Referat frå Rotarymøte
27.09.2017:
President Bastian ønska vel møtt til dette Rotarymøte 27.
september. Spesielt til kvelden sin foredragshaldar, Vibeke Aanning Aarseth. Ho
er den nye direktøren ved Formfin Møbler
her i Sykkylven. I samband med dette, vil ho halde sitt foredrag.
Først nevnte presidenten opp noko av det som har hendt denne
datoen:
Dagmar og Dagrun har
namnedag.
I 1624 gav Kristian 4. navn til Kristiania, noverande Oslo.
1825 blei den første jernbanestrekning i verda opna i
Storbritannia. Ruta gjekk mellom Stockton og Darlington.
1959: 5000 mennesker omkom i uvær i Japan.
1982: Skandinavias første prøverørsbarn kom til verda i
Gøteborg.
27. september er Verda sin Turismedag.
Endelig hadde vi fått tilbake vår sårt sakna trubadur Olav.
For å kompensere for sitt fråver hadde han funne fram til: «Gladsang». Med Olav
sitt gitarspel, og til tonen av «Høyt over fjellet», lydde det riktig flott og
til å bli glad av.
Sekretær Knut Henning kunne rapportere at det var ingen som
hadde bursdag kommende veke. Forrige møte var det 18 frammøtte. Dette gav
likevel habile 53 % frammøte, pga. mange permisjoner.
President Bastian heldt 3 minutt: Han fortalte at Guvenørbesøket 11.
oktober er flytta til Verkstaden Bistro. Opprinnelig var det tenkt at
Berlihuset skulle vere lokal for arrangementet.
Styret i Sykkylven Rotary møter Guvenøren kl. 17. Stranda
møter kl 18, og fellesmøte blir kl 19:00. Bastian oppfordrer så mange som råd til å
melde seg på.
Siden vi hadde Vibeke som gjest, heldt Bastian ei lita
orientering om Rotary.
Visepresident Greta opplyste at treffet på Fagrefjellet i
samband med Verdas Poliodag er flytta frå 22. oktober til 29. oktober.
Så var det Rotarykaffi med farlig gode kaker.
Etter kaffen var vi spente på kva Vibeke Aanning Aarseth
hadde å berette: Ho er no direktør ved Formfin Møbler her i Sykkylven. Ho
fortalte at dersom ho språka litt, så kom dette av at ho har budd i Oslo i 30
år, men er frå Vartdal, og bur der no.
Ho er utdanna fysioterapeut frå Vest Berlin i 1985 – 1988.
Har videreutdanning frå Norges Handelshøgskule i administrasjon og hovedfag i pedagogikk. Har
to mastergrader i Management frå BI
Business School i Oslo.
Har fleire styreverv i NHO, Møbelkraft og Furenata i Vartdal
Frå 1. januar 2017 blei ho ansatt som direktør for Formfin
Møbler AS i Hundeidvik. Møbelfabrikken fylte 70 år i fjor og har ca. 60 ansatte. Dei
produserer kvalitetsmøbler mest for heimemarkedet. Dei set si ære i å bruke
lokale råvarer i produksjonen.
Formfin har i 40 år hatt tett partnerskap med fleire
møbelkjeder som Bohus, Møbelringen og Hageland.
Så vidt referent forstår,, synes Vibeke
at partenerskapet har vore konstruktivt og til nytte for begge parter.
Det å ta over ei bedrift etter eit generasjonsskifte, slik
som med Formfin, meinte ho hadde sine utfordringer, og er ikkje alltid like
enkelt. Over mange år har det utvikla seg ein kultur både mellom ledelse og mellom
ansatte, som det ikkje er like lett å bryte. Fornying av denne kulturen, er ein
av hennar oppgåver, slik referent forstår Vibeke.
Eit prosjekt som
Vibeke er spent på om vil lykkast, er Villa Utemøbler. Dette er eit
pilotprosjekt der ein produserer kvalitetsmøbler for utebruk. Ein håper å nå ei
nisje her. Også her er det samarbeid med lokale partnere.
Sidan dette på mange måter er pionerarbeid, får Formfin
støtte frå Innovasjon Norge, SNU og Skattefunn.
Men sjølsagt er Formfin mest kjent for sine kvalitetsmøbler,
både sofaer og stoler. Her kan nevnes modeller som Basic, Home Basic, Time,
Venus og mange fleire.
I tida framover er største utfordringa for Formfin, slik
Vibeke ser det, ein omstillingsprosess der produksjonen blir delautomatisert i
enda større grad enn i dag. Ein må også vere på hugget når det gjeld
produktutvikling, og sjølsagt er markedsføring svært viktig. Her har ein som
nevnt godt samarbeid med kjedene Bohus, Møbelringen og Hageland.
Vi takker Vibeke for eit flott innslag og ønsker ho og
Formfin Møbler all mulig hell og lykke i tida framover. Det som er heilt sikkert,
er at det blir store utfordringer i ei tøff bransje.
President Bastian takka så Vibeke så mykje, og som ein liten
gest, blei ho overrakt ei konfekteske.
Så minte han videre om neste møte onsdag 4. oktober, som er
Presidenten sin time med vinlotteri, og ønska så alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"