Storfjordsambandet

Les referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb der leier Ivar Jan Langlo og nestleier Kari Grindvik orienterte om Storfjordsambandet og kor viktig dette er.


Referat frå Rotarymøte 13.06.2018:

I president Bastian sitt fråver var det visepresident Greta som leda møtet. Ho ønska tre gjester vel møtt: Roald Mork, som snart blir tatt opp som medlem. Videre Kari Grindvik og Ivar Jan Langlo som som representanter for Storfjordsambandet.

Ikkje møte uten ei lita oversikt over  noko som har hendt denne datoen: Tone, Tonje og Tanja har navnedag. I 1904 blei Osebergskipet gravd fram. 1979:  Abortlova blei vedteke i Stortinget. 1983: Storbritannia avslår å gjeninnføre dødsstraff.  1995: Vinmonopolet sitt monopol blei oppheva og Arcus blei stifta. Til slutt eit lite apropos til notidas møte mellom presidentene i Nord Korea og USA: I 2002 møttes ledere frå Sør og Nord Korea i Nord Korea.

Trubadur Olav hadde funne ein sang som kunne passe til dei politiske hendingene, nemlig «Gladsang».

Petter Velle heldt 3 minutt: Som ein kommentar til dei aktuelle skulesakene, tok han for seg dei politiske prosessene som ligg bak ulike vedtak i Kommunestyret. Petter er kritisk til saksutgreiingene før sakene kjem opp i formannskap og kommunestyret. Han meinte administrasjon la føringer og ikkje var objektive når dei la fram dei ulike sakene. Han meinte at rådmann og administrasjonen driv politikk. Og politikerne virker til å vere fornøgd med dette, etter Petter si meining.

Etter Rotarykaffe og søte kaker, var det dei to Storfjordsambandgjestene sin tur til orientering og foredrag. Nestleier Kari Grindvik heldt ei oversiktelig og strukturert orientering om planene framover.

Kva er Storfjordsambandet? Kari forklarte at dette er eit samband i 3 etapper: 1. etappe er tunnelen Hole – Engeset. 2. etappe er Digernes – Magerholm og 3. og siste etappe blir bruforbindelse over Storfjorden.

Kvifor er det viktig at dette blir gjennomført? Noko skal vi leve av, og det er viktig at vi får ført fram varene som blir produsert i Fylket til kjøperne. Bedre samferdsel vil styrke vareproduksjonen som sjølsagt er viktig for framtid i regionen vår. Det vil også sjølsagt styrke den maritime næringa som er så viktig for den ytre søre luten.

Mange synes at å føre E 39 ut til Hareid – Ulsteinvik området Hafast er litt underlig. Dette meinte Kari, paradoksalt nok,  er ein fordel for Storfjordsambandet. Ein vil kunne ha begge alternativ samstundes. Dette ville ikkje la seg gjere dersom sambandet over Festøy blei realisert.

Ei stor utfordring er, ikkje uventa, økonomien. Nordøyvegen tek såpass mykje av fylkesøkonomien at det blir lite igjen til andre prosjekt. Derfor må finansieringa skje privat. Ho tok for seg tunnelen Hole – Engeset. Næringsliv og kommuner må på banen. Når tunnelen er realisert, rekner ein med ein engangsvekst på 30 %. 3 % dei første 10 åra. Deretter 2,5 %. At dette ikkje skulle vere heilt urealistisk, viser  Eiksundsambandet som har hatt engangsvekst på 100 %.

Bompengene antyda Kari, til 50 kr for liten bil og 150 kr for stor. Å køyre fjellet vil vere dyrere for dei store bilene.

Til sammen er tunnelen estimert til å koste 1,1 mrd. kr.  Bompengeperioden blir ca. 20 år. Dersom det går som ein håper, vil ein sette i gang prosjektet om ca. 5 år.

Dei to neste etappene ligg lenger fram i tida. Nestleier håper at bruteknologien blir bedre i åra som kjem.

Leier Ivar Jan Langlo  spurte forsamlinga om kva som vil skje dersom ingen ting blir gjort. Vil alt då fortsette som før. Ivar Jan svarte eit bestemt nei. Han refererte til eit foredrag Trygve Hegnar heldt i 1979. Han meinte at innen ti år vil industrien på Sunnmøre vere ein saga blott. Det kunne fort vere at Hegnar fikk få rett, hadde det ikkje vore for ein ting, nemlig sunnmøringen. Sunnmøringen jobber ikkje på grunn av gode forutsetninger, men til tross for dårlige forutsetninger.

Skal vi så fortsette å ha industri og næringsliv til tross for, er Storfjordsambandet viktig, kanskje avgjørende. 

Ivar Jan har eit ideal, Jens Petter Ekornes. Han drømte om at Sunnmøre skulle bli eit arbeidsmarked. Då vil samferdsel vere heilt avgjørende. Skal vi vere i stand til å få tilbake ungdom som er reist ut for utdanning, må vi ha eit arbeidsmarked å tilby. Dette for å kunne konkurrere med dei store byene. Ein arbeidsregion er premien dersom satsinga på Storfjordsambandet lykkes.

Foredragshaldaren avslutta med: Vi har to valg: 1: 0- alternativet eller 2: Sunnmøringen.

Snakk – Tru – Spre det gode budskap om Storfjordsambandet.

Visepresident Greta premierte dei to gode foredraga med kvar sin ost. Så minte ho om neste møtet som er Presidentskiftet.  Då vil Greta ta over presidentkjedet frå Bastian.

 

Referent

Jarle Svindseth

  


 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS