Presidenten sin time med vinlotteri

Les referat frå Presidentens sin time, der innkommande president Petter Velle leia møtet, og fortalde frå Distriktskonferansen i Molde.

President Greta hadde denne gongen overlete møteleiinga til innkommande president, Petter Velle, etter som ho sjølv var i Oslo.
Petter ønska velkommen, og overlet tonane til Olav, som hadde bladd opp den tredje songen i Rotary-songboka: Blåklokker. (NB: Så lenge klubben lyt ha møta i Pensjonistsalen, syng vi frå Rotary-boka, frå byrjinga og utetter. Dette var tredje songen!) Etter som «trubaduren» var «låk i halsen», hadde han funne fram Jens Book-Jenssen (1910-1999) på Spotify, og songen gjekk strykande, i lag med dei vørde rotarianarane. 
Petter heldt så fram med litt minne frå dagen: 1697 – Oslo domkirke, innvigd. 
1852: Kautokeino-opprøret kuliminerte, med tap av menneskeliv både av tenestemenn og samar. 
Under krigen, på denne dagen i 1941, vart det forbode å skrelle poteter! 2000.
USA – presidentval: W. Bush vart vald med knappast mogeleg margin. 

Sekretær Knut-Henning orienterte deretter om frammøte og bursdagar. 

3- minutt

Ordet vart så gitt til Kristin Grebstad, med 3 minutt – som viste seg å vare i 8 interessante minutt om Velledalen symjehall. Kristin presenterte seg som styreleiar i Velledalen grendahus, der symjehallen er bygd inn i underetasjen. Ho viste bilete og informerte på beste vis: Hallen har eige driftsstyre, og vart opna på slutten av 1980-talet. - Driftstilskot frå Sykkylven kommune, - Badevakter i veka + søndag,- utført på dugnad av styret, - Miljøvakter på dugnad, ein del vaktmeisterarbeid på dugnad. - Overskot brukt til investeringar. – Pussa opp begge garderobene i samarbeid med grendahuset. – Ringverknader: grendahus – butikk. Alt i alt eit stort aktivum for Velledalen, og for dei rundt 3-4000 som årleg besøkjer Velledalen symjehall.

Neste post i programmet var kaffi og «noko attåt», som viste seg å vere vakre og velsmakande horn med melis og andre gode greier innbaka. Slikt kan vi kalle møtesnadder! Undervegs her vart det selt lodd til inntekt for vårt vanlege Prosjekt Filippinane.

Petter:Om Distriktskonferansen i Molde 
Kveldens hovudpost/ føredrag vart halde av Petter og handla om Distriktskonferansen D-2305 i Molde, 21.-23. september. Greta, Jan, Olaf og Petter møtte for SRK. Under linken http://d2305.rotary.no/no/nyhetsdetaljer/104#.W-QK9JNKi70 kan du sjå bilete og lese meir frå denne konferansen. (Denne linken vil ikkje verke i PDF-dokumentet, men du finn han att under Distrikt 2305 sine nettsider.) «VELLYKKET OG INSPIRERENDE DISTRIKTSKONFERANSE», står det å lese. Vidare les vi: Hele 170 engasjerte rotaryanere var den 21.-23. september samlet til Distriktskonferansen 2018, som ble arrangert på Scandic Seilet i Molde. Distriktsguvernør Arvid Blindheim og arrangørklubben Vestnes Rotaryklubb hadde lagt ned et stort arbeid og stod for en trivelig, god og inspirerende konferanse. Petter fortalde og supplerte med info på skjermen. Tema for konferansen var «Gagne andre», og det gjekk att gjennom heile samlinga. 
Kjell Magne Bondevik:
Kjell Magne Bondevik fokuserte i sitt innlegg også på Europa i dag, med framand-frykt, strengare grensekontroll og autoritære statsleiarar. Petter hadde særleg merka seg Kjell Magne si vekting av mange gode inntrykk frå statsmenn og -kvinner frå store deler av verda,- t.d. Aung San Suu Kyi og Nelson Mandela; begge tildelte Nobels Fredspris. Kjell Magne viste også til mykje positiv utvikling på kloden: færre svelt, færre mødre døyr under fødsel, auke i talet på demokratisk styrte land. Dette er gode .nyhende som ofte «druknar» i den daglege nyhende-flaumen gjennom media. Vidare fortalde Kjell Magne om prosjektet «10.000 Happy Birthdays» - der poenget var å berge livet og gje opplæring til dei nyfødde og mor deira, slik at det verkeleg vart ein Lykkeleg bursdag! Dette prosjektet hadde vist seg å bli så vellykka at det var omdøypt til «50.000 Happy Birthdays». Likevel: Kvar dag døyr det 7.300 nyfødde og 830 mødre på fødselsdagen. Meir om alt dette på nettsida til D-2305. 
Jan Spurkeland:
Petter nemnde også Jan Spurkeland, med sitt tema Relasjonsbygging - grunnlaget for all samfunnsutvikling. Jan er nestor i relasjonsutvikling og relasjonsleiing, og han heldt eit inspirerande foredrag som engasjerte alle i salen med tankar og teoriar – og ikkje minst med sin lune humor. Her var det berre å lene seg tilbake og ta inn over seg alt som blei sagt. Kulturelle innslag og anna underhaldning var det også i rikt monn, noko som før nemnde nettsider viser. Alt i alt var det tydeleg kveikte og oppmuntra medlemmer frå SRK som vende tilbake til Sykkylven, etter 3 dagar på Distriktskonferanse i Molde.
Bileta under her er kopierte frå nettsida til D 2305.
Prosjekt Filippinene:
Innkommande president Petter Velle fortalde også om Prosjekt Filippinane si utstilling under konferansen: May Britt Tynes og Lone var der under heile konferansen og orienterte/ informerte. SRK søkjer D 2305 om 12.000 kroner til å byggje toalett ved skulen til Lola Day Care Center, Bogo, Cebu, Filippinane. Saman med våre 3000 kroner, vil totalkostnaden på kr 15.000
vere dekka. Vidare vonar SRK at andre Rotary klubbar «tenner» på prosjektet/ tiltaket, og vil vere med på å sikre gode investeringar i Bogo. Volda RK har alt bestemt å gje kr 5000, til Prosjekt Filippinane. Vårt Distrikt 2305 har god økonomi, og har midlar til rådvelde etter enkel søknad frå klubbane til eigna prosjekt. 
Søknad om midler til parkeringsplass ved Speiderbo
SRK vil søkje om kr 10.000 frå desse midlane til ny parkeringsplass ved Speiderbo. Aursnes har stilt midlar til rådvelde, dersom dette friarealet ved Speiderbo vert frigitt til nemnde formål.

Til sist i møtet vart resultatet frå vinlotteriet kunngjort, og møtet kunne hevast, saman med påminning om Guvernørmøtet på Stranda den 21. november, og ønsket om ein god kveld vidare.

Bilder frå Distriktskonferansen i Molde:





Skrivar 
Olav Pileberg



 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS