Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les refrerat frå ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Referat frå Rotarymøte 10.01.2018:

I president Bastian sitt fråver var det visepresident Greta som leia møtet.

Tradisjonen tru tok ho for seg noko av det som har hendt denne datoen opp i gjennom historia:

1800: Predikant Lars Læstadius født. Døde i 1861. Innførte læstadianismen som fikk sterk innflytelse på Nordkalotten.

1870: John Rockefeller grunnla Standard Oil.

1920: Folkeforbundet stifta.

1946: FN i New York hadde si første Generalforsamling.

1947: Den første kontigenten med  soldater i Tysklandsbrigaden vart sendt til Hartz i Tyskland.


1953: Siste kontingent med soldater tjenestegjorde i Tysklandsbrigaden. Då hadde 40 000 nordmenn tjenestegjort her.

1984: Den svenske alpinisten Ingmar Stenmark vann sin 75. seier i eit WC renn. I alt vann han 84 WC – seirer. Han er den mestvinnende alpinisten i verda til no.


Trubadur Olav hadde funne ein Rotarysong som stod til årstida: «D,er kvitt og fritt og blankt.» Forfatter er Sturla Brørs. Kan det vere skiløperen som er blitt inspirert til å skrive sangen ?

Sekretær Knut Henning hadde trossa ein travel kvardag og forkynte at det er Olav P og Karl R som står for tur til BUAS- besøk. Når det gjeld bursdager, fyller Hallstein 54 år på søndag, 14. Forrige møte var det 21 frammøtte. Det gav ein frammøteprosent, når ein tek med permisjoner og fritak, på 54.


3- minutt var ved vår eminente kasserer John Henrik. Han rapportere nytt frå sin arbeidsplass Brunstad Fabrikker. Han innleia med at 2016 hadde vore eit dårleg år med 5 million kroner i underskudd. Innverande år ser bedre ut, og ein rekner med at budsjettet ville gå i balanse. Akkurat det med budsjett var John Henrik sitt hovedanliggende. For 2018 blei det nemlig ikkje satt opp noko årsbudsjett for drifta av fabrikken. Eit slikt budsjett er ofte ikkje nødvendigvis realistisk. Det gir kun illusjon av kontroll og blir fort utdatert. I staden blir det satt opp eit rullerande budsjett der dette blir satt opp anna kvar månad. Når det så har gått 2 måneder, blir det så tatt opp til ny vurdering og korrigert, dersom dette er nødvendig. Altså blir det ei 12 måneders prognose som varer i 2 månader til ei ny prognose blir satt opp. Denne rullerende prognosen meiner John Henrik gir bedre kontroll og gjer det lettere å treffe tiltak av økonomisk eller anna art, dersom dette er nødvendig.

Etter Rotarykaffe og sedvanlig gode kaker, var det ordfører Odd Jostein sin tur til å orientere oss om stoda i Sykkylven Kommune. Korleis går det med drifta? Kva har ein oppnådd? Kva planer har ein for framtida, og kva er dei største utfordringene. Odd Jostein heldt ein svært interessant, informativt og omfattende presentasjon. Referent finn det lite hensiktsmessig å forsøke å gjenta dette. I staden har Odd Jostein vore  grei og sendt over sin PowerPiont- presentasjon. Dersom du vil sjå denne og få ein meir omfattende repetisjon, klikk på følgende link: Årsrapport frå ordfører 2018.

Likevel vil referent gjengi noko av det han oppfatta som viktigst frå foredraget.

Odd Jostein delte foredraget 8 temaer: 1. Organisasjon. 2. Robek. 3. Gjennomførte saker. 4. Kommunedelplan for sentrum. 5. Fjellsætra. 6. Kommunereform. 7. Sentrumskule. 8. Prosjekt for 2018 og videre.

1.       Organisasjon: Odd Jostein innleia med å fortelle at det er blitt ansatt nye folk i inneverende år. Det er ansatt ein ny kommunalsjef ved navn Midtbust. Sameleis er det kome på plass ein ny kommuneoverlege i 50 % stilling. Sykkylvingen Catrine Hovdenakk er ansatt som fagleier for personell. Og Margit Overå er ansatt som helsefaglig rådgiver. Odd Jostein oppsummerte med at det hadde vore ei stor og god søknaksmasse som viser at Sykkylven Kommune fortsatt er ein attraktiv arbeidsplass.  

2.       Robek; Sykkylven Kommune er ute av Robeklista, og eit underskot på 50 mill. kroner blei snudd til eit overskot på 20 mill. Det å vere ute av denne lista er viktig dersom ein vil gjere både små og store investringer. Det er også lettere å garantere for lån til organisasjoner, f.eks. Sykkylven Skisenter. I det heile er dette svært viktig for å kunne utvikle kommunen videre.

3.       Gjennomførte saker: Odd Jostein nemnte ei imponerende antal saker som er blitt gjennomført inneverende år. Det tek for mykje plass å nevne alt, men referent vil nevne: Brannstasjonen og flytting av den russiske tråleren i Hundeidvika. Ved å avstå frå priskompensjonspenger vil det frå 1. februar vere gratis å krysse Sykkylvsbrua. For ytterligereinnsyn i kva som er oppnådd sjå Presentasjonen til Odd Jostein.

4.       Kommunedelplanen for sentrum: Ordføreren understreka at dette er svært viktig for kommunen. Særlig er det viktig å få klargjort nye tomter i sentrum.

5.       Fjellsætra: Utbygging av infrastruktur ved Fjellsætra er sjølsagt mange som er interessert i. Særlig gjeld dette den planlagte kloakkledninga som vil gå frå Fjellsæter Ungdomsenter, via ledning som er nedsunken i Nysætervatnet, til Orreneset og ned til sjøen ved Fausa. Det er også satt ned ei nemnd som skal sjå på og planlegge langrennskiløyper. Dette for å unngå at desse kjem i konflikt med hyttebygging. Sidan vegen til Drabløsstølen blir brøyta, må ein del av løypa her legges om. Odd Jostein nevnte at det er ein dugnadsgjeng som legg ned eit stort arbeid for å gjere  løypende så gode og tilgjengelige som mulig. Kommunen yter så penger for å hjelpe til i dette arbeidet.

6.       Kommunereform:  Her ser det ut til at regjeringa ikkje er full så bastant lenger. No skal kommunesammenslåinger vere basert på frivillighet i større grad enn før. Det er innført ei inntektsgarantiordning (INGAR) som garanterer 400 kr pr innbygger. I Sykkylven sitt tilfelle blir dette innbyggertallet x 400 = 3 068 400,-.

7.       Sentrumsskule:  Dette er ei sak det har vore mykje merksemd om. Arbeidet her fortsetter både med forhandlinger med grunneiere og undersøking av grunnforhold. Romprogrammet er klart og det blir arbeid uti fra 3 ulike senario når det gjeld elevtal.

8.       Prosjekt framover: Når det gjeld planer framover, er det rikelig av desse: Referent nevner berre eit lite utvalg: Veg over Auremarka til Sykkylven Energi. Utbedring av Sørestrandvegen og Øvre Tynesvegen. Reguleringsplan for gangveg mot Ørsneset er ferdig. Samstundes nevnte Odd Jostein at det må føres ein strømkabel til ferjekaia, slik at dei nye fergene kan bli ladda. Det vil vere veldig praktisk å legge ein slik kabel sammen med den nye gangvegen. Reguleringsplanen for rundkøyring ved Småbåthamna er ferdig, og eit firma har fått tildelt arbeidet med å rive Godsterminalen. Sjå elles Presentasjonen for fleire planer.


Litt på overtid avslutta Odd Jostein sitt grundige og informative foredrag. Det blei tid til nokre spørsmål, før visepresident Greta runda av møtet med å understreke kor heldige SRK som har ordføreren blant medlemmene. Så minte ho om neste møtet med Magne Skudal. Han vil komme med råd angående kva slags bil vi bør kjøpe i framtida. Til sist blei alle ønska vel heim.

 

Referent 

Jarle Svindseth


 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS