Vår nye sokneprest, Simen Myklebust

Les referat frå Rotarymøte 14. februar med bl.a. vår unge nye sokneprest, Simen Myklebust.


Referat frå Rotarymøte 14.02.2018:

President Bastian ønska vel møtt, og spesielt til kvelden sine to gjester, Roald Mork og kvelden sin foredraghaldar, sokneprest Simen Myklebust.

Så litt om dagen, 14. februar:

Hjørdis og Jardar har namnedag.

Sjøfarer James Cook blei født i 1779.

Komiker og teaterdirektør, Leif Juster født 1910.

Forfatter, Sigurd Evensmo født 1912.

Fidel Castro tok over makta på Cuba i 1959.

Til slutt fortalte Bastian at Ayatollah Khomeini utstedte ein fatwa (dødsdom) over forfatter Salman Rusdie.

I trubadur Olav sitt fråver, fekk Greta i oppgåve å finne ei høveleg Rotarysong. Det løyste ho fint med å foreslå «Vandringsvise» av Einar Skjæråsen. Ein song som var lett å synge, sjøl uten Olav sin sang og gitarspel.

Sekretæren forkynte at det er same folka som sist sin tur til BUAS-besøk,  Ingjerd og Jan Kåre. Dette pga. mangelfull beskjed forrige gang. Bursdager: Vår eminente kasserer, John Henrik fyller 46 år 16.februar, og Geir Løseth fyller rundt år, 50 år, 19. februar. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer så mykje!

Kvelden sitt 3- minutt var ved Hallgeir Lade. Han rapporterte frå sin arbeidsplass, Trio Beslag. Dei har spesialisert seg på rekkverk og balkonger av stål og glass. Filosofien er at det ikkje å bli størst i klassa, men best. Firmaet har 5 ansatte, 3 montører, 1 prosjektleder og 1 mann i produksjonen. Så vidt referent forstår, er Hallgeir  daglig leier og administrator.

I 2017 omsatte firmaet for 8,5 mill. og med overskot 400 000,- etter skatt.

Mykje av arbeidet foregår på Ålesundssida, der dei jobber for ulike byggefirma og borettslag. For øyeblikket jobber dei i blokker på Åse, der fleire bygg skal ha rekkverk og balkonger.

Firmaet kjøper inn store mengder med profiler og beslag som dei tilpasser etter behov. For å stå godt rusta vår og sommer, blir det kjøpt inn trailerlass med glass.  Denne tida er det ofte eldre, private hus som treng rehabilitering, med sikker og stødige rekkverk som Trio Beslag kan tilby.

Hallgeir oppsummerte at inneværende år hadde vore eit greit år, med mykje jobb. Det ser også lyst ut i det kommende år, med ein ordrereserve på 4 million.

Neste 3- minutt er ved nok ein firmaleier, Asbjørn Riksheim.

Så var det Rotarykaffi med veldig gode sjokoladekaker.


Vi var spente på kva vår nye prest her i Sykkylven, Simen Myklebust hadde å berette. Referent hadde kanskje venta at han ville fortelle litt om seg sjøl, både privat, sin utdannelse og sin jobb, men Simen valgte å vinkle sitt foredrag annaleis:

Han innleia med at han ville halde eit innlegg i ca. 7 minutt. Så ville han gjerne ha reaksjoner og diskusjon etter innlegget. Dersom det ikkje var noko reaksjoner på dette, ville han sette seg ned igjen og forsette å drikke kaffe og ete gode sjokoladekaker.

Han tok utgangspunkt i glede. Han hadde eit motto om å jobbe for mest mulig glede her i Sykkylven. Dette burde vi sjølsagt alle jobbe for.  Men han meinte at når det gjeld glede er vi for beskjedne. Vi jobber for ei glede på det ytre plan, altså gleder som er timelige,  men kanskje gløymer bort den største gleda av dei alle, nemlig den gleda som fortsetter ut over dette livet.

Korleis bli glad? Simen siterte forfatter CS Lewis som tala om ei glede som er inne i oss og ei anna glede som er utenfor oss. Den indre gleda er gjerne den som vi får som ei belønning når vi lykkes med våre mål her i livet. Den som er utenfor oss sjølve, er uavhengig av kva tilstand vi er i. Denne evige gleda, sa Simen, er personen Jesus Kristus. Han drukner ikkje dei små gledene som vi har, men forsterker dei.

Simen uttrykte elles litt skepsis over det å bli pensjonist. Vi går over frå å jobbe og tene andre, til å ha all tid for oss sjølve. Då er det viktig å finne glede i å engasjere seg i frivillig arbeid for andre.

Sjølsagt var det mange reaksjoner på innlegget. Alle fulgte Simen når det gjaldt gledene har i livet. Gleder utover dette livet, er nok meir avhengig av det livssyn vi har. Uansett slapp Simen å bekymre seg for mangelfull reaksjon på sitt innlegg.

Som ein gest etterpå, fekk han overrakt ein innpakka ost av president Bastian. Elles fortsatte diskusjonen etter møtet, så innlegget til Simen hadde tydeligvis vore engasjerende.


Neste møte 21. februar, på kongenes 81- årsdag er det våre rotaryvener, Olav P. og Ove som vil berette frå tur til Tyskland.

 

Referent

Jarle Svindseth

  



 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS