vår tid det er katastrofer i Syria. I 1138 blei Aleppo ramma av eit stort jordskjelv og 230000 menneske omkom.

Endå ei katastrofe, denne menneskeskapt: Atombomba «Fat Man» blei slept over Nagasaki i Japan.  80000 menneske blei drept og 60000 skada.

I 1974 gjekk president i USA, Richard Nixon av og Gerald Ford tok over som president. Han er den einaste presidenten som ikkje er innsett ved valg.

Tilslutt minte han om at det går eit lite idrettsstemne, a la Dimnaleikene, i London. Ein viss kar frå Dimna skulle springe 400 hekk. Då visste vi ikkje resultatet, men det gjer vi no. Referent treng vel ikkje å skrive noko meir om det.

President Bastian beklaga at han hadde gløymt Rotarysongen ved forrige Rotarymøte. Vi skal forsøke å tilgi han. Til gjengjeld hadde Olav ein flott Rotarysong som gjekk på tonen av «Jag tror, jag tror på sommeren». Ved referent sitt bord, var vi litt forvirra, fordi teksten vi hadde fått utlevert, ikkje stemte  med det Olav sang.  Olav sang og spelte så flott, at det gjorde ingen ting.

Sekretær Knut Henning hadde trassa ein travel kvardag og forkynte frå talerstolen at forrige oppmøte var på 43 %. Det er Olav Utgård og Jarle som står for tur til BUAS- besøk.

3- minutt var ved Hallstein. For å nå ut til flest mulig, har Info- gruppa med Hallstein i spissen, oppretta ei Facebookside. Dette er ei åpen side som gjerne appellerer til vår aldersgruppe. Spjelkavik Rotaryklubb har hatt ei slik side i fleire år, og med god suksess. Hallstein gjekk kjapt igjennom korleis ein tek seg fram på sida vår, og han oppmoda oss alle til å spre det «glade budskap» om Rotary.

Info- gruppa består av Hallstein, Nils Arve, Olav P og Jarle. Vi møttes «5 minutt» etter møtet der Hallstein viste oss med redaktøransvar korleis vi kunne redigere  sida.

Etter Rotarykaffi og vinlotteri, refererte President Bastian frå Guvenørbrev 1. Det er no Wictor Sandvold som er guvernør for D2305. Eit av hovedmåla er å jobbe for medlemsutvikling og rekruttering.

Videre gjekk Bastian gjennom aktivitetsplanen for første halvdel av Rotaryåret. Resten av august er fyllt med program. Han minte elles om at det blir arrangert Distriktskonferanse på Øyer 22 – 24 september. 11. oktober får vi besøk av guvenøren. Denne gang er det vår tur å arrangere dette Guvenørbesøk, i samarbeid med Stranda. Lokale blei antyda Berlihuset, men dette er ikkje heilt bestemt, så vidt referent forstår. 22. okt. blir Verdas Poliodag markert med turmarsj til Fagrefjellet. Første møtet i desember er det Presidenten sin time, og då det også Årsmøte med valg av President Trainee. (President for 2019/2020).

Tilslutt var det idemyldring angående tips til program for det komande Rotaryår. Ved referent sitt bord skreiv vi ned 7 forslag. Trur programkomiteen fikk inn mange gode forslag.

Til slutt takka president Bastian for oppmøtet og minte om at neste onsdag møtes vi på den nye brannstasjonen.

Så ønska han alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth


 
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS