Referat frå Rotarymøte
21.02.2018:
President Bastian ønska vel møtt til dette møtet 21.
februar. Ingen gjester, og heller labert oppmøte.
Tradisjonen tru nevnte Bastian noko av det som har hendt
denne dagen: Samuel, Selma og Seline har navnedag.
1660: Svenskene forsøkte å erobre Halden, kalt det 3. slag
om Halden.
1808: Sverige må gi Finland over til Russland og Finland
blir ein del av Russland.
1937: Prins Harald blir født. Den er første norske prins som
er født på norsk jord på 566 år.
1975: Richard Nixon sitt byråkrati blir straffeforfulgt.
2002: Tvillingene, artistene og jentehjerteknuserne, Markus
og Martinus blir født.
Trubadur Olav kunne for så vidt tenkt seg ein Rotarysong som markerte kongen sin bursdag.
I staden hadde han funne ein song som
markerer at vinteren er på hell: «Sov du vesle spire». Skreve av Zach.
Topelius.
3-minutt var ved Asbjørn Riksheim: Han er daglig leier for
L.P.Riksheim. Han tok for seg framtida for møbelindustrien her i Sykkylven. Dei
fleste fabrikkene er med i ei eller
fleire kjeder, og etter Asbjørn si meining, har desse for stor makt. Dette
fører til at det blir for stor avstand mellom kunden og produsenten. Kjedene
står på ein måte i veien.
Asbjørn meiner at fabrikkene her i Sykkylven bør kunne gjere
noko med dette. Vi har 80 % av heimemarkedet. Vi har stor kompetanse. Vi har
opplæringskontor og testlaboratorium. Alt skulle altså ligge til rette for å få
ei friere stilling i forhold til kjedene.
Asbjørn føler også at det er vanskelig å starte nye bedrifter
pga. kjedene. Vi må derfor kanskje tenke annaleis enn vi har gjort til no. Det
må bli bedre samarbeid mellom interiørarkitekter og møbeldesignere. Ein kan
starte med messene i dei store byene, der ein henvender seg direkte til
kundene.
På same måten, kan ein nå kundene direkte ved å satse på
netthandel, og på denne måten nå folk utenfor det etablerte salgsapparatet.
Mange gode ideer frå Asbjørn.
Då Ove og Olav hadde mykje på hjertet og masse bilder å vise,
fikk dei begynne samstundes med Rotarykaffien.
Ove orienterte litt om bakgrunnen for turen til
Tyskland/Berlin juni – juli 2017. Han har felles musikkinteresse med Olav. Ein
tur til Berlin, og ein Wald Buhne-konsert hadde lenge stått på ønskelista. Så
måtte det jobbes med å skape velvilje hos dei av familiemedlemmene som ikkje
har samme musikkinteresse som Ove og Olav.
Berlin og friluftskonsert med Berlin filharmoniske orkester
var hovedmålet, men delmål var Lutherstadt Wittenberg, Leipzig og Dresden.
Ove blei litt stuss då han fikk høyre at Richard Wagner sin
«Ring des Niebelungen» var eit av hovedverka. Dette er eit «tungt» verk, sjøl
for folk som er kjent med musikk. Bedre blir det ikkje for dei som har mindre
kjennskap. Ove tok likevel utfordringa og satte seg inn i verket, og
presenterte det for dei andre på fellesmøta.
Med dette som utgangspunkt sette reisefølge seg på 6 på
flyet til Berlin.
Så tok Olav over med sin bildekavalkade. For å få fullt
utbytte av dette, var det sjølsagt best å vere til stades på møtet.
Referent vil kun
kommentere kort Olav sin billedkavalkade. Han innleia med at flyturen ikkje fikk
nokon heldig start. Transportbandet på Gardermoen hadde stoppa opp, og all
bagasje hadde havna i ei svær haug. Denne blei returnert til Sykkylven i ganske
så medtatt tilstand ei veke etter heimkomst.
Då dei kom til Berlin, blei dei att på til møtt av høljregn.
Men Olav, med reisefølge, blei ikkje motlause av den grunn. Framfor friluftskonserten,
møtte dei opp 1 ½ time før denne begynte. Då var utetribunene allereie ganske fulle.
Konserten starta kl. 20 og varte i ca. 1 ½ time. Ei stor musikalsk oppleving med
eit svært dyktig orkester og dirigent.
Utom konserten var det sigthseeing i Berlin. Dei mest
berømte plassene blei besøkt: Brandenburger Tor, Checkpoint Charlie,
Berlinerdomen og Riksdagsbygninga. Her
hadde ein kjent arkitekt fått frie tøyler og fått laga til ein spektakulær
glaskuppel. (Sjå bilde!) Det litt spesielle med denne, er at turistene går i spiral og det
heile er laga slik at ein ikkje møter folk som går i motsatt retning.
Etter Berlinturen, reiste følget til Luther sin heimby
Wittenberg. Her hadde Olav tatt plenty med bilder. Byen beskreiv Olav som
ganske så rolig og fredelig. Katarina von Bora, kona til Luther, var kjent for
å lage god mat. Naturligvis måtte dei besøke ein restaurant som serverte mat i
hennar ånd. Riktig godt, så vidt eg forstod Olav.
Videre gjekk ferda til Leipzig, der Johann Sebastian Bach
hadde sitt virke i mange år. Dei siste åra var han organist og komponist i
Tomaskirche. Rekner med at Olav hadde det som plommen i egget i denne byen.
Siste byen på ferda var Dresden. Dette var ei by som vart
svært hardt bomba i februar 1945. Anslagsvis 25 000 mennesker blei drept. Olav
viste bilde av Frauenkirche som under bombinga var lagt fullstendig i grus.
Denne kirka er no bygd opp at etter modell frå den gamle. I 2004 stod den
ferdig.
Så gjekk turen via tog tilbake til Berlin og neste dag med
fly til Norge. Då hadde familiene vore borte ei veke. Referent synes reisefølge
hadde vore særdeles aktive, og fått utrulig mykje ut av veka i Tyskland. Dei
hadde sannelig ikkje ligge på latsida.
Olav er veldig flink å fotografere og presenterte kavalkaden
ypperlig. Dei som ikkje var på møtet kan berre angre seg.
Litt på overtid runda president Bastian av og minte om neste
møte 28., og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.