Arne Hanssen fortel om BYRG

Les referat frå Rotarymøte med Arne Hanssen der han orienterte oss om BYRG:


Referat frå Rotarymøte 1. november 2017: 

I fråver av president Bastian, var det visepresident Greta som leia møtet. Ho starta med å ønske alle vel møtt, og spesielt  våre to gjester, Hilde Aurdal og kvelden sin foredragshaldar, Arne Hanssen.

Tradisjonen tru så nevnte Greta noko av det som har hendt denne datoen:

Vetle og Veslemøy har navnedag.

Vulkanen Vesuv hadde utbrot i år 79 etter Kr. og begravde byene Pompei og Heraculaneum.

Og når vi er inne på katastrofer: I 1755 var det eit kraftig jordskjelv i Lisboa og heile 55 000 mennesker omkom.

I 1856 fikk frivillige nordmenn slutte seg til den Svenske Garde.

I 1888 blei den Norske Garde i Kristiania stifta og har bestått sidan.

Og tilslutt fortalte Greta at i 1995 fekk alle, uansett hudfarge, stemmerett ved valg i Sør Afrika.

Trubadur Olav hadde valgt ut den uslitelige, «Vi vandrer med freidig mot», til kveldens Rotarysong. Olav spelte piano til og forsamlinga sang av full hals. Teksten til songen er skreve av sjølvaste Henrik Ibsen.

I sekretær sitt fråver, blei det ingen opplysninger om bursdager osv.

Kvelden sin 3- minutts- foredragshalder var Asbjørn Klokk. Han hadde ei flott og interessant reiseskildring og PowerPoint-presentasjon frå  sykkeltur i Syd-Frankrike tidligere i år.

Turen gjekk langs ein skipskanal som kalles Canal du Midi. Den går frå Atlanterhavet til Middelhavet. Første «etappe» frå Bordeaux ved Atlanterhavet til Toulouse, og den neste frå Toulouse til Sete ved Middelhavet. Den blei påbegynt i 1667 og fullført i 1681. Det tok altså 14 år og 12 000 mann å lage kanalen.  

Så vidt referent forstår, sykla Asbjørn med følge, frå Sete til Toulose i 4 mils daglige etapper langs kanalen. Canal du Midi er litt av eit ingeniørbragd og står i dag på Unesco si verdensarvliste. Referent vil elles ikkje gå i detaljer om kanalen, men henviser til linken om Canal Du Midi. Sjå elles  Asbjørn sin flotte PowerPoint – presentasjon med fine bilder frå turen langs kanalen. Interessant 3 minutt om ein, for dei fleste av oss,  ikkje altfor kjent ingeniørbragd.

Så var det Rotarykaffe med sjokoladekaker så gode at dei berre rann ned i halsen. Referent snakka litt med serveringshjelp Erik etter møtet og han kunne fortelle at det er han sjøl som står for bakinga. Oppskriftene kunne ein finne på nettet, men referent har gløymt denne nettadressa.

Så var det Arne Hanssen sin tur til å fortelle om BYRG Kompetanse AS.

Dette er ei interkommunal attføringsbedrift for folk med diverse problem som fører til at dei ikkje vil fungere i eit vanlig arbeidsliv. Det kan vere menneske med adferdsproblem, psykiske problem eller rusproblem.

BYRG har 27 arbeidsplasser for varig tilrettelagt arbeid og 10 arbeidsplasser til såkalla arbeidsforbedringstrening.

Hovedadministrasjonen er på Stranda med hovedkontor, kurslokale og attføringsbedrift. Attføringsbedrift er det også i Sykkylven og Norddal. Bedrifta har 12 ansatte, 7 kvinner og 5 menn og med ei omsetning på tilsammen 13 mill. kroner.

Referent tek seg den frihet å ta med litt historikk. ASVO blei stifta på Stranda i 1992. Då heldt dei til i eit kjellerlokale. Litt seinere blei ein eldre møbelfabrikk kjøpt til som nye lokale. Seiere blei drifta utvida då URA produkter i Sykkylven blei kjøpt. Navnet blei då forandra til ASVO AS. No er navnet BYRG Kompetanse AS. BYRG er eit uttrykk som betyr stolt eller kry, så vidt referent forstår.

Dei tre avdelingene leverer mange forskjellige tjenester: Produksjon av tekstiler og puter til bl.a. Slettvoll, produksjon av ved og fyringsbriketter, monteringsarbeid, kantinedrift, ymse vedlikeholdsarbeid som fasademaling og skog- og hagerydding. Største oppdragsgiver er NAV, men elles er det også mange private samarbeidspartnarar frå det private arbeidsliv i alle tre kommuner.

Naturlig nok er det mange utfordringer i tida som kjem: Det er kommunesammenslåinger, og ein må konkurrere med det private næringsliv om å levere tjenester som er både billigst mulig og så god kvalitet som mulig.

Den største samarbeidspartneren NAV omorganiserer heile tida, noko som også virker inn på BYRG sin situasjon.

Men der er også muligheter: F.eks knytte seg til næringslivet gjennom forutsigbare avtaler. Arbeide for å bli den leiande verna bedrifta i Storfjordområdet. Satse på kompetanseheving, auka bemanning og å bli med på den teknologiske utviklinga som er elles i samfunnet.

Arne oppsummerte det med: «Bestrebe etterlatt inntrykk: Meir enn forventa.»

Sjå Arne sin PowerPoint - presentasjon om BYRG.

Eit flott foredrag av Arne. Naturlig nok var det mange spørsmål etterpå som Arne besvarte så godt han kunne.

Arne har elles vore fleire ganger innom Sykkylven Rotaryklubb, og visepresident Greta synes det var på sin plass å hedre han litt ekstra. (ei flaske vin).

Så takka Greta for møtet, minte om at neste møte er Presidenten sin time 8. november, og ønska så alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth







 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS