Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober:

Referat frå Rotarymøte 04.10.2017:

Denne gangen var det Presidenten sin time med Vinlotteri. President Bastian ønska vel møtt og opplyste at denne datoen var det Frank og Frans som hadde navnedag.

Frans av Assisi døydde i 1226, denne datoen.

Bilderesultat for frans av assisi

Den nederlanske maleren Rembrandt døde i 1669.

Bilderesultat for rembrant

I 1824 blei Mexico republikk.

  • Bilderesultat for mexico

Og til vår nære fortid: I 1993 lykkes det for Boris Jeltsin i Russland å avverge eit kuppforsøk i Moskva.

Борис Николаевич Ельцин.jpg

 

Trubadur Olav hadde funne fram Aasmund Olavsson Vinje sin «Alt far min kunne gjere.» Sjøl spelte han piano til.

Bilderesultat for aasmund olavsson vinjeBilderesultat for aasmund olavsson vinje

I sekretær Knut Henning sitt fråver, opplyste Bastian at det er Knut Henning sin tur til BUAS- besøk. Kjell Heggdal meldte seg frivillig til å vere den andre besøkende.

Elles hadde ikkje presidenten oversikt over oppmøte forrige gang.

3- minutt var denne gang ved Arvid Nordstrand: Han fortalte at i 2010 fekk han telefon om han kunne vere verge for ein 43- år gammal mann. Mannen sine foreldre var gått bort, og no levde vedkommende aleine.

Å ta på seg å verge-jobben,  vurderte Arvid det til å vere i god Rotaryånd. Dermed sa Arvid ja.

Mannen hadde jobb på dagtid, men på fritida var han lite aktiv. Resultatet av dette var betydelig overvekt. Av helsemessige grunner var det viktig å få til meir aktivitet. Arvid kontakta Fylkesmannen i 2013 for å få lagt ein plan for aktivitet. Kommunelegen tende også på denne ideen, og det blei laga ein aktivitetsplan.

Denne blei iverksatt med stor suksess, med omlegging av kosthald og mykje meir fysisk aktivitet. Mannen har gått masse ned i vekt. Dei har hatt opphold ved Reumasol i Spania. Her blei det trent masse balanse og gått masse tur.

I år, då mannen fylte 50 år, reiste han sammen med Arvid til Alicante. Dei reiste til Albir og gjekk masse i fjella her. Turen var på alle måter vellykka.

Ei gjerning og eit 3- minutt i virkelig Rotaryånd.

 

Så var det Rotarykaffi. Referent har ikkje fått med seg navnet til den dyktige serveringshjelpa vår. Navnet hans er Erik Nguyen Solheim. Vi får håpe vi får behalde han lenge.

President Bastian minte om Guvenørbesøket neste onsdag, 11. oktober og oppmoda flest mulig til å melde seg på. Påmeldingskjema blei sent rundt denne gangen også.

Så var det tid for President Bastian sin første quiz. Spørsmåla var ei blanding av sentrale Rotaryspørsmål og litt geografi frå Møre og Romsdal. Referent var heldig å sitte sammen med fleire ferske presidenter, så vi hadde rimelig kontroll over Rotaryspørsmåla. Derimot, geografien i fylket vårt, må referent innrømme han hadde lite kontroll på. Til slutt blei det gjort ei oppsummering av svara og siden referent er beskjeden av natur, vil han ikkje opplyse om kva for  bord som fikk høgast poengsum.

Bastian har sent over både spørsmål og svar slik at vi kan oppsummere quizen. (sjå under !)

Til slutt blei det gjort trekning av Vinlotteriet. Så vidt referent kunne sjå, var det vår gjest som vann eine vinflaska.

Så avslutta Bastian og minte om at vi møtes ved Verkstaden Bistro neste onsdag, styret kl. 17 og alle kl 19.

 

Referent

Jarle Svindseth

 

Sykkylven Rotaryklubb

Spørrekonkurranse onsdag 4. oktober 2017

 

  1. Når vart Rotary starta (årstal ) ?
  2. I kva for by vart Rotary  starta ?
  3. Kva heitte stiftaren av Rotary ?
  4. Korleis lyder Rotary sitt motto ?
  5. Kor mange medlemer er det i Rotary totalt i verda ( næraste 100.000 ) ?
  6. Kor mange R. klubbar er det i verda ( nærmaste 1000 ) ?
  7. Kva heiter årets ( 2017-2018 )  RI-president og kva er årets Rotary-tema ?
  8. Kva er nr på vårt Rotary-distrikt ?
  9. Kor mange Rotary-klubbar er med i vårt distrikt ?
  10. Kva heiter vår DG ( Distrikts-Guvernør ) ?
  11. Kva blir rekna for Rotary sine 4 ( 5 ) hovudveger ?
  12. Kva blir rekna for Rotary sine 6 fokusområde ?
  13. Korleis lyder første spørsmål i Rotary sin 4-vegs test ?
  14. Kva er RYLA og kven er det for ?
  15. Kva symboliserer Rotary-hjulet ?
  16. Kva heiter Sykkylvens nest høgste fjell og kor høgt er det ?
  17. Kva heiter Møre og Romsdal sitt høgste fjell og kor høgt ?
  18. Kva heiter største innsjøen i Sykkylven og kor stor flatevidde  har den
  19. Største innsjøen i Møre og Romsdal og flatevidde
  20. Kor stor andel i prosent av Norges landareal er dyrka ?
  21. Kor lang er Norges kyststripe  ( rekna i 1000 km ) ?
  22. Kva er tørrstoffprosenten i agurk ?
  23. Kva er den største staten i USA ?
  24. Kva er det minste landet i verda ?
  25. Kvar i verda regner det mest årleg, og kor mykje i mm ?

 

 

Fasit:                                                                                                                        Antal poeng

1.      1905                                                                                                                               1

2.      Chicago                                                                                                              1

3.      Paul Harris                                                                                                                     1

4.      Service Above Self                                                                                                        1

5.      1.2 mill                                                                                                               1

6.      33.000                                                                                                                            1

7.      Ian Riseley   Making A Differnce – Rotary gjer ein forskjell                            2

8.      D 2305                                                                                                               1

9.      51                                                                                                                       1

10.  Wictor Sandvold                                                                                                1

11.  Klubbteneste, Yrkesteneste, Samfunnsteneste, Internasjonal teneste og Ungdomsteneste                                                                                              5

12.  Fredsbygging og konfliktforebygging, Sjukdomsforebygging og behandling  6

Reint vatn og sanitærforhold, Mødre og barnehelse, Grunnutdanning og leseferdigheit

Lokal økonomi og samfunnsutvikling

13.  Er det sannheita ?                                                                                               1

14.  Rotary Youth Leadership Award, leiarutdanning for ungdom 20-30 år                       2

15.  Rotaryhjulet symboliserer arbeid, ikkje kvile                                                     1

16.  Brekketindane 1559m                                                                                        2

17.  Pyttegga på 1999m                                                                                                        2

18.  Nysætervatnet 2,32 km 2                                                                                   2

19.  Aursjøen på 36,38 km 2                                                                                     2

20.  3%                                                                                                                      1

21.  103.000 km                                                                                                                    1

22.  4%                                                                                                                      1

23.  Alaska                                                                                                                            1

24.  Vatikanstaten                                                                                                                 1

25.  Hawaii og 11400 mm                                                                                                     2

Totalpoeng                 41                                                                   




 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS