Svein Asbjørnsen: "Berlihaugen Hotell"

Les kva Svein Asbjørnsen bl.a. hadde å fortelle om eit framtidig hotell på Berli-eigedomen.


Referat frå Rotarymøte 22. november 2017:

President Bastian ønska alle vel møtt til dette Rotarymøte 22. november. Spesielt til vår gjest og foredragsholder, Svein Asbjørnsen.

Tradisjonen tru, nevnte Bastian noko av det som har skjedd denne dagen opp i gjennom tidene: Cecilie og Sissel har navnedag.

1890: Charles De Gaulle blei født. Seinere president i Frankrike.

Bilderesultat for charles de gaulle

1912: Det Norske Teater blei stifta.

1962: Blokaden av Cuba blei avslutta, og verda pusta letta ut då faren for atomkrig var over.

Bilderesultat for cubakrisa

1963: President i USA, John F. Kennedy skutt og drept i Dalles, Texas.

Bilderesultat for john f. kennedy

1992: Den Norske Stat måtte gå inn med kapital for å redde ei rekke banker frå konkurs.

I sekretær sin stad, leste presidenten opp kunngjøringer frå det hold: Ingen bursdager kommende veke. Kristin og Kjell H. sin tur til BUAS-besøk. Forrige gang var det 19 frammøtte og dette gav 53 % frammøte.

Trubadur Olav hadde denne gang funne ei virkelig perle av ein Rotarysong: «Ellinors vise», med tekst av Klaus Hagerup og melodi av Sverre Kjelsberg. Olav kunne opplyse at det er ganske nøyaktig 9 år siden denne blei sunge hos oss sist.

3-minutt var ved Kristin Grebstad. Ho er rektor ved Montessoriskolen i Velledalen. I samband med dette, besøkte ho Vågå Kommune, der ein slik skule er under planlegging og forhåpentligvis oppstart. Kristin kjente igjen mange av dei same problemstillingene som var aktuelle under planlegginga av skulen i Velledalen. Ho konkluderte med at ho er glad for at den offentlege skulen i Velledalen blei nedlagt, og at ein då slapp å bruke meir tid å krefter på å hindre dette. I staden kunne ein fullt ut konsentrere seg om den nye Montessoriskolen i Velledalen. Altså bruke kreftene på noko positivt, i staden på ei sak som allereie var tapt.

Så var det Rotarykaffi med sedvanlig gode kaker.

Etter kaffen var det Svein sin tur: Saman med Jan Lade (Asbjørnsen og Lade AS) kjøpte han Berlihuset i 1986. Det blei satt i gang ein omfattende restaureringsprosess som var ferdig i 1995. Då var fase 1 av restaureringa ferdig. Arbeidet fikk støtte økonomisk av fylkeskonservatoren.


Svein innleia med litt historikk: Årstalla 1536, 1660 og 1680 er sentrale årstall i eigedomen si historie, men Svein nevnte spesielt major Rømer om kjøpte eigedomen i 1721 og dreiv bruket fram til 1757. Han dreiv, etter den tida, eit moderne jordbruk på eigedomen.

I 1880 kjøpte Børre Berli og Elen Woldsdal eigedomen og fekk bygd Berlihuset slik vi kjenner det i dag. Arkitekturen er italiensk rennesansestil. Huset stod ferdig i 1896. Det blei brukt som sommerhus og lystgård for Berlifamilien. Svein nevnte at Johan F. Berg stod for takmaleria. Så vidt referent forstår, brukte Berli dette huset også som eit utstillingsvindu mot forretningsforbindelser og kontakter elles.

Svein nevnte at i nyere tid, nærare bestemt i 1979, blei innleia forhandlinger med Berlifamilien med tanke på kjøp. Som allereie nevnt, blei huset tatt over i 1986 og restaurert ferdig (så langt) i 1995.  Fram til 1999 heldt Norsk Møbelfaglig Senter hus her. I 1996 fekk Svein ved SapDesign «Godt Vern prisen» for restaureringa av bygget.

I øverste etasje har Sap Design har kontor. 2008 – 2010 hadde Marimekko lokale her, og frå 2014 har Berlihuset Mat & Vin hatt restaurant her. Lokala i kjelleren er blitt leigd ut til utstillingslokale, med Pushwagner si utstilling og 75 års jublileum, som høgdepunkt.  Elles blir det også brukt til selskapslokale.

Planen er, så vidt referent forstår av Svein, å flytte Sap Design ut av 3. etasje og etablere hotellrom her.

Svein tenker seg at ein i framtida må  sikre  ein  økonomisk basis for fortsatt drift og vedlikehald av bygget. Dersom ikkje økonomien er på plass, er han redd for at bygget vil forfalle, i likhet med mange andre tilsvarende bygg.

Han tenker seg to måter å få til dette på: Etablere ein møbelpark, der det vert stilt  ut forskjellige møbler  i montrer langs tillaga stier med masse grøntareal rundt. Den andre og spenstige måten, er å etablere eit hotell, «Berlihagen Hotell». Nanna Ulstein er tatt inn som konsulent, og ho rår til at ein begynner i det små med f.eks. 10 rom, for deretter å utvide til f.eks. 20, dersom det heile går bra.    

Svein tenker seg at ein kan tiltrekke seg turister ved å markedsføre opplevelser. Då tenker han seg at Berli - eigedomen presenterer Berlihagen Hotel, Møbelpark, konsertarena, møte- og selskapslokale og ikkje minst Historie knytta til eigedomen. I tillegg, tenker ein seg Cylindra og Møbelparken med i markedsføring av opplevelser. Designveien er også viktig i markedsføringa av Sykkylven som turistmål.

Sykkylven er eit internasjonalt merkenavn innen møbel. Referent, forstår Svein slik, at dette kan bli brukt som eit springbrett i markedsføring av Opplevelsesparken. Dette vil danne ei synergieffekt der det eine kan forsterke det andre.

Det er forventa ei auke i turismen her i Norge i åra framover. Skal Sykkylven få sin del av dette, må bygda ha tilbud. Overnevnte vil vere eit nisjeprodukt innen naturbasert aktivitetsturisme. Men som sagt må ein markedsføre dersom ein vil nå ut.

Masse interessante tanker og planer frå kreative og framsynte Svein Asbjørnsen.

Det var langt på overtid, så det blei ikkje tid til så mange spørsmål.

Svein fekk overrakt ein innpakka gest for foredraget.(sjå under !)

Så takka president Bastian for frammøte og minte om at neste onsdag er det Presidenten sin time med Årsmøte og Vinlotteri. Til slutt blei vi ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth


 

 

 


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS