Referat frå
Guvenørbesøket 11.10.2017:
Sjå
bilder frå møtet i under referatet!
Onsdag 11. oktober var det tid for det årlige
guvenørbesøket. Årets guvenør heiter Wictor Sandvold og kjem frå Ringebu
Rotaryklubb. Han hadde med seg AG frå vårt lokaldistrikt, Kjell Høydal frå
Volda Rotaryklubb.
Sjølve festen i samband med besøket går på omgang mellom
Stranda- og Sykkylven Rotaryklubber. Denne gangen var det Sykklven sin tur. Den
opprinnelige planen var å arrangere møtet på Berlihuset. Dette let seg ikkje
gjere reint praktisk. Dermed blei det flytta til Verkstaden Bistro på Ikornnes,
og dette fungere aldeles ypperlig, etter referent si meining.
Kl. 17 hadde styret i Sykkylven møte med Guvenør og AG.
President Bastian viste ein kort presentasjon over aktivitetene i klubben vår,
noko som guvenør Wictor såg ut til å bli imponert over. Ein kort presentasjon
av Sykkylven Kommune blei det også tid til. Deretter gjekk samtalen litt fram og
tilbake. Ein time går fort, og kl 18 var det strandarane sin tur til å møte.
Kl. 19 starta festen med 12 rotarianarar frå Stranda og 19
frå vår klubb. Saman med guvenør og frue, og AG Kjell, var vi ei fin forsamling
på i alt 34 deltakarar.
President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt vår
gjester frå Stranda og AG og guvenør med frue.
Guvenør Wictor heldt så ein halvtimes foredrag. Referent vil forsøke å gi eit lite utdrag av
dette:
Han starta med å fortelle at det er 50 klubber i vårt
distrikt. Dei to klubbene i Molde har slått seg sammen. Det er i alt 1750
medlemer. Fortsatt er det desidert overvekt av menn: 80 % mot 20 % kvinner. Det
kviler eit ansvar på kvinnene å rekruttere fleire kvinner.
I Europa og Nord Amerika går det tilbake med medlemstallet,
medan det i Sør Aust Asia auker mykje. Dette har ført til at antall soner er
auka frå 34 til 36, dei nye sonene er begge i Asia.
Ved GETS i San Diego, fortalte Wictor, at då Verdenspresident
Ian Rieseley lanserte sitt motto for sitt Rotaryår: «Rotary: Making a
difference», braut det ut spontan applaus. Vanligvis er det blitt overlatt til
svenske rotarianarar å tolke og oversette dei ulike motto som kjem kvart år. Denne gangen var det slett ikkje
nødvendig. Mottoet er både enkelt å tolke og enkelt å oversette til norsk.
Elles hadde verdenspresidenten budskap til klubbene om å
forsøke å vitalisere drift og program. Dette for å å fenge ungdom og
dermed rekruttere dei. Dersom ungdomen ikkje finn klubbene interessante, vil dei
naturlig nok forsvinne.
Det blir nok gjort masse frivillig arbeid i våre to
klubber. Wictor meinte vil burde få ei oversikt over dette arbeidet og så
rapportere antall timer til Club Central.
Strategiske planer er viktig både for RI, dei ulike
distrikta og for dei ulike klubbene. Den strategiske planen for RI som rullerer
no, vil bli tatt opp til ny vurdering i 2019. Guvenøren anbefalte klubbene å
sette av tid til å diskutere og legge strategiske planer i tida framover.
Det er viktig at alle prosjekt som blir satt i gang er innan
for dei 6 fokusområda til Rotary. Prosjekt, som er utenfor, vil bli avslått same kor flotte og nyttige dei
er. Wictor nemnte dei ulike fokusområda, og kva prosjekt som er innen disse i vårt
distrikt. Spesielt blei fredsuniversiteta nemnt. Det går ein god del penger til
disse, men fredsskaping er ubetalelig. Det er 6 slike universitet
rundt om i verda, det som er nærast oss er Uppsala Universitet. Ved desse kan
ein ta mastergrad i fredsskaping og konfliktforebygging. I alt er det over 1000
studenter verda over som har "Fred" som studium. For nokre år tilbake blei ein nordmann (referent
husker ikkje namnet i farten) tatt til fange i Jemen. Han var i stand til å
snakke seg ut av fangenskapet takka vere at han hadde gått på eit
fredsuniversitet i regi av Rotary.
Elles er Polio og utryddelsen av denne sjukdomen ein del av
Rotary si stolte historie. For 25 år sidan var det 350 000 poliotilfelle i
125 land. I dag er det kun registrert 10 tilfeller i 3 forskjellige land. Ein er på nippet til å få utrydda denne grusomme sjukdomen.
Den økonomiske innsatsen mot polio er stor. Ved Convention blei det
beslutta å gi 50 mill. dollar kvart år i 3 år. Vanligvis har Bill Gates dobla
Rotary sitt bidrag. Men ikkje denne gang: No tredobla Gates Rotary sitt bidrag.
Kva skal ein så slå inn på når polio forhåpentligvis er
heilt utrydda om nokre år? Noko heilt konkret er ikkje kome fram, men f.eks.
det forhold at det er 43 million slaver i verda i dag, vil kunne gi Rotary
plenty med utfordringer.
Det er viktig at Rotary gjer seg synlig i lokalmiljøet.
Wictor sitt inntrykk er at det er lettere å få lokal presse til å dekke
Rotarybegivenheter hos oss på Sunnmøre og i Romsdal, enn på Austlandet. I alle fall må medlemmene her vere journalister sjølve.
4- spørsmålsprøva har Guvenøren inntrykk av ikkje blir brukt
så mykje lenger. Dette synes han kanskje er litt synd, og at dei ulike klubbene
kanskje kan ta dette opp igjen. I alle fall konkluderte han med at dersom vi
hadde levd etter disse 4-spørsmåla, hadde
vi hatt ei bedre verden.
Eit flott og interessant foredrag, i god Rotaryåand av
Guvenør Wictor Sandvold.
Presidenten i Stranda Rotaryklubb fortalte så om Stranda og
næringslivet her. I tråd med at det er stor næringsmiddelindustri på Stranda,
fekk Guvenøren overrakt ei såkalla «Strandarose». Dette er ein kveil med mør av
beste kvalitet.
Ved guvenørbesøk passer det godt å ta opp nye medlemmer.
Stranda Rotaryklubb nytta høvet til å ta opp Tom Wåler som nytt medlem i
klubben.
Så var det tilslutt tid for matøkt. Nydelig mørt og godt
sosakjøt servert med ris, brød og salat. Deretter dessert og kaffi.
Tilslutt takka president Bastian for frammøte og spesielt
til Guvenør Wictor med frue og AG Kjell.
Etter referent si meining eit flott og på alle måter
vellykka Guvenørbesøk.
Jarle Svindseth
Sjå bilder frå festen under:
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"