Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth


Referat frå Rotarymøte 27.09.2017:

President Bastian ønska vel møtt til dette Rotarymøte 27. september. Spesielt til kvelden sin foredragshaldar, Vibeke Aanning Aarseth. Ho er den nye  direktøren ved Formfin Møbler her i Sykkylven. I samband med dette, vil ho halde sitt foredrag.

Først nevnte presidenten opp noko av det som har hendt denne datoen:

 Dagmar og Dagrun har namnedag.

I 1624 gav Kristian 4. navn til Kristiania, noverande Oslo.


1825 blei den første jernbanestrekning i verda opna i Storbritannia. Ruta gjekk mellom Stockton og Darlington.

1959: 5000 mennesker omkom i uvær i Japan.

1982: Skandinavias første prøverørsbarn kom til verda i Gøteborg.

27. september er Verda sin Turismedag.

Endelig hadde vi fått tilbake vår sårt sakna trubadur Olav. For å kompensere for sitt fråver hadde han funne fram til: «Gladsang». Med Olav sitt gitarspel, og til tonen av «Høyt over fjellet», lydde det riktig flott og til å bli glad av.

Sekretær Knut Henning kunne rapportere at det var ingen som hadde bursdag kommende veke. Forrige møte var det 18 frammøtte. Dette gav likevel habile 53 % frammøte, pga. mange permisjoner.

President Bastian heldt  3 minutt: Han fortalte at Guvenørbesøket 11. oktober er flytta til Verkstaden Bistro. Opprinnelig var det tenkt at Berlihuset skulle vere lokal for arrangementet.

Styret i Sykkylven Rotary møter Guvenøren kl. 17. Stranda møter kl 18, og fellesmøte blir kl 19:00.  Bastian oppfordrer så mange som råd til å melde seg på.

Siden vi hadde Vibeke som gjest, heldt Bastian ei lita orientering om Rotary.

Visepresident Greta opplyste at treffet på Fagrefjellet i samband med Verdas Poliodag er flytta frå 22. oktober til 29. oktober.

Så var det Rotarykaffi med farlig gode kaker.

Etter kaffen var vi spente på kva Vibeke Aanning Aarseth hadde å berette: Ho er no direktør ved Formfin Møbler her i Sykkylven. Ho fortalte at dersom ho språka litt, så kom dette av at ho har budd i Oslo i 30 år, men er frå Vartdal, og bur der no.


Ho er utdanna fysioterapeut frå Vest Berlin i 1985 – 1988. Har videreutdanning frå Norges Handelshøgskule  i administrasjon og hovedfag i pedagogikk. Har to mastergrader i Management  frå BI Business School i Oslo.

Har fleire styreverv i NHO, Møbelkraft og Furenata i Vartdal

Frå 1. januar 2017 blei ho ansatt som direktør for Formfin Møbler AS i Hundeidvik. Møbelfabrikken fylte 70 år i fjor og har ca. 60 ansatte. Dei produserer kvalitetsmøbler mest for heimemarkedet. Dei set si ære i å bruke lokale råvarer i produksjonen.


Formfin har i 40 år hatt tett partnerskap med fleire møbelkjeder som Bohus, Møbelringen og Hageland.   Så vidt referent forstår,, synes Vibeke at partenerskapet har vore konstruktivt og til nytte for begge parter.

Det å ta over ei bedrift etter eit generasjonsskifte, slik som med Formfin, meinte ho hadde sine utfordringer, og er ikkje alltid like enkelt. Over mange år har det utvikla seg ein kultur både mellom ledelse og mellom ansatte, som det ikkje er like lett å bryte. Fornying av denne kulturen, er ein av hennar oppgåver, slik referent forstår Vibeke.

 Eit prosjekt som Vibeke er spent på om vil lykkast, er Villa Utemøbler. Dette er eit pilotprosjekt der ein produserer kvalitetsmøbler for utebruk. Ein håper å nå ei nisje her. Også her er det samarbeid med lokale partnere.

Bilderesultat for formfin møbler

Sidan dette på mange måter er pionerarbeid, får Formfin støtte frå Innovasjon Norge, SNU og Skattefunn.

Men sjølsagt er Formfin mest kjent for sine kvalitetsmøbler, både sofaer og stoler. Her kan nevnes modeller som Basic, Home Basic, Time, Venus og mange fleire.

Bilderesultat for formfin møbler

I tida framover er største utfordringa for Formfin, slik Vibeke ser det, ein omstillingsprosess der produksjonen blir delautomatisert i enda større grad enn i dag. Ein må også vere på hugget når det gjeld produktutvikling, og sjølsagt er markedsføring svært viktig. Her har ein som nevnt godt samarbeid med kjedene Bohus, Møbelringen og Hageland.

Vi takker Vibeke for eit flott innslag og ønsker ho og Formfin Møbler all mulig hell og lykke i tida framover. Det som er heilt sikkert, er at det blir store utfordringer i ei tøff bransje.

President Bastian takka så Vibeke så mykje, og som ein liten gest, blei ho overrakt ei konfekteske.


Så minte han videre om neste møte onsdag 4. oktober, som er Presidenten sin time med vinlotteri, og ønska så alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

  

 




 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Årsmøte 2023-2024

2024-12-04 19:00 - 20:00

Julemøte

2024-12-18 19:00 - 20:00

Jule fri

2024-12-25 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS