Presidenten sin time:

Referat frå Presidenten sin time 13. september.


Referat frå Rotarymøte 13.09.2017:

President Bastian ønska vel møtt til Presidenten sin time, og ikkje minst viktig, vinlotteri.

Denne datoen har Stig og Stian namnedag.

Den engelsk – norske forfatteren, Roald Dahl blei født i 1916.


I 1936 skjedde den tragiske rasulykka i Loen og 74 mennesker omkom.

Og siden vi nettopp har Stortingsvalget bak oss: I 1965 fikk dei borgerlige fleirtal ved Stortingsvalget, og Per Borten skipa ei samlingsregjering.


Trubadur Olav var ute på reise, og som erstatning fikk Ove i oppgåve å finne ein passende Rotarysang: «Hver dag er en sjelden gave.» Ove tok sjøl opp tonen og losa oss trygt gjennom sangen.

Sekretær Knut Henning forkynte at det er Petter Velle og Bjørg Welle som står for tur til BUAS- besøk.

Frammøte sist var 21, og med permisjoner og fritak, gav dette ein frammøteprosent på 55 %.

Denne gangen var det Jarle sin tur til å halde 3- minutt: Han tok for seg utvikling organisatorisk innen for fysioterapiyrket dei siste åra.

Han tok oss først tilbake til 1980, det året han begynte som fysioterapeut her i Sykkylven. Då var det legene som bestemte det meste. Dei skreiv ut rekvisisjoner og bestemte kva behandling pasienten skulle ha og antallet. Ut ifrå dette fikk fysioterapeuten betalt. Når  ikkje alle leger var like «bevandra» innen  fysioterapi, kunne dette av og til gi seg litt komiske utslag. Men stort sett blei dette ordna pragmatisk her i Sykkylven.

Så gjorde Jarle ei kraftig byks tidsmessig, fram til før 1. januar 2017. Då var data for lengst innført i yrket. Uten data, ingen betaling eller kommunikasjon med kolleger og leger.

Etter 1. januar i 2017, vedtok Stortinget at diagnoselista skulle takest bort. Alle må betale for behandling, med to unntak, barn til og med 15 år og dei som har fått godkjent yrkesskade. Som kompensasjon er egenadelstaket satt ned frå 2650,- til 1990,-. For at denne registreringa skulle gå greit, blei det bestemt at fysioterapeutene skulle knytte seg til Norsk Helse Nett. Altså mao. bli elektroniske og vere på nettet. For å få dette til, var det ein lang søknadsprosess til 3 ulike instanser før nyttår. Jarle var litt skeptisk til dette,  med bakgrunn i ymse erfaring med Brønnøysundregisteret. Men det  heile gjekk  greit igjennom.

Sjøl om det var litt «kafs» å knyte seg til, er det også mange fordeler. Kommunikasjonen med leger, kolleger og myndigheter er no berre eit tastetrykk unna, mot kommunikasjon via CD- rom, brev eller telefon tidligere. Lønna, som vi måtte vente på både ei og to veker etter innsending av CD- rom, kjem no berre etter nokre få timer.

Men «rosinen i pølsa», sa Jarle, er at frå 1. januar 2018, er det direkte adgang til fysioterapeut. Dette for å gjere det lettere for både leger og fysioterapeuter ved inntak av nye pasienter. Pasientene slepp først å bestille seg time hos legen, og kanskje vente eit par veker før han/ho får time. Etter at legen har gitt pasienten ei henvisning til fysioterapi, må så pasienten henvende seg til fysioterapeuten å stå på venteliste hos denne. Det heile vil bli enklere, og ein vil spare legene for unødig bruk av tid og krefter.

Sjølsagt er det også ei flott anerkjenning av fysioterapifaget.

Jarle såg to umiddelbare utfordringer: For det første:  eit kapasitetsproblem. Avtalefysioterapeuter har allereie i dag lange ventelister. Den andre utfordringa er at i tilfeller der fysioterapeuten er første kontakt, må han/ho vere veldig observant på at ikkje aller plager er fysikalske. Ved mistanke om plager som er utenfor fysioterapeuten sitt kompetanseområde,  må pasienten sendes videre til personell med meir medisinsk bakgrunn, det vil i dei fleste tilfelle sei, legene.

Konklusjonen på 3- minuttet, er at det har vore ei stor og til dels positiv utvikling av fysioterapifaget organisatorisk. Faget er i ein heilt annen grad integrert i det øvrige helsestellet enn første tida Jarle var fysioterapeut.


Så var det tid for Rotarykaffi og loddsalg. Bastian presenterte vår nye serveringshjelp. Referent må innrømme at han ikkje husker nanmet til ungdomen. Vil kome tilbake til det ved neste referat. I alle fall har han fått ein lovende start når det gjeld kakene som blir servert.

Etter kaffien presenterte president Bastian utdrag av ein Presentasjon av Rotary som Jarle hadde laga hausten 2014, då han var president. Den originale Presentasjonen er ganske lang og omfattende, men Bastian plukka ut eit representativt utvalg av bilder og opplysninger. Denne er tenkt til bruk når vi har gjester og vil promotere Rotary.

Til slutt forkynte visepresident Greta kven som var dei heldige vinnerne av vinlotteriet. Presidenten opplyste at neste gang får vi besøk av spesialsjukepleier Marianne Urke som vil halde foredrag om eit interessant og alvorlig tema: «Leve med hjarteinfarkt». Medlemmene blei oppfordra til å ta med seg ein gjest. Så takka han for møtet og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth   




 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS