Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidentensin time med Vinlotteri.

Referat frå Rotarymøte 07.02.2018:

President Bastian ønska alle vel møtt til det første møtet i februar, og Presidenten sin time med Vinlotteri. Ingen gjester.

Rikard og Rigmor har navnedag.

1812: Forfatter Charles Dickens født.

1959: Forfatter Håvard Rem født.

1971: I Sveits fikk kvinnene stemmerett.

1986: President Duvalier på Haiti må flykte frå øya.

1986: Det samme må Ferdinand Marcos på Filippinene.

1998: Vinter OL i Nagano åpna.

2014:  Vinter OL i Sotsji åpna.

 I samband med at det snart er vinter- OL i Sør Korea, hadde trubadur Olav funne fram den fengende OL – sangen frå Lillehammer, «OL – floka». I staden for gitar, hadde han funne fram til eit YouTube -opptak som ledsaga oss i sangen.

Sekretær Knut Henning kunne opplyse at det er Ingjerd og Jan Kåre sin tur til BUAS- besøk. Ved forrige møtet var det 23 frammøtte som gav 59 %. Når det gjaldt bursdager så fyller Olav Utgård 68 år 13. februar.

Når vi er inne på bursdager: Steinar Nordmo har nettopp fylt 70 år, og han takka for blomster og helsinger frå SRK.

3- minutt var ved Geir Løseth. Han fortalte om jobben sin som er i eit Investeringsselskap  eigd av  Stokke Fabrikker. Det er 4 ansatte, men det er berre Geir som har kontor i vårt distrikt. Han fortalte  at dei forvalter ein kapital på 2,3 mrd. kroner som gir 5 til 7 % avkastning.

Strategien er tredelt: Det er først finansiell strategi, så eigedom og til slutt går dei inn i bedrifter som aktive eiere. Aller helst inn i bedrifter med ei omsetning på mellom 100 – 600 mill. kroner og over 15 ansatte.

Geir fortalte til slutt at dei hadde intervjua 15 bedrifter med henblikk på å investering. Det enda opp med ei bedrift, Jets på Hareid. Dette firmaet produserer vakumtoalett for m.a. cruisefarten. Dette er eit solid firma med omsetning på 400 mill i året. Investeringsselskapet til Geir eig 40 % av dette.

Både den finansielle verda og begrepa som Geir brukte i foredraget, er nok litt fremmed for referent. Geir får ta kontakt dersom det er mykje feil i referatet.

Etter Rotarykaffi og loddsalg tok President Bastian ordet. Først ei lita orientering om Styremøte før det ordinære møtet.

Deretter fortalte om besøk til Karigarden frå 60 unge bønder frå heile Møre og Romsdal. Arrangør var Nortura, Tine, Felleskjøpet, Fylkesmannen og Møre og Romsdal Bondelag.

I tillegg til Bastian sin  Karigard, fekk også Kjell Perry Drotninghaug besøk. Hensikten med besøket er at unge bønder og potensielle bønder, kan hente kunnskap og inspirasjon i landbruksyrket. Videre å få til ei mentorordning til støtte for dei. Det heile blei avslutta med lunsj på Berlihuset.


Videre fortalte Bastian litt om prosessen  frå den gamle fjøsen på Karigarden og til etablering av nye driftsbygninga. Den gamle fjøsen var udatert, og Bastian tvilte på at neste generasjon kunne tenke seg å ta over denne. Kva skulle han så gjere? Bygge på den gamle, eller bygge heilt nytt. Etter gode råd frå m.a. Odd Velle, valgte handet siste. Dette blei ein uvanlig flott fjøs bygd i 60 mm massiv tre. Det blei ein såkalt «semi»kaldfjøs med naturlig ventilasjon.

Det er fleire fordeler å bygge i tre (gran i dette tilfelle):

1.       Det er lite støy.

2.       Det er god luft.

3.       Det blir lite eller ingen kondens.

4.       Tre er klimavennlig.


Bastian fortalte at han ikkje kjøpte inn nye dyr pga. stor fare for sjukdom. Videre viste han korleis det hadde vore ei pen økning i melkeproduksjon og såkalla EKM (energikorrigert melk) pr. årsku.  Videre har kjøttproduksjonen auka, sammen med antal dyr.

Det virka som Bastian er godt fornøgd med den nye driftsbygninga og drifta der. Han fortalte at han hadde eit realistisk håp om at ei av dei tre døtrene  vil overta garden med tid og stunder.

Tidligere har Rotary vore på bedriftsbesøk hos Bastian 25. mai 2016. Sjå elles Bastian sin presentasjon.

Etter foredraget var det trekning i Vinlotteriet, og visepresident Greta kunne opplyse at det var kome inn pene 2120,-.

President Bastian kunne  fortelle at neste møtet blir flytta til kl. 19:30 pga. arrangement i banken. Då vil vi bli nærare kjent med den nye presten vår, Simen Myklebust.  

Litt på overtid ønska Bastian alle vel heim. Sjå Bastian sin presentasjon

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS