Digitaliering av offentlig sektor.

Les referat frå rådgiver i Sunnmøre regionråd, Erlend Krumsvik sine tanker om framtidig digitalisering av offentlig sektor

Referat frå rotarymøte 31.01.2018:

President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt våre to gjester Roald Mork og kvelden sin foredragshaldar, Erlend Krumsvik.

Men først som vanlig noko av det som har hendt denne datoen opp i gjennom historia:

Idun og Ivar har navnedag.

1686: Grønlands apostel, Hans Egede født.


1797: Komponist Franz Schubert født.


1892: Første hopprenn i Holmenkollen.



1958: Den amerikanske satellitten Explorer 1 skutt opp.



1964: Den kriminelle lavalder heva frå 14 år til 15 år.


31.01.2018: Vi kan feire at det blir gratis å køyre over Sykkylvsbrua. Fyrverkeri kl. 20.00.

 

Trubadur Olav klaga over at han ikkje hadde funne ein Rotary-sang som matcha kvelden sitt tema,  men «Kjenn ditt land» holdt i massevis. Skreve av O. Strøm. Sangen stod i den gamle skulesangboka.

Elles er det greit å vere sekretær desse dagene: Forrige møte var det heile 29 frammøtte, som gav flotte 73 % frammøte. Ingen bursdag kommende veke og det er John Henrik og Bastian sin tur til BUAS-besøk.

3-minutt var denne gang ved Roger Kornberg. Han tok for seg ei aktuell sak, nemlig at Rolls Royce skal foreta ein såkalla «stategic rewiev» når det gjeld den marine delen av drifta. Dette er eit anna utrykk for at Rolls Royce vil selge den marine delen. Dette vil omfatte ikkje mindre enn 1451 ansatte i Møre og Romsdal.

Roger fortalte at det er 3 avdelinger i Rolls Royce. Den største produserer flymotorer til både sivil og militær luftfart. Dette omfatter 67 % av firmaet og det blir omsatt for over 100 mrd norske kroner.

Den nest største avdelinga er såkalt «Power systems». Dei produserer motorer til tog, lastebiler, gravemaskiner og strømforsyning.

Den 3. avdelinga er den marine seksjonen. Denne har ikkje gått så bra. I 2010 blei det i Norge omsatt for 11 mrd kroner.  I 2017 hadde omsetninga gått ned til 5 mrd. Årsaka til dette er nedgangen i oljerelatert verksemd.

No er altså den marine delen til salgs, og både Roger og dei fleste andre håper at lokale interessenter tek over, slik at ikkje verdifull kompetanse går tapt.

Eit strukturert og informativt 3-minutt av Roger.

Etter rotarykaffe og saftig, gode kaker, var det Erlend Krumsvik sin tur til å halde kvelden sitt foredrag. Erlend er rådgiver i Sunnmøre regionråd. Tema var digitalisering av offentlig sektor. Erlend formulerte følgende problemstilling: Det er store demografiske forandringer på gang. Vi blir fleire eldre som skal ha sin pensjon og sin velferd. Vi har forventninger om at den service vi får skal vere bedre og bedre. Men korleis få dette til når det er berre halvparten av dagens arbeidsstokk til å sørge for dette. Erlend skisserte då 3 løsninger.

1.       Få ned kostnadene og dermed gå på akkord med kvalitet og omfang av den service vi forventer.

2.       Auke skattenivået. Dette er ikkje så lett når det er berre halvparten til å bere den auka skattebyrda.

3.       Den siste måten, som Erlend anbefalte, var nye måter å tenke på med nye løsninger. Nærare bestemt digitalisering av offentlig sektor.

Allereie no er samfunnet digitalisert. Vi fikk internett i 1991. I dag har dei fleste ein Smart Telefon som har ei mengde funksjoner, frå all verdens slag telekommunikasjon til oppslagsverk, all verden slags sosiale medier og mykje meir. Vi betaler rekninger over Nettbank og det siste er betaling via Vipps. Det meste er blitt meir lettvint, og ikkje mange ønsker seg tilbake til «analoge dager».

Ein liknande revoluson kan Erlend tenke seg innen offentlig forvaltning. Mellom ein tredjedel og 55 % av alt kommunalt arbeid, tenker han kan skje digitalt.

Når det gjeld ein etat som Statens Lånekasse, blir dei fleste henvendelser behandla digitalt, uten at mennesker har vore innom. Dersom ei sak ikkje kan behandlast digitalt, blir ein automatisk satt over til eit menneske som forhåpentligvis har bedre forutsetninger til å løyse problemet.

I det heile tatt, oppfatter referent, Erlend som at ein bør digitalisere alt som kan digitaliseres. La det digitale behandle det som er unødvendig for mennesker å befatte seg med. Dersom datamaskinene kjem til for kort, vil dei automatisk sette videre over til fagfolk, som kan komme videre i problema.

Det heile lydde litt futuristisk for referenten. Men når ein tenker på den utvikling som har vore siste 10 til 15 år.  er det vel sannsynlig at utviklinga går slik Erlend skisserer. Uansett eit tankevekkende og interessant fordrag som president Bastian visste å belønne med ein innpakka brunost.

Så slutta vi litt over halv åtte, slik at vi kunne overvære fyrverkeriet i samband med gratis brupassering.

 

Referent

Jarle Svindseth  

  




 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS