Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg

Referat frå Rotarymøte 6. desember 2017:

President Bastian ønska alle vel møtt til dette Rotarymøte, 6. desember, og spesielt til  kvelden sin foredragshaldar, Ragnar Kaland. I tillegg var det to andre gjester, den eine er leder for RYLA  i vårt distrikt, Rolf Klock. Den andre, må referent innrømme han ikkje fikk tak i namnet på. Uansett stor applaus til alle tre.

Tradisjonen tru tok presidenten for seg noko av det som har skjedd denne datoen:

Nils og Nikolai har namnedag.

1492: Columbus kom til Haiti.

1917: Finland erklærer seg sjølvstendig.

1971: Langrennsløper Oddbjørn Hjelmeset blei født.

Bilderesultat for odd bjørn hjelmeset

1978: Spania får demokratisk grunnlov.

2001: NSB, Postverket og luftfartsverket blir aksjeselskap.

Trubadur Olav var både i julestemning og nostalgistemning. Han lanserte ein sang frå «Jul i Skomakergata» som heiter: «Vi tenner våre lykter». Tekst og melodi av Bjørn Rønningen. Olav hadde håpa på melodisk ledsagning frå teknisk hald, men dette viste seg å vere vanskelig. Men Olav, med si flotte stemme, var ein flott forsanger, og då trengte ein ingen hjelp frå YouTube.

Sekretæren hadde trassa ein travel kvardag og kunne forkynne at det ved forrige møte var 19 frammøtte. Regna med permisjoner og fritak gav dette ein frammøteprosent på 49.

Når det gjaldt bursdager så vil Knut Vollstad fylle 79 år kommende veke. Jubilanten synest dette høyrtes mykje ut.

Men det var fleire som hadde fylt år: Odd Holen hadde nettopp fylt 70 . Han takka så mykje for flotte blomster frå klubben. Elles kunne han fortelle at han hadde feira dagen på ein eksotisk stad,  Sri Lanka. Dette hadde visst falt i smak. Han opplevde eit vennlig folk og god mat, sjøl om tilberedinga av denne var litt spesiell. Veret var stort sett fint, men fekk også oppleve ein tropisk storm.

3- minutt var ved Knut Jarle Vik. Når vi først er inne på feiringer, så fortalte han korleis dei ved arbeidsplassen hans hadde kutta ut det tradisjonelle julebordet og erstatta dette med ein god, gammeldags julefest. Dette starta på 1970- talet i regi av «mor Møre Trafo»: Borgny Kristiansen. Heile familien til dei tilsette blir bedt til feiring.  I år blir dette på Kulturhuset. Festen er på barna sine betingelser med nissebesøk og utdeling av julegaver. Men berre dei som møter opp får gaver. Så er det meir tradisjonell markering med matøkt, taler, utdeling av utmerkelser og underholdning for store og små. Til sist er det gang rundt juletreet. Etter referent si meining, ein fin måte å markere tida før jul på.

Så var det Rotarymatykt hos oss også med sedvanlig god kaffe og kaker.

 

 

Herr Kaland hadde  litt tekniske problem med databrannmurer som virka i mot kvarandre. Derfor måtte han improvisere litt under foredraget. Det gjorde ingen ting. Ragnar har ordet i si makt og er tydelig vant til å snakke foran forsamlinger. Temaet for kvelden var arbeidsplassen hans, Laader Berg. Dette er namnet til han som starta bedrifta. Laader var tydeligvis ein fargerik person. Han var Lingesoldat under krigen, men då han viste seg å vere ein teknisk begavelse, blei han holdt igjen i England i staden for å bli sendt på oppdrag i Norge.

Bilderesultat for laader berg

 

 

 

Etter krigen dreiv han innovasjon både innen møbel og innen våpensystem. Ragnar nevnte, som ein kuriositet, at han for 40 år siden teika eit bombefly slik han såg det for seg i framtida. Dette ser visst til forveksling likt ut med dagens bombefly med stealt-teknologi.  Dette gjer m.a. at dei er vanskelig å oppdage på radar.

Men det er innen produksjon av skummingsmaskiner han har satt mest spor etter seg. For 55 år sidan starta han bedrifta med sitt eige namn. Han utvikla denne til å bli verdens ledende innen produksjon av Polyuretan skummingsmaskiner. Så vidt referent forstår, er dette svære maskiner som er frå 35 – 55 meter lange. Ein tilsetter kjemikalier i eine enden, og via masse kjemiske prosesser, kjem det ut skumplast i andre. Dette er sikkert innvikla prosesser og kjemi, men Laader la vekt på at maskinene skulle vere enkel å operere. Kostnaden er frå 6 – 7 mill. til 14 – 15 mill. kroner. Sjøl om dette for så vidt er ein bra pris, fortalte Ragnar at kjemikaliene som maskinene bruker i produksjonen er forholdsvis mykje dyrere. Allereie etter 24 timer kan skumplastprodusenten har brukt opp summen som maskina koster.

Etter produksjon av dei ulike delene ved Laader Berg, blir maskinene satt sammen og testa. Så blir   delene plukka frå kvarandre  og frakta til salslandet. Så vidt referent forstår, reiser det folk frå Norge og setter saman maskina der. Det har av den grunn vore lite reklamasjoner

Produksjonen er årlig 15 maskiner. Levetida til ei slik maskin er 35 – 40 år. I alt er det produsert 500 maskiner som er selt til 100 forskjellige land. I Norge er det berre 3 slike maskiner. Ekornes har visst ei av dei. Det er gjerne størst markedi land og områder der det er bil- og møbelproduksjon. Eit stort potensial for salg av maskiner, ser Ragnar i Kina og India. Her bur det masse folk som etter kvart vil ha høgre levestandard. Kineserne har plukka maskinene frå kvarandre og kopiert delene i minste detalj, men uten at funksjonen av dei nye maskinene har gått knirkefritt.

Ragnar avslutta med å fortelle at den familiestyrte bedrifta alltid har gått med overskudd økonomisk. Laader Berg familien eig fortsatt bedrifta, men for første gang er det ikkje ein Berg som er adm. dir. i firmaet. (Per Henning Vågen). Ragnar sin rolle er på salgssida. Han har i samband med salg reist til svært mange land og fått oppleve mange kulturer og veremåter.

Eit flott og interessant foredrag av Ragnar, som rodde det heile fint i land trass i ein del tekniske vansker.

Det var mange spørsmål etterpå, men Presidenten måtte begrense denne runden, då vi var ein del på overtid.

Ragnar fekk så overrakt ein velfortjent gest. Så stod det berre for Presidenten å takke for frammøte og ønske vel heim.


 Referent

Jarle Svindseth

 

 

.

 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS