Referat frå Rotarymøte
07.02.2018:
President Bastian ønska alle vel møtt til det første møtet i
februar, og Presidenten sin time med Vinlotteri. Ingen gjester.
Rikard og Rigmor har navnedag.
1812: Forfatter Charles Dickens født.
1959: Forfatter Håvard Rem født.
1971: I Sveits fikk kvinnene stemmerett.
1986: President Duvalier på Haiti må flykte frå øya.
1986: Det samme må Ferdinand Marcos på Filippinene.
1998: Vinter OL i Nagano åpna.
2014: Vinter OL i
Sotsji åpna.
Sekretær Knut Henning kunne opplyse at det er Ingjerd og Jan
Kåre sin tur til BUAS- besøk. Ved forrige møtet var det 23 frammøtte som gav 59
%. Når det gjaldt bursdager så fyller Olav Utgård 68 år 13. februar.
Når vi er inne på bursdager: Steinar Nordmo har nettopp fylt
70 år, og han takka for blomster og helsinger frå SRK.
3- minutt var ved Geir Løseth. Han fortalte om jobben sin
som er i eit Investeringsselskap eigd av
Stokke Fabrikker. Det er 4 ansatte, men
det er berre Geir som har kontor i vårt distrikt. Han fortalte at dei forvalter ein kapital på 2,3 mrd. kroner
som gir 5 til 7 % avkastning.
Strategien er tredelt: Det er først finansiell strategi, så
eigedom og til slutt går dei inn i bedrifter som aktive eiere. Aller helst inn
i bedrifter med ei omsetning på mellom 100 – 600 mill. kroner og over 15
ansatte.
Geir fortalte til slutt at dei hadde intervjua 15 bedrifter
med henblikk på å investering. Det enda opp med ei bedrift, Jets på Hareid.
Dette firmaet produserer vakumtoalett for m.a. cruisefarten. Dette er eit solid
firma med omsetning på 400 mill i året. Investeringsselskapet til Geir eig 40 %
av dette.
Både den finansielle verda og begrepa som Geir brukte i foredraget,
er nok litt fremmed for referent. Geir får ta kontakt dersom det er mykje feil
i referatet.
Etter Rotarykaffi og loddsalg tok President Bastian ordet. Først
ei lita orientering om Styremøte før det ordinære møtet.
Deretter fortalte om besøk til Karigarden frå 60 unge bønder
frå heile Møre og Romsdal. Arrangør var Nortura, Tine, Felleskjøpet,
Fylkesmannen og Møre og Romsdal Bondelag.
I tillegg til Bastian sin Karigard, fekk også Kjell Perry Drotninghaug
besøk. Hensikten med besøket er at unge bønder og potensielle bønder, kan hente
kunnskap og inspirasjon i landbruksyrket. Videre å få til ei mentorordning til
støtte for dei. Det heile blei avslutta med lunsj på Berlihuset.
Videre fortalte Bastian litt om prosessen frå den gamle fjøsen på Karigarden og til etablering
av nye driftsbygninga. Den gamle fjøsen var udatert, og Bastian tvilte på at
neste generasjon kunne tenke seg å ta over denne. Kva skulle han så gjere?
Bygge på den gamle, eller bygge heilt nytt. Etter gode råd frå m.a. Odd Velle,
valgte handet siste. Dette blei ein uvanlig flott fjøs bygd i 60 mm massiv tre.
Det blei ein såkalt «semi»kaldfjøs med naturlig ventilasjon.
Det er fleire fordeler å bygge i tre (gran i dette
tilfelle):
1.
Det er lite støy.
2.
Det er god luft.
3.
Det blir lite eller ingen kondens.
4.
Tre er klimavennlig.
Bastian fortalte at han ikkje kjøpte inn nye dyr pga. stor
fare for sjukdom. Videre viste han korleis det hadde vore ei pen økning i
melkeproduksjon og såkalla EKM (energikorrigert melk) pr. årsku. Videre har kjøttproduksjonen auka, sammen med
antal dyr.
Det virka som Bastian er godt fornøgd med den nye
driftsbygninga og drifta der. Han fortalte at han hadde eit realistisk håp om
at ei av dei tre døtrene vil overta
garden med tid og stunder.
Tidligere har Rotary vore på bedriftsbesøk hos Bastian 25.
mai 2016. Sjå elles Bastian sin presentasjon.
Etter foredraget var det trekning i Vinlotteriet, og
visepresident Greta kunne opplyse at det var kome inn pene 2120,-.
President Bastian kunne
fortelle at neste møtet blir flytta til kl. 19:30 pga. arrangement i
banken. Då vil vi bli nærare kjent med den nye presten vår, Simen Myklebust.
Litt på overtid ønska Bastian alle vel heim. Sjå Bastian sin presentasjon
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.