Referat frå Rotarymøte
04.10.2017:
Denne gangen var det Presidenten sin time med Vinlotteri.
President Bastian ønska vel møtt og opplyste at denne datoen var det Frank og
Frans som hadde navnedag.
Frans av Assisi døydde i 1226, denne datoen.
Den nederlanske maleren Rembrandt døde i 1669.
I 1824 blei Mexico republikk.
Og til vår nære fortid: I 1993 lykkes det for Boris Jeltsin
i Russland å avverge eit kuppforsøk i Moskva.
Trubadur Olav hadde funne fram Aasmund Olavsson Vinje sin «Alt
far min kunne gjere.» Sjøl spelte han piano til.
I sekretær Knut Henning sitt fråver, opplyste Bastian at det
er Knut Henning sin tur til BUAS- besøk. Kjell Heggdal meldte seg frivillig til
å vere den andre besøkende.
Elles hadde ikkje presidenten oversikt over oppmøte forrige
gang.
3- minutt var denne gang ved Arvid Nordstrand: Han fortalte
at i 2010 fekk han telefon om han kunne vere verge for ein 43- år gammal mann.
Mannen sine foreldre var gått bort, og no levde vedkommende aleine.
Å ta på seg å verge-jobben, vurderte Arvid det til å vere i god Rotaryånd.
Dermed sa Arvid ja.
Mannen hadde jobb på dagtid, men på fritida var han lite
aktiv. Resultatet av dette var betydelig overvekt. Av helsemessige grunner var
det viktig å få til meir aktivitet. Arvid kontakta Fylkesmannen i 2013 for å få
lagt ein plan for aktivitet. Kommunelegen tende også på denne ideen, og det
blei laga ein aktivitetsplan.
Denne blei iverksatt med stor suksess, med omlegging av
kosthald og mykje meir fysisk aktivitet. Mannen har gått masse ned i vekt. Dei
har hatt opphold ved Reumasol i Spania. Her blei det trent masse balanse og gått
masse tur.
I år, då mannen fylte 50 år, reiste han sammen med Arvid til
Alicante. Dei reiste til Albir og gjekk masse i fjella her. Turen var på alle
måter vellykka.
Ei gjerning og eit 3- minutt i virkelig Rotaryånd.
Så var det Rotarykaffi. Referent har ikkje fått med seg
navnet til den dyktige serveringshjelpa vår. Navnet hans er Erik Nguyen
Solheim. Vi får håpe vi får behalde han lenge.
President Bastian minte om Guvenørbesøket neste onsdag, 11.
oktober og oppmoda flest mulig til å melde seg på. Påmeldingskjema blei sent
rundt denne gangen også.
Så var det tid for President Bastian sin første quiz.
Spørsmåla var ei blanding av sentrale Rotaryspørsmål og litt geografi frå Møre
og Romsdal. Referent var heldig å sitte sammen med fleire ferske presidenter,
så vi hadde rimelig kontroll over Rotaryspørsmåla. Derimot, geografien i fylket
vårt, må referent innrømme han hadde lite kontroll på. Til slutt blei det gjort
ei oppsummering av svara og siden referent er beskjeden av natur, vil han ikkje
opplyse om kva for bord som fikk høgast
poengsum.
Bastian har sent over både spørsmål og svar slik at vi kan
oppsummere quizen. (sjå under !)
Til slutt blei det gjort trekning av Vinlotteriet. Så vidt
referent kunne sjå, var det vår gjest som vann eine vinflaska.
Så avslutta Bastian og minte om at vi møtes ved Verkstaden
Bistro neste onsdag, styret kl. 17 og alle kl 19.
Referent
Jarle Svindseth
Sykkylven Rotaryklubb
Spørrekonkurranse onsdag 4. oktober 2017
Fasit: Antal
poeng
1.
1905 1
2.
Chicago 1
3.
Paul
Harris 1
4.
Service
Above Self 1
5.
1.2
mill 1
6.
33.000 1
7.
Ian
Riseley Making A Differnce – Rotary
gjer ein forskjell 2
8.
D
2305 1
9.
51 1
10. Wictor Sandvold 1
11. Klubbteneste, Yrkesteneste, Samfunnsteneste,
Internasjonal teneste og Ungdomsteneste 5
12. Fredsbygging og konfliktforebygging,
Sjukdomsforebygging og behandling 6
Reint vatn og sanitærforhold, Mødre og barnehelse,
Grunnutdanning og leseferdigheit
Lokal økonomi og samfunnsutvikling
13. Er det sannheita ? 1
14. Rotary Youth Leadership Award, leiarutdanning for
ungdom 20-30 år 2
15. Rotaryhjulet symboliserer arbeid, ikkje kvile 1
16. Brekketindane 1559m 2
17. Pyttegga på 1999m 2
18. Nysætervatnet 2,32 km 2 2
19. Aursjøen på 36,38 km 2 2
20. 3% 1
21. 103.000 km 1
22. 4% 1
23. Alaska 1
24. Vatikanstaten 1
25. Hawaii og 11400 mm 2
Totalpoeng 41
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.