Harald Kjølås:

Tidligere redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås held foredrag om "Sunnmøringen på godt og vondt". Les dette humoristiske foredraget.

Referat frå Rotarymøte 30.08.2017:

President Bastian ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sin foredragshaldar, Harald Kjølås.

Som vanlig eit lite resyme av noko av det som har skjedd denne datoen opp igjennom historia:

1809: Selskapet for Norges Vel stifta.

1888: Måleren Nicolai Astrup født.

 

2017: Krigshelten og journalisten/reporter. Joakim Rønneberg fyller 98 år.

 

  • Bilderesultat for joakim rønneberg

Som Rotarysong hadde trubadur Olav funne fram til eit konglomerat av ein song som gjekk på tonen av «Sønner av Norge». Han fortalte at denne blei til under eit kurs for oppdatering av kunnskap om undervisning for 1. klasse på skulen. I denne sangen fekk ein med nesten alle strofer av kjente norske sanger.

Sekretær Knut Henning var tilbake og kunne fortelle at det var Knut Jarle Vik og Knut Vollstad sin tur for BUAS- besøk. Forrige møte var det 23 frammøtte og 56 %.

Når det gjeld bursdager, fyller Kai Otto Roald 66 år 1. september.

Og Asbjørn Klokk fylte 70 år 28. august. Blomster og gratulasjoner til Asbjørn.

3- minutt var denne gang ved Jan Fredriksen: Han fortalte at han hadde ein tømmermannsblyant med 3 gule lapper på. Den første skulle minne han om at han kom til å bli bestefar i kvart øyeblikk. Den neste skulle minne han om  studietida i England og Manchester. Då var urbanisme ein del av studia hans. Han nevnte eit eksempel på eit urbant eksperiment i denne byen. Det blei vedtatt å bygge ein heilt ny by med plass til 10000 innbyggere. Så flytte same antall frå saneringsferdige strøk i Manchester til den nye byen. Etter 8 – 10 år flytta desse likevel tilbake til Manchester. Dei savna det urbane livet her.

Nesten som ei videreføring av dette, tok han fram den siste lappen som omhandla dagens situasjon med kommunesamanslåinger. Ålesund Storkommune med kommunene nord for Storfjorden hadde han stor tru på. Ein ville få eit planområde, og kommunestyrerepresentantene ville representere sine tidligere kommuner.  Beslutningssystemet ville bli bedre på denne måten. Til sist nevnte han at denne Storkommunen ville danne motvekt til Sykkylven – Stranda på sørsida. Videre såg Jan for seg at om 10 – 15 år ville elektriske ferjer trafikkere Storfjorden. Dette ville gjere det lettere for pendlere å ta seg over fjorden, og reise til sine arbeidsplasser i Ålesund.

Eit veldig interressant,  visjonært og urbant 3- minutt av Jan.

Karl Johan si tjenestetid som serveringsmedhjelper er no over. Som avskjed serverte han aldeles nydelige sjokoladekaker. Dei glei ned før ein hadde fått sukk for seg.

Så hadde vi alle gledd oss til å høyre kva tidligere redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås hadde å fortelje om «Sunnmøringen på godt og vondt» Og Kjølås skuffa slett ikkje. Han held eit interessant og humoristisk foredrag om temaet.

Innleiingsvis fortalte han at han hadde bodd mange år i Oslo, men har no flytta tilbake til Sunnmøre for godt, og trivdest best med det.

Grunnlaget for møbeleventyret både i Sykkylven og på Stranda i mellomkrigstida var at det var eit egalitært samfunn, der det var lite forskjell på fattig og rik. Grundere gjekk saman med arbeiderne både i jobb og fritid. Ofte blei arbeidere rekruttert i venneflokken. Lønningene var blant dei laveste i landet, slik at produksjonskostnadene blei deretter, og bedriftene fikk på den måten ein «flying start». Andre sunnmørske dyder som hardt arbeid, forsiktighet med penger, det å gjere rett for seg,  hjalp også til. Dette sunnmørske møbeleventyret blei samanlikna med humla og hennar flygeferdigheter. Teoretisk sett skulle ho ikkje kunne fly. Ho veit ikkje om det, derfor får ho det til. Slik var det med møbelgrunderen også. Egentlig så skulle det vere umulig å etablere slike bedrifter hos oss. Men dette blei mulig fordi grunderne ikkje visste kor naturstridig dette var.

Harald Kjølås nevnte også andre karaktertrekk som å vere skeptisk til alt nytt og når det nye viste seg å bli ein suksess, var sunnmøringen meir entusiastisk enn nokon.

Sunnmøringen var vand med å hjelpe seg sjøl og var lite autoritær. Derfor er det ikkje høflig tiltale i sunnmørsdialekter. Og om ein skal fokusere på noko negativt, men som kan snuest til noko positivt: Misunning var nok også ei sterk drivkraft både å¨godt og vondt.

Både lekmannsrørsla og avhaldsrørsla stod sterkt på begynnelsen av 1900- talet; noko som kanskje ikkje er overraskende på bakgrunn av alle nevnte karaktertrekk.

Kva så med stereotypien «Sunnmøringen»? Lever han i dag? I følge Kjølås lever han nok, men pga. av urbaniseringa er han mindre tydelig i dag. Likevel, meiner professor Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda,  at den er sterkere enn stereotypien «Romsdaling» og «Nordmøring». Og han meiner at stereotypien er sterkere enn det som måtte finnes av stereotypier i resten av landet.

Kjølås siterte Artur Klæbo: «Ein sunnmøring er ein mann som ruller stein medan han kviler». Dette synes referent kan oppsummere mykje av dei karaktertrekk som heng ved sunnmøringer.

Det hadde tydeligvis vore eit både engasjerende og underhaldande kåseri, for etterpå var det mange spørsmål og kommentarer.

Stor takk til Harald Kjølås!

 

President Bastian minte om neste Rotarymøte. Då får vi besøk av nederlandske Ingrid van der Velde. Tittelen på hennar foredrag er «Frå Nederland til Sykkylven. Møte med Sykkylven på godt og vondt». Til slutt ønska han alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth.

 

 


 
Rydding i kirkeparken

2. mai 2026

Rydding i kirkeparken

Dugnad i Kirkeparken

Presentasjon av Høbben

19. april 2026

Presentasjon av Høbben

Onsdag den 15. april fekk klubben besøk frå HØBBEN ungdomsklubb i Ullavika. Hanna, Hedda, Sofie og Kieu presenterte klubben på beste vis til eit lydhøyrt publikum.

9. april 2026

Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.

Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo.
Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.
Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit.

RYLA seminar Ålesund

30. april 2025

RYLA seminar Ålesund

Referat fra RYLA seminar i Ålesund

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

26. april 2025

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

Det nærmar seg både konfirmasjon og 17. mai, og tradisjonen tru stiller Sykkylven Rotary Klubb (SRK) opp med vårpuss i området ved kyrkja.

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

27. mars 2025

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og pres

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

13. desember 2024

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.

Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399