Kjellbjørn Tusvik og Cylindra

Besøk av Kjellbjørn Tusvik som ville fortelje om Cylindra-fabrikken

President Roger Kornberg ynskte velkomen til  Rotaryvener og gjestar Kjellbjørn Tusvik og Steinar Asbjørnsen

Han refererte så til ein del hendingar frå historia på denne datoen:

1941: Angrepet på Pearl Harbor under 2. verdskrigen

1993: INF-avtalen mellom USA og Sovjetunionen.  President Donald Trump trekte for øvrig USA ut av denne avtalen i 2019

Frå populærmusikk-verda:

The Eagles gav ut skiva og hiten Hotel California i 1976

Beatles -medlemen John Lennon vart drept på denne dagen i 1980.

Den finske komponisten Jean Sibelius vart fødd på denne dagen i 1865.

Den norske forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd på denne dagen i 1832.

 

Namnedag:  Marion, Marlene og Morgan.

Sekretær Kristin fekk ordet og refererte frammøtet på forrige møtet 1. desember, nemleg 18 personar , som gir ein frammøteprosent på 40

Fødselsdager i Rotaryklubben:  Knut Vollstad fyller 83 år 11. desember.

President Roger opplyste at på grunn av strengare Korona-reglar må vi avlyse julemøtet 15. desember.

Allsong:  

Vi song Julekveldsvisa av Alf Prøysen

3-minutt

Dagens 3- minutt var ved Bastian Weiberg-Aurdal;


I dag har eg tenkt å ta opp eit tema som opptek meg veldig mykje både som bonde og som tilsett i Felleskjøpet,  nemleg dei skyhøge prisane på mineralgjødsel.

Sidan i vår og fram til september har prisane omtrent dobla seg på rein Nitrogengjødsel,  og Felleskjøpet stoppa salget av den -   NPK-gjødsla har no også etterkvart  meir enn dobla seg i pris.

Landbruket er som kjent ei politisk næring – vi har årlege jordbruksoppgjer der Budsjettnemnda for jordbruket legg opp forutsetningar for prisar på produkt og innsatsfaktorar for den komande perioden,  og forhandlingar mellom Staten og interesseorganisasjonane Bondelaget og Småbrukarlaget, der Stortinget til slutt gjer eit endeleg  vedtak om ein Jordbruksavtale.

Etter at prisane på gjødsel auka så mykje utover sommaren,  vart det grunnlag for reforhandlingar mellom Staten og landbruksorganisasjonane,   og det vart bevilga vel ein halv milliard i neste års Statsbudsjett,  som kompensasjon for kraftig prisauke på handelsgjødsel og byggevarer.

Men etter dette,  så har vi fått endå ei kraftig auke i prisane på gjødsel som medfører at bonden må betale ca 50% meir enn det som vart kompensert for i Statsbudsjettet.

Sjølv om vi har ein norsk gjødselprodusent i Yara,  så er det eit børsnotert selskap som er opptatt av økonomisk profitt,  og for øvrig berre 10 % av produksjonen deira går til å dekke det norske gjødselmarkedet, så her får ikkje den norske bonden noko ekstra.

 

Årsakene til desse høge prisane er fleire:

Prisen på matvarer har auka sterkt i det siste året

·       Tørke i nordvestlige område i Nord-Amerika

·       Lågare avlingar enn forventa i Brasil, Russland og Ukraina

·       Låge lager av korn rundt om i verda

·       Covid-19 pandemien har ført til tregheit i logistikk og forsyningskjeder

Dette har ført til at bøndene i dei store landbrukslanda nemnt ovanfor  ser at matvarene stig i pris,  og dei aukar produksjonen og tek i bruk mer marginale nye areal som igjen fører til auka etterspørsel etter gjødsel

 

Auka råvareprisar

Prisen på naturgass har auka kolossalt,  som igjen har gjort at ammoniakkprisane har skote i veret   - ammoniakk trengs for å produsere gjødsel

·       Kina har hatt ein enorm appetitt på landbruksråvarer i heile 2020 og 2021

·       For å bygge oppatt svineproduksjonen etter den afrikanske svinepesten i 2018/2019

·       Auka importen av landbruksråvarer med 58% i første kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i 2020

·       Stor etterspørsel etter soya, mais og kveite gir auka prisar i store produsentland som USA og Brasil,  som sår og planter  så store areal som mogleg

·       Som igjen fører til tilsvarande auke i etterspørselen etter gjødsel og betydeleg større enn det  marknadsaktørane såg for seg, 

·       Med låge lagerbeholdningar  inn mot våronna og begrensa muligheiter for å auke produksjonskapasiteten,  førte til at gjødselprisane auka    mykje at matvareprisane i verda vart dei høgaste sidan 2011

 

Dette viser at beredskap er særdeles viktig og vi er svært sårbare i verda med for små reservar av kornråvarer og også råvarer til mellom anna gjødselproduksjon.  Viss det skjer naturkatastrofer eller reduserte avlingar samtidig fleire stader på kloden,  kan det fort få slike  dramatiske utslag som dette !

 

Hovedtema

Kjellbjørn Tusvik fekk ordet;  Han ville fortelje om historia til Cylindra-fabrikken som han etablerte i 1989.  Han har i lang tid emna på eit bokprosjekt om historia til Cylindra,  og han har mellom anna 450 presseklipp som han har prøvd å  systematisere. Han kalla foredraget «Cylindra – en annerledes skap(elses) beretning». 

Det heile starta i ein bøkkeverkstad på ein liten stad i Romsdal – dei produserte tønner som vart brukt til lagring og transport av fisk.  Fagfolka ser at marknaden forsvinn og spør seg sjølv; er dette slutten på den gamle handtverket ?

«Nei», seier Peter Opsvik, ein kreativ designer frå Stranda.  Han gir det gamle handverket nytt liv, med den same teknikken – med stavar som settast saman for å gi den runde forma.  «Sylinderen er som eit lerret utan horisontale begrensingar» – han ser muligheiter for funksjonelle objekt,  bord, stolar og skap – han teiknar i grenselandet mellom møbel og skulptur.  Eit behov – eit livsgrunnlag – rom for inspirasjon og tankespel

I dag er handverket flytta til Sykkylven – like  ved sjøkanten i Tusvika, og med den idylliske Storfjorden som nabo, fortsetter forteljinga.

Cylindra,  ein kunstverkstad med galleri, ein fabrikk,  men også ei forteljing om ei samansmelting av tradisjon og kreativitet,  eit dynamisk namn som blir til ein spanande invitasjon – til vandring – mellom klokskap og kunnskap - ,menneske frå alle kulturar let seg villeg begeistre av desse objekta som så lett lokker fram smilet – og som du aldre gløymer.

Han fortalde vidare om ei spanande reise frå tidleg 1990-talet og fram til i dag,  og her tek eg med berre eit lite utval;  

-samarbeid med Ekornes i USA i 1991 som varte berre ei kort stund

- han fekk innsatsprisen til SNU ( Sykkylven næringsutvikling ) i 1992

- utstilling i World Trade Building I Tokyo I 1996, der redaktøren for Design News i Tokyo skreiv at «Cylindra-objekta til Peter Opsvik vil eg samanlikne med eit litterært mesterverk»

- i 1997 valde han å stille ut i New York ICFF – International Contemporary Furniture Fair

- I 2000 fekk dei besøk frå 5 finske aviser, med store oppslag i avisene i Finland. «Jeg arbeider her fordi jeg bor her», svarer Kjellbjørn Tusvik

- i 2005 – Eva Joly opnar Tusvik-utstillinga

- i 2006 – dei opna Furniture-guiding for turistar som kom innom Sykkylven

- I 2010 – Opsvik-kveld I galleriet

- i 2012 – besøk av Rotary-ungdomar frå 11 land

- 2015 – Møbelkraft opna av næringsminister Monica Meland

- i 2016 – arbeidet med «Designvegen» heldt fram

Frå 2017  har dei gjort ein del oppussingsarbeid med kjøkken, toalett og nytt varmeanlegg

Sist sommar vart det arrangert møbelvandring i Møbelmuseet, Berlihuset og Cylindra for turistar.

Utstillinga «Power of Art» I Shanghai, Kina, var aktuell å delta på, men vart avlyst på grunn av Korona.

Ja, dette var berre eit lite utdrag av det Kjellbjørn Tusvik og Cylindra har vore gjennom på dei 32 åra sidan bedrifta vart starta i 1989


 

Refererent

Bastian Weiberg-Aurdal


 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS