Presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb

Sjå bilder og les referat frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb der Greta tek over presidentkjede etter Bastian.


Referat frå Rotarymøte 20.06.2018:

Så har vi kome til ei av dei store hendingene i rotaryåret, presidentskifte. President Bastian vil overlevere Rotarykjedet til visepresident Greta, som då blir den nye presidenten i 2018/2019.

Men først vanlige rutiner ved møta våre: Vi hadde den store ære å få besøk av distriktsleieren i  TRF, John Stennes. Elles Arild Sporsheim og til sist, men ikkje minst Roald Mork som ved neste møte ikkje lenger er gjest, men medlem i Sykkylven Rotaryklubb. Klubben har nemlig den store ære å ta han opp som nytt medlem.

Av nyhende denne datoen, nevnte Bastian bl.a. at Stavnsbåndet i Danmark blei oppheva i 1788. Ein god del år seinere, i 1928, heitte det ikkje lenger riksmål og landsmål, men bokmål og nynorsk. Og til vår tid: I 1991 blei Berlin hovedstad i det forente Tyskland.

Ved eit høgtidelig høve som Presidentskifte og opptak av nytt medlem, passa det veldig godt å synge «Rotarysongen». Vi er så heldige å ha to utgåver, den første skreven av Henrik Straumsheim, den andre av Kårstein Blindheim. Straumsheim sin sang vi først, Kårstein sin litt seinere ut i programmet.

Så var det høgtidelige stunda komen då vi kunne ta opp Roald som nytt medlem. Først heldt Sindre ein liten presentasjon. Deretter fekk president Bastian den store ære å overrekke Roald rotarynåla.



Når vi no hadde fått eit nytt medlem, passa det også veldig godt at John Stennes held eit strukturert og veldig greit foredrag om Rotary. Både korleis Rotary er organisert lokalt og internasjonalt. Sjøl om referent følte han hadde høyrt ein del av dette tidligere, er det alltid greit å få ein repetisjon. Nytt var opplysninga at kvinner først fikk adgang til organisasjonen i slutten av 1980- talet. Dette etter at Høgsterett i USA hadde kjent praksisen med berre menn ulovlig.

John fortalte også om imponerende mengde prosjekt under leiing av klubbane i vårt distrikt. Det er prosjekt i Kenya, Armenia og Litauen, og ikkje minst David School i Sierra Leone, som vårt AG -distrikt er sterkt engasjert i.

Til slutt avslutta John med å gi SRK ros for å vere ein veldreven klubb. Noko vi som klubbmedlemmer gjerne tar til oss.

Etter rotarykaffe, med aldeles fenomenanalt saftig og gode sjokoladekaker,  held president Bastian ei lita oversikt over sitt Rotaryår og takka dei forskjellige komitene for godt utført arbeid. Spesielt fikk den viktige Programkomiteen velfortjent ros for flotte og aktuelle program.


Så kom den høgtidelig stunda då President Bastian overrekte rotarykjede til Greta. Saman med kjede, også ein flott blomsterbukett. Den nye presidenten takka så mykje og nytta høvet til å rose Bastian for å vere veldig lett å samarbeide med og samstundes veldig tolmodig. Visepresidenttida hadde vore både kjekk og lærerik, og ho gledde seg til å ta fatt på sitt rotaryår. Som takk for eit kjekt og hyggelig samarbeid, kvitterte Greta med ein flott plante til den avgående presidenten.



Elles fortalte ho litt om sine tanker for det kommende år. Det blir ikkje nokon palassrevolusjon. Tanken er å følge opp dei planer og prosjekt vi allereie har. Den einaste lille forandringa er at møteplanen følger skuleåret, slik det blir fri haust og vinterferie. Dersom det er store kulturhendinger på gang, vil oppmøte her erstatte ordinært møte. I alle fall vil ho gjere sitt for at SRK skal vere ein synlig klubb.

Så kvelden sin store overraskelse: President Greta fann fram fiolinen (fela) og spelte ein folkevisemelodi frå Velledalen.  Imponerende! Kanskje kan vi få høyre fleire framføringer frå Greta seinere?




Referent vil nytte høvet til å gratulere og ønske Greta lykke til med presidentvervet. Tillet meg også å takke Bastian for vel utført jobb. Etter referent si meining har du vore rolig, jovial, humoristisk (glimt i auget) og lett å komme over ens med. Lykke til som leder i Medlemskomiteen.

Neste og siste møte i dette Rotaryår, blir bedriftsbesøk på Spilka. Referent er ikkje heilt sikker på kor dette ligg hen, men det skal vi finne ut. Vi møter opp 18:15 på Ørsneset og tek ferja kl 18:30.

Referent

Jarle svindseth

 

 


 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS