Referat frå Rotarymøte
13.09.2017:
President Bastian ønska vel møtt til Presidenten sin time,
og ikkje minst viktig, vinlotteri.
Denne datoen har Stig og Stian namnedag.
Den engelsk – norske forfatteren, Roald Dahl blei født i
1916.
I 1936 skjedde den tragiske rasulykka i Loen og 74 mennesker
omkom.
Og siden vi nettopp har Stortingsvalget bak oss: I 1965 fikk
dei borgerlige fleirtal ved Stortingsvalget, og Per Borten skipa ei
samlingsregjering.
Trubadur Olav var ute på reise, og som erstatning fikk Ove i
oppgåve å finne ein passende Rotarysang: «Hver dag er en sjelden gave.» Ove tok
sjøl opp tonen og losa oss trygt gjennom sangen.
Sekretær Knut Henning forkynte at det er Petter Velle og
Bjørg Welle som står for tur til BUAS- besøk.
Frammøte sist var 21, og med permisjoner og fritak, gav
dette ein frammøteprosent på 55 %.
Denne gangen var det Jarle sin tur til å halde 3- minutt:
Han tok for seg utvikling organisatorisk innen for fysioterapiyrket dei siste
åra.
Han tok oss først tilbake til 1980, det året han begynte som
fysioterapeut her i Sykkylven. Då var det legene som bestemte det meste. Dei
skreiv ut rekvisisjoner og bestemte kva behandling pasienten skulle ha og antallet.
Ut ifrå dette fikk fysioterapeuten betalt. Når ikkje alle leger var like «bevandra» innen fysioterapi, kunne dette av og til gi seg litt
komiske utslag. Men stort sett blei dette ordna pragmatisk her i Sykkylven.
Så gjorde Jarle ei kraftig byks tidsmessig, fram til før 1.
januar 2017. Då var data for lengst innført i yrket. Uten data, ingen betaling
eller kommunikasjon med kolleger og leger.
Etter 1. januar i 2017, vedtok Stortinget at diagnoselista
skulle takest bort. Alle må betale for behandling, med to unntak, barn til og
med 15 år og dei som har fått godkjent yrkesskade. Som kompensasjon er
egenadelstaket satt ned frå 2650,- til 1990,-. For at denne registreringa skulle
gå greit, blei det bestemt at fysioterapeutene skulle knytte seg til Norsk
Helse Nett. Altså mao. bli elektroniske og vere på nettet. For å få dette til,
var det ein lang søknadsprosess til 3 ulike instanser før nyttår. Jarle var
litt skeptisk til dette, med bakgrunn i
ymse erfaring med Brønnøysundregisteret. Men det heile gjekk greit igjennom.
Sjøl om det var litt «kafs» å knyte seg til, er det også
mange fordeler. Kommunikasjonen med leger, kolleger og myndigheter er no berre
eit tastetrykk unna, mot kommunikasjon via CD- rom, brev eller telefon
tidligere. Lønna, som vi måtte vente på både ei og to veker etter innsending av
CD- rom, kjem no berre etter nokre få timer.
Men «rosinen i pølsa», sa Jarle, er at frå 1. januar 2018,
er det direkte adgang til fysioterapeut. Dette for å gjere det lettere for både
leger og fysioterapeuter ved inntak av nye pasienter. Pasientene slepp først å
bestille seg time hos legen, og kanskje vente eit par veker før han/ho får
time. Etter at legen har gitt pasienten ei henvisning til fysioterapi, må så
pasienten henvende seg til fysioterapeuten å stå på venteliste hos denne. Det
heile vil bli enklere, og ein vil spare legene for unødig bruk av tid og
krefter.
Sjølsagt er det også ei flott anerkjenning av
fysioterapifaget.
Jarle såg to umiddelbare utfordringer: For det første: eit kapasitetsproblem. Avtalefysioterapeuter
har allereie i dag lange ventelister. Den andre utfordringa er at i tilfeller
der fysioterapeuten er første kontakt, må han/ho vere veldig observant på at
ikkje aller plager er fysikalske. Ved mistanke om plager som er utenfor
fysioterapeuten sitt kompetanseområde, må
pasienten sendes videre til personell med meir medisinsk bakgrunn, det vil i
dei fleste tilfelle sei, legene.
Konklusjonen på 3- minuttet, er at det har vore ei stor og til
dels positiv utvikling av fysioterapifaget organisatorisk. Faget er i ein heilt
annen grad integrert i det øvrige helsestellet enn første tida Jarle var
fysioterapeut.
Så var det tid for Rotarykaffi og loddsalg. Bastian
presenterte vår nye serveringshjelp. Referent må innrømme at han ikkje husker
nanmet til ungdomen. Vil kome tilbake til det ved neste referat. I alle fall
har han fått ein lovende start når det gjeld kakene som blir servert.
Etter kaffien presenterte president Bastian utdrag av ein Presentasjon
av Rotary som Jarle hadde laga hausten 2014, då han var president. Den originale
Presentasjonen er ganske lang og omfattende, men Bastian plukka ut eit
representativt utvalg av bilder og opplysninger. Denne er tenkt til bruk når vi
har gjester og vil promotere Rotary.
Til slutt forkynte visepresident Greta kven som var dei
heldige vinnerne av vinlotteriet. Presidenten opplyste at neste gang får vi
besøk av spesialsjukepleier Marianne Urke som vil halde foredrag om eit interessant
og alvorlig tema: «Leve med hjarteinfarkt». Medlemmene blei oppfordra til å ta
med seg ein gjest. Så takka han for møtet og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.