Frivillighetssentralen.

Les referat og sjå bilder frå SRK sitt besøk hos Frivillighetssentralen 15. august.

Fønixhuset – der det meste er frivillig

 

Sykkylven Rotary Klubb (SRK) har starta opp att etter ferien, og for ei veke sidan var klubbmedlemmene på innstig i Fønixhuset, - aktivitetshuset i Sykkylven, - der Morten Oksavik tok mot og orienterte. Morten har vore dagleg leiar der, tilsett av kommunen, sidan januar i år, då han tok over etter Marit Winsrygg.


Frivilligsentralen med frivillig innsats

Historia om Fønixhuset kan lesast på huset sine nettsider, og her nemner vi berre at nesten alt vedkommande drifta er basert på frivillig innsats, medan Sykkylven kommune står for faste utgifter. Då det for ei tid sidan vart bestemt at «Oskarbilen» burde skiftast ut, vart bilen fullfinansiert med frivillige bidrag i løpet av kort tid. I løpet av ein månads tid vil han vere operativ i Sykkylven. Ikkje så rart ettersom Noreg ligg omtrent på verdstoppen i gåveglede og frivillig innsats! Kommunen betaler drivstoff, medan sjåførane køyrer frivillig og gratis. Morten nemnde spesielt Per Vemøy, som trass i høg alder framleis er stø og pålitande sjåfør. – Dette er den kortaste dagen i veka!, var tilbakemeldinga frå ein av passasjerane. Imponerande! Sist torsdag sto Kjellaug Roald føre «ballje-middag», servert frå klokka halv eitt. Gjestene, rundt 20 i talet, som stakk innom for eit solid og godt middagsmåltid, betalte – også frivillig – for middagen, utan noko fastare pris enn hundre kroner i utgangspunktet. Meir eller mindre, heilt frivillig. På mange måtar kan vi godt seie at Fønixhuset vert drive heilt etter Rotary International sitt motto «Service Above Self» - å gagne andre. Dagleg leiar fortel om «…enorm givarglede og interesse for saka».

Gjester på dagtid

Frivilligsentralen er open for alle, i alle aldrar. Ettersom dei eldre dominerer på gjestelista, spør Morten også etter andre alders- og brukargrupper: - Kvar er uføretrygda, langtidssjukmelde, skift- og for turnusarbeidarar, studentar som er heime av og til? Tysdag, onsdag og torsdag er opningsdagane, og då er det alltid sett ut skilt ved inngangen. Alle er velkomne. Elevar frå barnehagar, barneskular og ungdomsskule er av og til innom og får tilbod om meir eller mindre skreddarsydd opplegg. Då vil begge etasjane vere til disposisjon, til dømes med praktisk produksjon av bil, båt, fly for dei yngste, eller strukturerte kurs ved Per Grønli i kunstmåling for dei noko eldre. Tilbakemeldingane er gode, både frå elevar og ivrige lærarar! Foreldra til 8. klasse-elevane vert i samarbeid med Inger Riksheim i Storhallen utfordra til teneste som natteravnar . Dette er godt i gang for kommande sesong, som startar opp i september. Fønixhuset fungerer altså som ein katalysator for godt og byggjande, frivillig arbeid i Sykkylven. Huset er ope for alle, frå barnehagenivå til pensjonistar på 90. President Greta Herje i SRK kunne med handa på hjartet takke dagleg leiar Morten Oksavik både for kake, kaffi og særs interessant informasjon.


 

  Epilog, ikkje i avisa:

Så langt Sykkylvsbladet. Det høyrer sjølvsagt også med til historia at president Greta ønska velkommen til møtet på Fønixhuset, før ho gav ordet til vidare til dagleg leiar. Til slutt oppmoda ho Rotary sine medlemmer om å nytte huset av og til, og gjerne prøve seg med ein torsdagsmiddag. Ho opna også opp for å invitere Stranda RK til intercitymøte, lagt til Fønixhuset. Ingen dum idé!
Neste møte 22. august blir på vanleg stad, og då vil Bjørn Utgård snakke om Ekornes Marina.


Skrivar, Olav P 

 




 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS