Rotarymøte 17. oktober 2018: Roald Mork held yrkes/egoforedrag:

Les referat frå Roald Mork sitt interessante yrkes/egofordreg.


Referat frå Rotarymøte 17.10.2018:

President Greta ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sin gjest, søstera si, Ragnhild. Først opna ho med å fortelle litt om måneden og dagen i dag, 17. oktober: Oktober rekna dei gamle romerne for å vere årets 8. måned. Elles blei den her i Norden kalt sædmåneden eller slaktemåneden. No skulle også avlinga vere i hus.

Navnedag har Marta som er avleda av det hebraiske ord for husfrue. Marte er ei forkortning for Margrete.

Så litt kultur: Den polske komponisten Fredric Chopin døde i 1849, berre 39 år gamal. Den amerikanske forfatter og dramatiker, Arthur Miller født denne dato i 1915. Den vakre amerikanske skuespillerinna, Rita Hayworth født i 1918 og naturfilmfotograf og sakprosaforfatter, Sverre M. Fjellstad født denne dato i 1930. 

I 1880 brann Domkirka i Kristiansand ned, og under 2. verdenskrig i 1944 beslutta den tyske okkupasjonsmakta at Finnmark skulle evakueres og bebyggelsen brennes ned. Dette for å gjere det  vanskelig for dei russiske invasjonsstyrkene.

Så litt nær fortid: Denne datoen, i 1997, blei Kjell Magne Bondevik statsminister for 1. gang. Samme dato i 2001 blei han statsminister for 2. gang. Og i 2005 blei Jens Stoltenberg statsminister.

I trubadur Olav sitt fråver, fekk Ove det ærefulle oppdrag å finne ein Rotarysong. Valget falt på den vakre: «De nære ting».

Sekretær Knut Henning hadde trossa ein travel kvardag, og kunne opplyse at det er Kristin Grebstad og Kjell Heggdal sin tur til BUAS- besøk. Elles mangla han oversikt over forrige manntall, men rekna med at ein eller anna hadde denne oversikta.

3- minutt var denne gang ved Steinar Klokk: Han fortalte om ein «lønnsom» Oslotur kona og han hadde gjort. Kona klaga over at det var vanskelig å finne briller som passa. Derfor var det mykje strev med å bytte briller. I Oslo kontakta dei Memira, som har spesialisert seg på augeoperasjoner. Etter 2 timer kom ho ut og leverte frå seg brillene. Då hadde ho fått skifta linser på begge augene. Operasjonen i seg sjøl tok berre 10 minutt, men av sikkerhetshensyn måtte ho vente litt ekstra tid. Solskinnshistoria til Steinar er av dei få 3 minutt som bokstavelig var 3 minutt.

Under posten «Ymse» opplyste Greta at leier i TRF, Olaf og ho ville søke Distrikt Grant om penger til Prosjekt  Filippinene. For eks. overbygg over oppstillingsplassen for barna eller kurs og videre utdanning for lærere ved skulen, Lola Day Care Center. Dersom prosjektet har ein begynnelse og slutt, kan det bli godtatt som Rotaryprosjekt.

Elles har D2305  90000,- i overskot, som kan delast ut til klubbene etter søknad. SRK vil søke til eit speiderprosjekt der ein vil lage til bedre parkeringsplass for besøkende. Dette burde også kunne klassifiseres under Rotaryprosjekt.

Etter Rotarykaffi og gode eplekaker, var vi spente på kva vårt nye medlem, Roald Mork hadde å fortelle i sitt yrkes/egoforedrag.


Han begynte med begynnelsen: født i Syvde i 1962. Flytta til Hareid og begynte på skule her i 7 –års alderen.

Tok 1. året på Handel og Kontor i Syvde. Fortsatte dei 2 neste år på Vestborg. Deretter militærtjeneste  i Steinkjer.  

Første arbeidsplassen var Hjørungavåg Verkstad: Jobba her med lønninger og økonomi. Frå 1989 til 1991 var han IT- ansvarlig. Då dette verkstedet gjekk konkurs, flytta han over til Kåre Vadset Reknskapskontor.

I 1993 flytta han over til den Farstad Skipping. I dette rederiet hadde han sin arbeidsplass fram til 2018. Jobba som regnskapsansvarlig og som IT- konsulent.

Då Farstad først fusjonerte med Solstad, og sidan trakk seg ut av fusjonen, blei Roald arbeidslaus. Men han benytta likevel sin kompetanse til å gi assistanse til lokale selskap i Ålesundsområdet. Siste arbeidsplassen er Optimar på Valderøya. Her jobber han også som IT- konsulent. Først ein 3 måneders tilsetting, deretter 6 måneders tilsetting. Dette er eit stort firma med 450 ansatte, så her burde vere nok jobb. 

Roald avslutta med å fortelle litt sosialt: Han er gift med Solveig og har 2 stedøtre og 6 barnebarn. Dei bur på Helleskjerva.

Av interesser nevnte han gåturer, ofte rundt Sessvatnet. Elles liker han å reise. Har vore «down under» til Australia og til Brasil. Så vidt referent forstår, er likevel yndlingsreisemålet Hellas.

Roald er flink med kamera og viste flotte bilder, m.a. av noko referent kan styre si begeistring for, nemlig ein stor hoggorm.

Han liker godt å høyre på musikk, han nevnte m.a. Elg og Pink Floyd.

Eit strukturert og interessant yrkes/egoforedrag av Roald. Han har  ein virkelig rikhalding CV.


Etter å ha takke så mykje for foredraget, minte president Greta om neste møte som er ved Njell Hoftun og Sentrumsplanen.

Så ønska ho alle vel heim.

 Referent

Jarle Svindseth



 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS