Referat frå Rotarymøte
22. november 2017:
President Bastian ønska alle vel møtt til dette Rotarymøte
22. november. Spesielt til vår gjest og foredragsholder, Svein Asbjørnsen.
Tradisjonen tru, nevnte Bastian noko av det som har skjedd
denne dagen opp i gjennom tidene: Cecilie og Sissel har navnedag.
1890: Charles De Gaulle blei født. Seinere president i
Frankrike.
1912: Det Norske Teater blei stifta.
1962: Blokaden av Cuba blei avslutta, og verda pusta letta
ut då faren for atomkrig var over.
1963: President i USA, John F. Kennedy skutt og drept i
Dalles, Texas.
1992: Den Norske Stat måtte gå inn med kapital for å redde
ei rekke banker frå konkurs.
I sekretær sin stad, leste presidenten opp kunngjøringer frå
det hold: Ingen bursdager kommende veke. Kristin og Kjell H. sin tur til
BUAS-besøk. Forrige gang var det 19 frammøtte og dette gav 53 % frammøte.
Trubadur Olav hadde denne gang funne ei virkelig perle av
ein Rotarysong: «Ellinors vise», med tekst av Klaus Hagerup og melodi av Sverre
Kjelsberg. Olav kunne opplyse at det er ganske nøyaktig 9 år siden denne blei
sunge hos oss sist.
3-minutt var ved Kristin Grebstad. Ho er rektor ved
Montessoriskolen i Velledalen. I samband med dette, besøkte ho Vågå Kommune,
der ein slik skule er under planlegging og forhåpentligvis oppstart. Kristin
kjente igjen mange av dei same problemstillingene som var aktuelle under
planlegginga av skulen i Velledalen. Ho konkluderte med at ho er glad for at den
offentlege skulen i Velledalen blei nedlagt, og at ein då slapp å bruke meir
tid å krefter på å hindre dette. I staden kunne ein fullt ut konsentrere seg om
den nye Montessoriskolen i Velledalen. Altså bruke kreftene på noko positivt, i
staden på ei sak som allereie var tapt.
Så var det Rotarykaffi med sedvanlig gode kaker.
Etter kaffen var det Svein sin tur: Saman med Jan Lade (Asbjørnsen og Lade AS) kjøpte han Berlihuset i 1986. Det blei satt i gang ein omfattende
restaureringsprosess som var ferdig i 1995. Då var fase 1 av restaureringa
ferdig. Arbeidet fikk støtte økonomisk av fylkeskonservatoren.
Svein innleia med litt historikk: Årstalla 1536, 1660 og
1680 er sentrale årstall i eigedomen si historie, men Svein nevnte spesielt
major Rømer om kjøpte eigedomen i 1721 og dreiv bruket fram til 1757. Han dreiv,
etter den tida, eit moderne jordbruk på eigedomen.
I 1880 kjøpte Børre Berli og Elen Woldsdal eigedomen og fekk
bygd Berlihuset slik vi kjenner det i dag. Arkitekturen er italiensk rennesansestil.
Huset stod ferdig i 1896. Det blei brukt som sommerhus og lystgård for
Berlifamilien. Svein nevnte at Johan F. Berg stod for takmaleria. Så vidt
referent forstår, brukte Berli dette huset også som eit utstillingsvindu mot forretningsforbindelser
og kontakter elles.
Svein nevnte at i nyere tid, nærare bestemt i 1979, blei
innleia forhandlinger med Berlifamilien med tanke på kjøp. Som allereie nevnt,
blei huset tatt over i 1986 og restaurert ferdig (så langt) i 1995. Fram til 1999 heldt Norsk Møbelfaglig Senter
hus her. I 1996 fekk Svein ved SapDesign «Godt Vern prisen» for restaureringa av
bygget.
I øverste etasje har Sap Design har kontor. 2008 – 2010
hadde Marimekko lokale her, og frå 2014 har Berlihuset Mat & Vin hatt
restaurant her. Lokala i kjelleren er blitt leigd ut til utstillingslokale, med
Pushwagner si utstilling og 75 års jublileum, som høgdepunkt. Elles blir det også brukt til selskapslokale.
Planen er, så vidt referent forstår av Svein, å flytte Sap
Design ut av 3. etasje og etablere hotellrom her.
Svein tenker seg at ein i framtida må sikre ein økonomisk
basis for fortsatt drift og vedlikehald av bygget. Dersom ikkje økonomien er på
plass, er han redd for at bygget vil forfalle, i likhet med mange andre
tilsvarende bygg.
Han tenker seg to måter å få til dette på: Etablere ein
møbelpark, der det vert stilt ut forskjellige møbler i montrer langs tillaga stier med masse
grøntareal rundt. Den andre og spenstige måten, er å etablere eit hotell, «Berlihagen
Hotell». Nanna Ulstein er tatt inn som konsulent, og ho rår til at ein begynner
i det små med f.eks. 10 rom, for deretter å utvide til f.eks. 20, dersom det
heile går bra.
Svein tenker seg at ein kan tiltrekke seg turister ved å
markedsføre opplevelser. Då tenker han seg at Berli - eigedomen presenterer
Berlihagen Hotel, Møbelpark, konsertarena, møte- og selskapslokale og ikkje
minst Historie knytta til eigedomen. I tillegg, tenker ein seg Cylindra og
Møbelparken med i markedsføring av opplevelser. Designveien er også viktig i
markedsføringa av Sykkylven som turistmål.
Sykkylven er eit internasjonalt merkenavn innen møbel.
Referent, forstår Svein slik, at dette kan bli brukt som eit springbrett i
markedsføring av Opplevelsesparken. Dette vil danne ei synergieffekt der det
eine kan forsterke det andre.
Det er forventa ei auke i turismen her i Norge i åra framover.
Skal Sykkylven få sin del av dette, må bygda ha tilbud. Overnevnte vil vere eit
nisjeprodukt innen naturbasert aktivitetsturisme. Men som sagt må ein
markedsføre dersom ein vil nå ut.
Masse interessante tanker og planer frå kreative og
framsynte Svein Asbjørnsen.
Det var langt på overtid, så det blei ikkje tid til så mange
spørsmål.
Svein fekk overrakt ein innpakka gest for foredraget.(sjå under !)
Så takka president Bastian for frammøte og minte om at neste
onsdag er det Presidenten sin time med Årsmøte og Vinlotteri. Til slutt blei vi
ønska vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.