RYLA, seminar i Ulsteinvik 8.-10. november 2018

SRK sin utsending Erlend Lillevik besøkte klubben i møtet 27. mars og fortalde og viste bilete frå Rotary Youth Leadership Awards - RYLA - seminaret i Ulsteinvik. Ikkje gå glipp av referat med bilete og PowerPoint lysbilete! 


Sykkylven Rotary Klubb, møte 27. mars 2019. Banksalen kl 19. 

Skrivar: Olav Pileberg

President Greta ønska vel møtt til møte den 27. mars, og eit ekstra velkommen til Knut Molnes og kåsør Erlend Lillevik, gjester for kvelden. Applaus. 

Namnedag har Rudolf og Rudi. Rudolf kan bl.a. knytast til filosofen Rudolf Steiner, (1861-1925), austerrikaren som utvikla antroposofi, som vart grunnlaget for «Steiner-pedagogikken» og som førte til etablering av talrike «Steinerskoler» i mange land. Med unntak av Danmark og Noreg, blir desse skulane kalla «Waldorf-skoler» i dei andre landa. I Noreg er det om lag 34 steinerskolar.

Dagen i dag: Hans Wilhelm Röntgen, fysikar fødd 1845 i Tyskland. Han oppdaga røntgenstrålane, som brøyta veg for enklare diagnostisering av pasientar med skader i skjelettet. Strålane blir også mykje nytta i materialgransking og sveisestyrke, bl.a. Röntgen fekk Nobelprisen i fysikk i 1901 for denne oppdaginga. Jurij Gagarin, verda sitt første menneske til å flyge i bane rundt jorda, 1961. Han døde i ei flyulukke*) 1968, 27. mars. Oljeplattforma «Alexander Kielland» kantra under uver i Nordsjøen 1980. 123 menneske omkom, og 83 blei redda.

*) Førstemann i verdensrommet, Jurij Gagarin, døde da en uvøren jagerflykollega kom så nær flyet hans at det gikk i spinn - og styrtet mot jorden i en hastighet på 750 km/t.

Ord for dagen, Voltaire (f. 1694): «Øyet er veien til hjertet.»

3-minutt ved Ingjerd Asbjørnsen: Ho hadde valt å reflektere litt over Kulturminnelova, aktuell med funn av nytt, gammalt vikingskip i Borreparken, Horten. Ikkje like positiv var hennar og mannen Svein si oppleving av praktiseringa av lova, som ho meinte la så store hindringar i vegen for deira byggeprosjekt nær Berlihuset, at det spøkte for heile prosjektet. Strengt praktisert kan lova såleis vere til betydeleg hinder for utbygging i sentrum og sentrumsnære område i heile Noreg.

Opplysningar: Førstkommande klubbmøte går ut, til fordel for Årsfesten fredag 5. april klokka 19 i Odd Fellow lokalet, Straumgjerde. Merk tida klokka 19!

·        Petter Velle hadde vore på PETS og melde om godord og utmerking attende til klubben for ekstra godt system for banktrekk og innbetaling til TRF… The Rotary Foundation. Klubben hadde også fått pengar attende, med betydeleg støtte både til parkeringsplass ved Speiderbo og til vårt engasjement på Filippinane, med Lola Day Care Center / May Britt Tynes.

Song for dagen: Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og arme… Olav føresongar peika på koplinga til Erlend Lillevik: vår RYLA-ungdom, gjest og høgst oppegåande føredragshaldar. Velklingande song og velsmakande kaffi og kakestykke vart gjort unna på under eit kvarter, og dermed fekk Lillevik sin tilmålte halvtime til disposisjon, med tema:

 

På RYLA seminar i Ulsteinvik, 8.-10. november 2018

http://d2305.rotary.no/no/ryla-more-og-romsdal#.XKI97pgza70


NB: Med stor velvilje har Erlend stilt til rådvelde sin pptx-presentasjon, som du får opp når du klikkar her. Hugs å vente på PowerPoint, nedlasting av 28 MB.

Erlend utmerka seg i kåseriet med tydeleg og god tale, og med greie/ informative lysbilete.

Etter presentasjon av seg sjølv – der han m.a. viste til både far og bestefar som rotarianarar, og jamvel oldefar Marius som kjendis i Sykkylven,- var visst ingen i lokalet i tvil om kvar Erlend kom frå. Denne skrivaren hugsa jamvel Erlend frå mai 2011, som følgde far og buss-sjåfør Hallstein på Rotary-turen til bl.a. Naas Kalksteinbrudd AS og Nilsen Museet på Eide, Nordmøre, med forvitnelege bilar og traktorar… mellom mangt anna. Med på den turen var – forutan faren, også bestefar Erling og veslebror Karl Johan. Ei stor oppleving. Biletet viser gutane saman med ein rålekker Ford GT40 mk2, med 6,4 liter V8 motor, meiner far å hugse. Tett på åtte år har gått, og både vi og gutane ber preg av det. Men, tilbake til Erlend og kåseriet:

Etter som kvart av lysbileta i følgje ordtaket seier «meir enn tusen ord», vil eg her ikkje trøytte lesaren med altfor mange detaljar, men framheve Erlend si udelt positive attgjeving av opplevinga på seminaret i Ulsteinvik. Dei rundt 30 deltakarane i alderen 17-30 år –  frå Sunnmøre-regionen,– vart behandla og utfordra på aller beste vis. Stikkord som samarbeid i grupper og kreativitet var høgt verdsett, ikkje minst i konstruksjon og oppbygging av ein katapult som skulle skyte ut ein tennisball lengst mogeleg. Er du heldig, ser du «vinnarskotet» i eit av bileta i PowerPoint-serien. (Det verka greitt på min PC) Seminaristane fekk også prøve seg på Jung sin personlighetstest, for å lære meir om seg sjølve. Sjå lysbilete.  Ekskursjon til Kleven Verft AS sto på programmet, og ved kaia låg det nesten fiks ferdige, nye cruise- og hurtigruteskipet  «Roald Amundsen». Saman med sosialt samvær, god mat og trivelege omgjevnader, gav konklusjonen seg sjølv: Dei årvisse RYLA-seminara er eit FUNN for alle kvinner og menn mellom 20 og 30 år som ønskjer å knytte nettverk og prøve/ utvikle seg sjølv som leiar.

Erlend var vel verd dei gode orda som president Greta gav han til slutt i møtet.

Neste Rotary-møte blir Årsfesten i Straumgjerde, fredag 5. april kl. 19. Vel møtt!   

Tusen takk til Erlend!            Bileta følgjer:


Frå venstre: Stilig Ford (for modell, les i referatet!), Erlend og Karl Johan Lillevik. Åtte år seinare: Erlend har kåsert i SRK om korleis det var å ta del i RYLA-seminar, og får vel fortent og STOR takk frå president Greta Herje.


Ein tydeleg fornøgd flokk med RYLA-ungdommar: Ulsteinvik, 8.-10. november 2019. Erlend står mellom dei bakerste. Rolf Klock - RYLA-entusiast og seminarleiar, ser du lengst til høgre med grå jakke. 


 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS