Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og utvikling av spesialisthelsetenestene i fylket vårt

President Hallstein Lillevik opna møtet med å ønskje gjester og medlemmer velkomne, før han let Olav leie allsongen Dei gamle fjell i syningom, av Ivar Aasen. Her ligg som kjent varige verdiar som kan underskrivast den dag i dag både om å bygge ei god folkehelse og om dei mange endringar vi kan sjå i samfunnet rundt oss. Alle møta i Rotary startar med 3-minutt, der medlemmet lyt «fatte seg i kortheit» om eit tema han eller ho vel sjølv, men gjerne relatert til yrket sitt. NAV-tilsett ved Arbeidslivs-senteret i Ålesund, Odd Jostein Drotninghaug, held saman med eit dusin andre eit vake auge på arbeidsmarknads-situasjonen. Han har særleg merksemd mot deler av Sunnmøre. Odd tok utgangspunkt i ein fersk rapport som regjeringa har fått utarbeidd om Evaluering av IA-avtalen, inkluderande arbeidsliv. Rapporten viser m.a. at det har gått veldig bra med å redusere sjukefråveret – spesielt i privat sektor, som har under 3,9 % fråver. Også i offentleg sektor går det rette vegen mot målet 5,6 %.

Helse Møre og Romsdal Hf

Dag Hårstad er trønderen som vart konstituert i jobben etter Astrid Eidsvik, då ho i desember 2014 gjekk av på dagen som øvste administrative leiar i Hf, helseføretaket. Han er kjend som ein dyktig leiar, men er av utdanning flygeleiar! Dessutan er han  styremedlem i Avinor og pilot. For få år sidan var han adm. dir. i Rusbehandling Midt-Norge, der Greta Herje var styreleiar. Når «gamlesjefen» spurde han om å vitje rotaryklubben i Sykkylven, kunne han ikkje godt seie nei. «Litt meir på leiings-biten enn på struktur-biten» ville han styre mot i føredraget sitt, men han ville også innom Nasjonal helse- og sykehusplan, og «ein del andre ting» - strategi, kultur og leiarskap, på 40-50 minutt. Inga lita formidlingsoppgåve, verken for føredragshaldaren eller for skrivaren med avgrensa spalteplass til rådvelde! Kva er Helse M og R si oppgåve? Vi skal yte meir og betre helsetenester i tråd med befolkninga på 270.000 sine behov, til ein lågare kostnad. Sjukehusa i Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund skal syte for det, og vil vere verktøyet for å løyse denne oppgåva. Kortversjonen er 6700 tilsette, og ei årleg omsetning på 5,9 milliardar kroner – ein halv milliard kroner i månaden. Ei svær bedrift, som har kontakt med om lag 300.000 pasientar i året! I tillegg kjem eit ti-tals institusjonar som dekker særlege behov. Effekten av «lyn-nedslaget» for eit halvår sidan har gjort at situasjonen i fylket og helseføretaket er svært alvorleg. Vurderingar og oppfatningar i dei tre fogderia Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre er høgst ulike, og ber ikkje preg av ein heilskaps helsepolitikk for fylket. Til dømes er det skepsis ved sjukehuset i Ålesund til eit nytt «cluster-sjukehus» til 4-5 mrd. kroner i Molde, som etter fleire si meining vil rokke ved investeringar og status til sentralsjukehuset her. I Volda-området er dei bekymra for å bli salderingspost for alt saman. Dette fører til uvisse, mangel på tillit, ubehag og rom for konspirasjons-aktivitetar. Dette er ikkje bra for Helse Møre og Romsdal Hf, og fører til ein vanvittig energi-lekkasje på alle nivå.  Sjølv etablerte, politiske strukturar slær sprekker!
For å føre det store helseføretaket på stø kurs mot smulare farvatn, meinte Hårstad at eit viktig element i dei strategiske linene for å skape ny tillit vil vere å delegere flest mogleg avgjerder lengst mogleg nedover i systemet. Kontinuerleg opplæring og kompetanseheving er også eit viktig element til beste for både føretaket og pasienten, som først og fremst og til sjuande og sist er den som det heile er bygd opp for å tene! Potensialet er kjempestort, men det tek tid. Vi lever i eit konservativt miljø, som har ein tendens til å seie: «Vi veit kva vi har, men vi veit ikkje kva vi får.» Tillit og kompetanse på alle nivå, også blant politikarane, vil vere den beste medisin for å skape også eit godt og sunt helseføretak!







 
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS