Presidenten sin time 4. oktober.
Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober:Referat frå Rotarymøte
04.10.2017:
Denne gangen var det Presidenten sin time med Vinlotteri.
President Bastian ønska vel møtt og opplyste at denne datoen var det Frank og
Frans som hadde navnedag.
Frans av Assisi døydde i 1226, denne datoen.
Den nederlanske maleren Rembrandt døde i 1669.
I 1824 blei Mexico republikk.
Og til vår nære fortid: I 1993 lykkes det for Boris Jeltsin
i Russland å avverge eit kuppforsøk i Moskva.
Trubadur Olav hadde funne fram Aasmund Olavsson Vinje sin «Alt
far min kunne gjere.» Sjøl spelte han piano til.
I sekretær Knut Henning sitt fråver, opplyste Bastian at det
er Knut Henning sin tur til BUAS- besøk. Kjell Heggdal meldte seg frivillig til
å vere den andre besøkende.
Elles hadde ikkje presidenten oversikt over oppmøte forrige
gang.
3- minutt var denne gang ved Arvid Nordstrand: Han fortalte
at i 2010 fekk han telefon om han kunne vere verge for ein 43- år gammal mann.
Mannen sine foreldre var gått bort, og no levde vedkommende aleine.
Å ta på seg å verge-jobben, vurderte Arvid det til å vere i god Rotaryånd.
Dermed sa Arvid ja.
Mannen hadde jobb på dagtid, men på fritida var han lite
aktiv. Resultatet av dette var betydelig overvekt. Av helsemessige grunner var
det viktig å få til meir aktivitet. Arvid kontakta Fylkesmannen i 2013 for å få
lagt ein plan for aktivitet. Kommunelegen tende også på denne ideen, og det
blei laga ein aktivitetsplan.
Denne blei iverksatt med stor suksess, med omlegging av
kosthald og mykje meir fysisk aktivitet. Mannen har gått masse ned i vekt. Dei
har hatt opphold ved Reumasol i Spania. Her blei det trent masse balanse og gått
masse tur.
I år, då mannen fylte 50 år, reiste han sammen med Arvid til
Alicante. Dei reiste til Albir og gjekk masse i fjella her. Turen var på alle
måter vellykka.
Ei gjerning og eit 3- minutt i virkelig Rotaryånd.
Så var det Rotarykaffi. Referent har ikkje fått med seg
navnet til den dyktige serveringshjelpa vår. Navnet hans er Erik Nguyen
Solheim. Vi får håpe vi får behalde han lenge.
President Bastian minte om Guvenørbesøket neste onsdag, 11.
oktober og oppmoda flest mulig til å melde seg på. Påmeldingskjema blei sent
rundt denne gangen også.
Så var det tid for President Bastian sin første quiz.
Spørsmåla var ei blanding av sentrale Rotaryspørsmål og litt geografi frå Møre
og Romsdal. Referent var heldig å sitte sammen med fleire ferske presidenter,
så vi hadde rimelig kontroll over Rotaryspørsmåla. Derimot, geografien i fylket
vårt, må referent innrømme han hadde lite kontroll på. Til slutt blei det gjort
ei oppsummering av svara og siden referent er beskjeden av natur, vil han ikkje
opplyse om kva for bord som fikk høgast
poengsum.
Bastian har sent over både spørsmål og svar slik at vi kan
oppsummere quizen. (sjå under !)
Til slutt blei det gjort trekning av Vinlotteriet. Så vidt
referent kunne sjå, var det vår gjest som vann eine vinflaska.
Så avslutta Bastian og minte om at vi møtes ved Verkstaden
Bistro neste onsdag, styret kl. 17 og alle kl 19.
Referent
Jarle Svindseth
Sykkylven Rotaryklubb
Spørrekonkurranse onsdag 4. oktober 2017
- Når vart Rotary starta (årstal ) ?
- I kva for by vart Rotary starta ?
- Kva heitte stiftaren av Rotary ?
- Korleis lyder Rotary sitt motto ?
- Kor mange medlemer er det i Rotary totalt i
verda ( næraste 100.000 ) ?
- Kor mange R. klubbar er det i verda ( nærmaste
1000 ) ?
- Kva heiter årets ( 2017-2018 ) RI-president og kva er årets Rotary-tema
?
- Kva er nr på vårt Rotary-distrikt ?
- Kor mange Rotary-klubbar er med i vårt distrikt
?
- Kva heiter vår DG ( Distrikts-Guvernør ) ?
- Kva blir rekna for Rotary sine 4 ( 5 )
hovudveger ?
- Kva blir rekna for Rotary sine 6 fokusområde ?
- Korleis lyder første spørsmål i Rotary sin
4-vegs test ?
- Kva er RYLA og kven er det for ?
- Kva symboliserer Rotary-hjulet ?
- Kva heiter Sykkylvens nest høgste fjell og kor
høgt er det ?
- Kva heiter Møre og Romsdal sitt høgste fjell og
kor høgt ?
- Kva heiter største innsjøen i Sykkylven og kor
stor flatevidde har den
- Største innsjøen i Møre og Romsdal og flatevidde
- Kor stor andel i prosent av Norges landareal er
dyrka ?
- Kor lang er Norges kyststripe ( rekna i 1000 km ) ?
- Kva er tørrstoffprosenten i agurk ?
- Kva er den største staten i USA ?
- Kva er det minste landet i verda ?
- Kvar i verda regner det mest årleg, og kor mykje
i mm ?
Fasit: Antal
poeng
1.
1905 1
2.
Chicago 1
3.
Paul
Harris 1
4.
Service
Above Self 1
5.
1.2
mill 1
6.
33.000 1
7.
Ian
Riseley Making A Differnce – Rotary
gjer ein forskjell 2
8.
D
2305 1
9.
51 1
10. Wictor Sandvold 1
11. Klubbteneste, Yrkesteneste, Samfunnsteneste,
Internasjonal teneste og Ungdomsteneste 5
12. Fredsbygging og konfliktforebygging,
Sjukdomsforebygging og behandling 6
Reint vatn og sanitærforhold, Mødre og barnehelse,
Grunnutdanning og leseferdigheit
Lokal økonomi og samfunnsutvikling
13. Er det sannheita ? 1
14. Rotary Youth Leadership Award, leiarutdanning for
ungdom 20-30 år 2
15. Rotaryhjulet symboliserer arbeid, ikkje kvile 1
16. Brekketindane 1559m 2
17. Pyttegga på 1999m 2
18. Nysætervatnet 2,32 km 2 2
19. Aursjøen på 36,38 km 2 2
20. 3% 1
21. 103.000 km 1
22. 4% 1
23. Alaska 1
24. Vatikanstaten 1
25. Hawaii og 11400 mm 2
Totalpoeng 41
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.