Referat frå Rotarymøte
06.09.17:
På grunn av avgang frå både President og Past og Past-Past,
var 4. i «arverekka», Hallstein som var kveldens programleier.
Han starta med å ønske kveldens gjest, Ingrid van der Velde
velkommen. I tillegg også ein annen gjest som det ikkje blei oppgitt namn på.
Hallstein tok for seg nokre hendinger denne datoen:
Sirill og Siv har namnedag.
1879: Seinere statsminister Johan Nyaardsvold blei født
denne dato.
1915: Tysk politiker og føderal kansler, Franz Josef Strauss
født.
1991: Baltikumstatene blei sjølstendige.
I takt med årstida, hadde trubadur Olav funne ein song som
passa: «Ein sommer er over». Ved hjelp av ein elektronisk «duppeditt», blei vi
ledsaga i sangen av sjølveste Kirsti Sparboe.
Sekretær Knut Henning kunne meddele at det er Bastian og
Knut Vollstad som står for tur til BUAS- besøk. Ingen bursdager. Forrige møte
var det 24 oppmøtte. Medrekna permisjoner og fritak, gav dette ein
frammøteprosent på 62.
3 minutt var denne gang ved Kjell Heggdal: Han fortalte at
han no begynner å få røynsle i det å vere pensjonist, nemlig 13 år. Han føler
at han har greid seg rimelig bra, hode er fortsatt på rett plass. For Kjell er
det viktig å halde seg aktiv både sosialt og fysisk. Aktivitetene gjennom året
deler han i to: Snekring i vinterhalvåret og hagebruk i sommerhalvåret.
Snekringa foregår hos Kjellbjørn Tusvik ved Cylindra. Hos han har dei det
sosialt og kjekt. Av og til kan dei hisse seg litt opp og bli irriterte, men
slutter før det går på helsa laust. I vinter, fortalte han at han har snekra
eit skap. Elles forskjellige andre ting som ikkje minst svigerdøtrene setter
pris på.
Når det gjeld hagebruk dyrker han mange grønsaker. Fortel at
han hadde store ambisjoner når det gjaldt knutekål, men dette slo ikkje heilt
til. Han konfererte med ekspert Bastian, og blei anbefalt å tilføre jorda bor.
Men bortsett frå nevnte grønsak, synes Kjell at han har fått til hagebruket
ganske bra. Tilslutt understreka han kor viktig det er å kompostere avfall slik
at ein slepp å kjøpe torvjord. Eit koselig og humoristisk 3 minutt av Kjell.
Vi har fått ny serveringshjelp, og debuten er lovende:
Kjempegode kaker.
Etter ønske frå Ingrid van der Velde er henner foredrag sletta.
Ein halv time på overtid, takka Hallstein for frammøte, minte
om Presidenten sin time neste onsdag og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.