Referat frå Rotarymøte
14.02.2018:
President Bastian ønska vel møtt, og spesielt til kvelden
sine to gjester, Roald Mork og kvelden sin foredraghaldar, sokneprest Simen
Myklebust.
Så litt om dagen, 14. februar:
Hjørdis og Jardar har namnedag.
Sjøfarer James Cook blei født i 1779.
Komiker og teaterdirektør, Leif Juster født 1910.
Forfatter, Sigurd Evensmo født 1912.
Fidel Castro tok over makta på Cuba i 1959.
Til slutt fortalte Bastian at Ayatollah Khomeini utstedte
ein fatwa (dødsdom) over forfatter Salman Rusdie.
I trubadur Olav sitt fråver, fekk Greta i oppgåve å finne ei
høveleg Rotarysong. Det løyste ho fint med å foreslå «Vandringsvise» av Einar
Skjæråsen. Ein song som var lett å synge, sjøl uten Olav sin sang og gitarspel.
Sekretæren forkynte at det er same folka som sist sin tur
til BUAS-besøk, Ingjerd og Jan Kåre.
Dette pga. mangelfull beskjed forrige gang. Bursdager: Vår eminente kasserer,
John Henrik fyller 46 år 16.februar, og Geir Løseth fyller rundt år, 50 år, 19.
februar. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer så mykje!
Kvelden sitt 3- minutt var ved Hallgeir Lade. Han
rapporterte frå sin arbeidsplass, Trio Beslag. Dei har spesialisert seg på
rekkverk og balkonger av stål og glass. Filosofien er at det ikkje å bli størst
i klassa, men best. Firmaet har 5 ansatte, 3 montører, 1 prosjektleder og 1
mann i produksjonen. Så vidt referent forstår, er Hallgeir daglig leier og administrator.
I 2017 omsatte firmaet for 8,5 mill. og med overskot
400 000,- etter skatt.
Mykje av arbeidet foregår på Ålesundssida, der dei jobber
for ulike byggefirma og borettslag. For øyeblikket jobber dei i blokker på Åse,
der fleire bygg skal ha rekkverk og balkonger.
Firmaet kjøper inn store mengder med profiler og beslag som
dei tilpasser etter behov. For å stå godt rusta vår og sommer, blir det kjøpt
inn trailerlass med glass. Denne tida er
det ofte eldre, private hus som treng rehabilitering, med sikker og stødige
rekkverk som Trio Beslag kan tilby.
Hallgeir oppsummerte at inneværende år hadde vore eit greit
år, med mykje jobb. Det ser også lyst ut i det kommende år, med ein
ordrereserve på 4 million.
Neste 3- minutt er ved nok ein firmaleier, Asbjørn Riksheim.
Så var det Rotarykaffi med veldig gode sjokoladekaker.
Vi var spente på kva vår nye prest her i Sykkylven, Simen
Myklebust hadde å berette. Referent hadde kanskje venta at han ville fortelle
litt om seg sjøl, både privat, sin utdannelse og sin jobb, men Simen valgte å
vinkle sitt foredrag annaleis:
Han innleia med at han ville halde eit innlegg i ca. 7
minutt. Så ville han gjerne ha reaksjoner og diskusjon etter innlegget. Dersom
det ikkje var noko reaksjoner på dette, ville han sette seg ned igjen og
forsette å drikke kaffe og ete gode sjokoladekaker.
Han tok utgangspunkt i glede.
Han hadde eit motto om å jobbe for mest mulig glede her i Sykkylven. Dette
burde vi sjølsagt alle jobbe for. Men
han meinte at når det gjeld glede er vi for beskjedne. Vi jobber for ei glede
på det ytre plan, altså gleder som er timelige,
men kanskje gløymer bort den største gleda av dei alle, nemlig den gleda
som fortsetter ut over dette livet.
Korleis bli glad? Simen siterte forfatter CS Lewis som tala
om ei glede som er inne i oss og ei anna glede som er utenfor oss. Den indre
gleda er gjerne den som vi får som ei belønning når vi lykkes med våre mål her
i livet. Den som er utenfor oss sjølve, er uavhengig av kva tilstand vi er i.
Denne evige gleda, sa Simen, er personen Jesus Kristus. Han drukner ikkje dei
små gledene som vi har, men forsterker dei.
Simen uttrykte elles litt skepsis over det å bli pensjonist.
Vi går over frå å jobbe og tene andre, til å ha all tid for oss sjølve. Då er
det viktig å finne glede i å engasjere seg i frivillig arbeid for andre.
Sjølsagt var det mange reaksjoner på innlegget. Alle fulgte
Simen når det gjaldt gledene har i livet. Gleder utover dette livet, er nok
meir avhengig av det livssyn vi har. Uansett slapp Simen å bekymre seg for mangelfull
reaksjon på sitt innlegg.
Som ein gest etterpå, fekk han overrakt ein innpakka ost av
president Bastian. Elles fortsatte diskusjonen etter møtet, så innlegget til
Simen hadde tydeligvis vore engasjerende.
Neste møte 21. februar, på kongenes 81- årsdag er det våre
rotaryvener, Olav P. og Ove som vil berette frå tur til Tyskland.
Referent
Jarle Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.