Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Referat frå Guvenørbesøket 11.10.2017:

Sjå bilder frå møtet i  under referatet!

Onsdag 11. oktober var det tid for det årlige guvenørbesøket. Årets guvenør heiter Wictor Sandvold og kjem frå Ringebu Rotaryklubb. Han hadde med seg AG frå vårt lokaldistrikt, Kjell Høydal frå Volda Rotaryklubb.

Sjølve festen i samband med besøket går på omgang mellom Stranda- og Sykkylven Rotaryklubber. Denne gangen var det Sykklven sin tur. Den opprinnelige planen var å arrangere møtet på Berlihuset. Dette let seg ikkje gjere reint praktisk. Dermed blei det flytta til Verkstaden Bistro på Ikornnes, og dette fungere aldeles ypperlig, etter referent si meining.

Kl. 17 hadde styret i Sykkylven møte med Guvenør og AG. President Bastian viste ein kort presentasjon over aktivitetene i klubben vår, noko som guvenør Wictor såg ut til å bli imponert over. Ein kort presentasjon av Sykkylven Kommune blei det også tid til. Deretter gjekk samtalen litt fram og tilbake. Ein time går fort, og kl 18 var det strandarane sin tur til å møte.

Kl. 19 starta festen med 12 rotarianarar frå Stranda og 19 frå vår klubb. Saman med guvenør og frue, og AG Kjell, var vi ei fin forsamling på i alt 34 deltakarar.

President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt vår gjester frå Stranda og  AG og guvenør med frue.

Guvenør Wictor heldt  så ein halvtimes foredrag. Referent vil forsøke å gi eit lite utdrag av dette:

Han starta med å fortelle at det er 50 klubber i vårt distrikt. Dei to klubbene i Molde har slått seg sammen. Det er i alt 1750 medlemer. Fortsatt er det desidert overvekt av menn: 80 % mot 20 % kvinner. Det kviler eit ansvar på kvinnene å rekruttere fleire kvinner.

I Europa og Nord Amerika går det tilbake med medlemstallet, medan det i Sør Aust Asia auker mykje. Dette har ført til at antall soner er auka frå 34 til 36, dei nye sonene er begge i Asia.

Ved GETS i San Diego, fortalte Wictor, at då Verdenspresident Ian Rieseley lanserte sitt motto for sitt Rotaryår: «Rotary: Making a difference», braut det ut spontan applaus. Vanligvis er det blitt overlatt til svenske rotarianarar å tolke og oversette dei ulike motto som kjem  kvart år. Denne gangen var det slett ikkje nødvendig. Mottoet er både enkelt å tolke og enkelt å oversette til norsk.

Elles hadde verdenspresidenten budskap til klubbene om å forsøke å vitalisere drift og program. Dette for å  å fenge ungdom og dermed rekruttere dei. Dersom ungdomen ikkje finn klubbene interessante, vil dei naturlig nok forsvinne.

Det blir nok gjort masse frivillig arbeid i våre to klubber. Wictor meinte vil burde få ei oversikt over dette arbeidet og så rapportere antall timer til Club Central.

Strategiske planer er viktig både for RI, dei ulike distrikta og for dei ulike klubbene. Den strategiske planen for RI som rullerer no, vil bli tatt opp til ny vurdering i 2019. Guvenøren anbefalte klubbene å sette av tid til å diskutere og legge strategiske planer i tida framover.

Det er viktig at alle prosjekt som blir satt i gang er innan for dei 6 fokusområda til Rotary. Prosjekt, som er utenfor,  vil bli avslått same kor flotte og nyttige dei er. Wictor nemnte dei ulike fokusområda, og kva prosjekt som er innen disse i vårt distrikt. Spesielt blei fredsuniversiteta nemnt. Det går ein god del penger til disse, men  fredsskaping er ubetalelig. Det er 6 slike universitet rundt om i verda, det som er nærast oss er Uppsala Universitet. Ved desse kan ein ta mastergrad i fredsskaping og konfliktforebygging. I alt er det over 1000 studenter verda over som har "Fred" som studium. For nokre år tilbake blei ein nordmann (referent husker ikkje namnet i farten) tatt til fange i Jemen. Han var i stand til å snakke seg ut av fangenskapet takka vere at han hadde gått på eit fredsuniversitet i regi av Rotary.

Elles er Polio og utryddelsen av denne sjukdomen ein del av Rotary si stolte historie. For 25 år sidan var det 350 000 poliotilfelle i 125 land. I dag er det kun registrert 10 tilfeller i 3 forskjellige land. Ein er på nippet til å få utrydda denne grusomme sjukdomen.

Den økonomiske innsatsen mot polio er stor. Ved Convention blei det beslutta å gi 50 mill. dollar kvart år i 3 år. Vanligvis har Bill Gates dobla Rotary sitt bidrag. Men ikkje denne gang: No tredobla Gates Rotary sitt bidrag.

Kva skal ein så slå inn på når polio forhåpentligvis er heilt utrydda om nokre år? Noko heilt konkret er ikkje kome fram, men f.eks. det forhold at det er 43 million slaver i verda i dag, vil kunne gi Rotary plenty med utfordringer.

Det er viktig at Rotary gjer seg synlig i lokalmiljøet. Wictor sitt inntrykk er at det er lettere å få lokal presse til å dekke Rotarybegivenheter hos oss på Sunnmøre og i Romsdal, enn  på Austlandet. I alle fall må medlemmene her vere journalister sjølve.

4- spørsmålsprøva har Guvenøren inntrykk av ikkje blir brukt så mykje lenger. Dette synes han kanskje er litt synd, og at dei ulike klubbene kanskje kan ta dette opp igjen. I alle fall konkluderte han med at dersom vi hadde levd etter disse  4-spørsmåla, hadde vi hatt ei bedre verden.

Eit flott og interessant foredrag, i god Rotaryåand av Guvenør Wictor Sandvold.

Presidenten i Stranda Rotaryklubb fortalte så om Stranda og næringslivet her. I tråd med at det er stor næringsmiddelindustri på Stranda, fekk Guvenøren overrakt ei såkalla «Strandarose». Dette er ein kveil med mør av beste kvalitet.

Ved guvenørbesøk passer det godt å ta opp nye medlemmer. Stranda Rotaryklubb nytta høvet til å ta opp Tom Wåler som nytt medlem i klubben.

Så var det tilslutt tid for matøkt. Nydelig mørt og godt sosakjøt servert med ris, brød og salat. Deretter dessert og kaffi.

Tilslutt takka president Bastian for frammøte og spesielt til Guvenør Wictor med frue og AG Kjell.

Etter referent si meining eit flott og på alle måter vellykka Guvenørbesøk.

 Referent

Jarle Svindseth

  Sjå bilder frå festen under:



Bilde over: Guvenør Wictor Sandvold held sitt foredrag.                   Bilde over: Guvenøren med Stranda og Sykkylvspresidenter 


Bilde over: Guvenøren får matnyttig gave frå Stranda Rotaryklubb  Bilde over: Guvenør Wictor med Rotary sitt motto for 2017/2018.



Bilde til ve.: Guvenør Wictor med frue Anne Marie og AG for vårt  lokaldistrikt, Kjell Høydal.
Bilde til hø.: Ikkje sjå så betenkt ut, Bastian! Guvenørbesøket var  vellykka:-)

 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS