Tandstad Krins: Vegen videre etter kommunestyrevedtak

Les referat frå Rotarymøte med representanter frå krinsen etter skulenedlegginga.


Referat frå Rotarymøte 23.05.2018:

Etter ein relativt lang pause, ønska president Bastian vel møtt til dette Rotarymøte 23.05.

Denne kvelden var vi så heldige å ha besøk av 4, etter rotaryforhold, yngre personer: Berit Emdal, Tove Tandstad, Espen Høidal og Ole Straumsheim.


Tradisjonen tru tok presidenten med noko av det som har hendt denne datoen opp igjennom tidene: 1618: Start på 30- årskrigen. 1707: Carl von Linne, svensk botantiker født. 1906: Henrik Ibsen død. Tilslutt opna Ibsenmuseet i Skien i 2006, i samband med 100 års markeringa av Ibsen.

Vi har herlige sommerdager ute og trubadur Olav hadde funne ein maksimal sommersong: «Jag tror, jag tror på sommeren».

Sekretær hadde sendt ein epost til presidenten med følgende opplysninger: Jan Kåre har bursdag 23.05 og blir 63 år. Ingjerd blir 72 år (du held deg godt J), 27 mai. Oppmøte 27 apr. var 27 med 66 %. Ved dugnaden var det 20 frammøtte og 51 %. Kristin og Kjell står for tur til BUAS- besøk.

3- minutt var ved Geir Brekke: Som vanlig blei referent imponert over at han held foredrag uten manus. (Referent må ha manus berre han skal sei navnet sitt). Temaet denne gangen var litt orginalt, men med ei problemstilling vi alle vil møte før eller seinere, nemleg kva for gradferdstradisjon vi vil følge. Geir ønska å bli plassert i ein urnelund. I så fall er vel dette hans siste ønske. Ei grunngjeving for dette er at vi flytter mykje meir på oss enn før. Barna med sin familie flytter bort frå heimekommunen. Då er det ikkje så enkelt å sjå til og stelle graver som  tidligere. Ein urnelund er meir praktisk på den måten at den ikkje treng stell i samme grad som ei vanlig grav.

Så var det rotarykaffi og referent må få lov til å skryte av den aldeles fenomenalt gode og saftige eplekaka som Erik hadde laga.

Som vi veit har kommunestyret i Sykkylven valgt å legge ned Tandstad skule. Dette etter at straumegjerdingane har ført ein lang og heroisk kamp for å bevare den. 4 av dei som har stått sentralt i denne kampen, hadde vi fått besøk av denne kvelden: Først Berit Emdal som heldt 17. mai tale i Straumegjerde. Ho refererte ein del av talen sin og avslutta med at vi alle må stå samla. Dette vil føre til kreativitet, samarbeid og raushet. Vi må også unne kvarandre suksess.

Deretter tala ei svært engasjert Tove Tandstad. Ho hadde i allefall bidratt med sitt for å behalde skule og barnehage: Ho har nemlig 4 barn. Eit hovedpoeng, slik referent forstår Tove, er at vi må kunne tilby barnehage og skule dersom vi vil ha folk til å flytte til oss. Viss ikkje, blir det ingen tilflytting og dermed ingen utvikling. Ho avslutta med at vi må jobbe i lag sjøl om vi er forskjellige.

Ole Straumsheim meinte at ein kunne ha redda skulen dersom ein hadde gått frå 4- delt til 3- delt skule.  Elles hadde firmaet hans tilbudt seg å skifte ut vindu for kr 300 000,- Han kom også inn på tidsaspektet ved nedlegginga som han meinte var for kort.

Referent blei svært imponert over engasjementet til dei 4 unge ildsjelene.



Velfortjent innpakka oster til alle sammen.

Så minte Presidenten om neste møte som er Presidenten sin time og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 



 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS