Rotarymøte 13.03.2019: Fengselsprest Erlend Lunde:

Les referat frå Erlend Lunde si orientering om sin jobb som fengselsprest ved Ålesund Krestfengsel.


Referat frå Rotarymøte 13.03.2019:

President Greta ønska vel møtt, og spesielt vår to gjester, Knut Molnes og Arild Sporsheim. Begge har sagt seg villig til bli medlem i klubben vår.

Så litt om dagen sin dato: Presidenten spurte kven som hadde namnedag. Når ho spør slik, er det vel mistanke om at det er ho sjøl. Ganske riktig: Greta og Grete har namnedag. Det kjem frå gresk og tyder «perle». 

Mars har sitt namn frå den romerske krigs- og fruktbarhetsguden, mars.

Maler Hans Gude, mest kjent for «Brudeferden i Hardanger, blei født denne dato, i 1825. 


I 1930 blei vår ytterste planet, Pluto oppdaga. I 1957 blei Kongsberg Gruver lagt ned etter 334 års drift. Og i 2003 blei Robert Sørli første ikkje-amerikaner til å vinne hundesledeløpet, Iditarod i Alaska.

Ord for dagen er finsk og lyder: «Sit medan du er ung, så orker du å stå når du blir gammal». Som fysioterapeut i 40 år, vil ikkje referent uten vidare gå god for dette, i allefall ikkje viss ein tolker ordtaket fysisk.    

Rotarysong: I trubadur Olav sitt fråver, valgte presidenten den alltid aktuelle: «Draumen om fred» av Cornelius Vreeswijk og Ivar Medaas.

I sekretæren sitt fråver, opplyste Greta at Karl Ramstad blir 76 år, 14. mars. Ved forrige møte, 6.mars, var det 22 frammøtte som gav 55 % frammøte.

3- minutt var ved Knut Vollstad: Tema var «livets gang». Han fortalte at livet i hans slekt stort sett har «gått på skinner»: Folk har vakse opp og blitt så gamle som genene skulle tilseie. Dessverre har familien opplevd unntak frå dette: Eine dottera har fått ei alvorleg diagnose, og har i samband med dette, mottatt tøff medisinsk behandling.  Eit alvorleg og tankevekkande 3 minutt som illustrerer kor skjør helsa vår kan vere.

Erlend Lunde: Om jobben som fengselsprest:


Etter rotarykaffe og gode smørbrød, heldt Erlend Lunde, som er sokneprest i Ikornnes, eit innlegg om sin jobb som fengselsprest ved Ålesund Fengsel (Kriminalomsorgen). Dette er ein 40 % jobb. Han fortalte at soning i fengsel i dag er heilt annaleis enn i tidligere tider. Då blei den innsatte meir eller mindre isolert på ei mørk celle. Der skulle han/ho gjere bot og tenke over sitt brotsverk. På denne måten bli eit bedre menneske.

I dag er det heldigvis annaleis. Soninga er ikkje berre ei straff, men også ei rehabilitering. Dette med tanke på at den innsatte skal komme tilbake til samfunnet og fungere der. I samband med dette, er det ymse tilbud både når det gjeld skulegang og trening. Erlend viste bilde frå ein yogatime. Det  blir også snekra bord og benker som kan plasseres i friluft. Derimot får dei innsatte ikkje lov å lage fluktstoler J.

Det er helsetjeneste med lege ein gong pr. veke og sjukepleier to ganger pr. veke.  

Erlend jobber to dager i veka. Då har både ansatte og innsatte høve til å snakke med han. Så vidt referent forstår, blir Erlend mykje nytta til samtaler der den innsatte får "lufte seg" og får ut det mentale trykket.

Det blir arrangert Gudstjeneste ei gong i månaden, og deltakinga her er god.

Fengselet i Ålesund er gammalt med enkle kår. Den innsatte har einerom (einecelle) med do og av og til dusj. Luftegården er heller ikkje spesielt stor. I motsetning til tidligere, har den einskilte celle vindu, men utsikta er ikkje all verden.


Det er vel ingen tvil om at det er behov for eit nytt og moderne fengsel. Dette er tenkt plassert på Digerneset, men er nok ei god stund fram i tid.

Virkelig interessant å få innblikk i kvardagen til fengselsprest, Erlend.

Som vanlig blei foredraget belønna med velfortjent gest. Erlend parerte med å overrekke klubben ei bok om Ålesund Fengsel.

President Greta takka for møtet og minte om at neste møte 20. mars er foreløpig uten program, men, kjenner referent programkomiteen rett, så blir det ei råd.   

Referent

Jarle Svindseth



 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS