Referat frå Rotarymøte
28.02.2018:
President Bastian ønske vel møtt til dette siste Rotarymøte
i februar. To gjester ønska han også vel møtt: Kvelden sin foredragsholder, Ole
Bjørn Roald og Roald Mork.
Litt om dagen i dag: Marina og Maren har navnedag.
1780: Karl Deichman døde denne datoen. Han danna Deichmanske
bibliotek i Kristiania.
1873: Armauer Hansen oppdaga leprabasillen som er årsak til
spedalskhet.
1901: Linus Pauling født. Fekk Nobelprisen i kjemi 1954 og Nobels
fredspris i 1962.
1954: Stein Eriksen vann gull i VM i slalåm.
1986: Statsminister i Sverige, Olof Palme blei myrda.
1996: Verdensmester på 400 m hekk, Karsten Warholm født.
Når det gjaldt Rotarysong hadde trubadur Olav gjort seg
mykje føre. Han fortalte at i 1994 feira Ullavik - skule 20 års jubileum. I det
høve, slo dei virkelig på stortromma. Dei hadde bede inn sjølveste Elisabeth
Andreasson og låtskriver Rolf Løvland. Men YouTube - opptaket han viste, var
frå 1992 og viste Elisabeth som song «Danse mot vår» Vi andre sang med så godt
vi kunne.
Presidenten meinte at tonen låg litt høgt, men at han
greidde å nå opp akkurat.
Sekretær fekk ordet litt på overtid, og kunne forkynne at
det er
Knutene Jarle Vik og Vollstad sin tur for BUAS- besøk. Nils
Arve blir 62 år 4.mars
Frammøte sist var litt stusselig, 16 frammøtte som gav
frammøteprosent på 43.
Geir Løseth har nettopp fylt 50 år, og takka i det høve for
helsing og blomster frå klubben.
3-minutt var ved Bjørg Welle. Ho spurte først om vi hadde
høyrt om noko som heiter «Inn på Tunet». Referent hadde ikkje høyrt om dette,
men det var mange andre som hadde gjort det.
Her i Sykkylven er det to garder som er klassifisert som «Inn
på Tunet» – garder. Her kan personer med forskjellige behov og/eller
funksjonshemminger få delta i drift av garden. Der i gjennom også komme i
kontakt med dyra på garden. Dette gir ein stor helsegevinst både fysisk og
mentalt. For dei pårørende er det også stor gevinst med bl.a. avlastning i ein krevende kvardag. For å bli
klassifisert som «Inn på tunet –gard» er det strenge betingelser som må oppfylles.
Om referent ikkje visste om nemninga «Inn på Tunet», så har
han i alle fall ei viss peiling no.
Dette tiltaket står i stil med mottoet «Skaperglede» her i Sykkylven.
Etter Rotarykaffi fekk kvelden sin foredragshaldarer Ole
Bjørn Roald ordet. Han fortalte oss om eit lite firma som ikkje er så kjent,
Ekornes/Contract. Dette held til Vestlandske Ekornes sitt bygg. Dei er eit av
fire selskap i det store Ekorneskonsernet: Stresslessdelen som
står for 92 % av omsetninga i konsernet. Videre Svane, så IMG ved Nils Gunnar Hjellegjerde, og til
slutt, nevnte Ekornes/Contract. Heile konsernet har ei omsetning på 3,3 mrd. kroner,
medan Ekornes/Contract omsatte i 2016 for 59 mill. kroner. Det er 8 ansatte her.
Tidligere var det shipping og møbelinnredning her som stod for den største delen av omsetninga.
Så kom oljekrisa og botn falt ut av dette markedet. Då var gode råd dyre. No
gjaldt det å finne nye markeder for å ta igjen det tapte.
Eit av dei nye satsingsområda blei hotellmarkedet. Her er
det store muligheter. Ekornes - produkt er kjent for å vere litt kjedelige og
massive, og ikkje så godt egna for hotell. Dette gjaldt det å motbevise.
Lettere og meir trendy modeller blei bestilt som passa bedre inn i
hotellkonseptet.
Eit anna område, som Ole Bjørn såg muligheter i, er dei nye
cruiseområda, der explorerskip kan vere
eit potensialt marked.
Andre markeder er helseinstitusjoner, skuler og næringsbygg.
Det blir satsa stort på markedsføringsbiten. Det gjaldt å
vise at Ekornesprodukt ikkje berre egner seg til kvilestoler. Dessuten komme
bort frå inntrykket av at Stressless - stolene er dyre.
Særlig bli det satsa på Web - basert reklame. Særlig 3D
reklame, der kunden får sjå korleis dei ulike møblementa passa inn i forskjellige
miljø.
Eit konsept som kanskje ligg litt fram i tid, men som har
potensiale i seg, er sengemadrasser til hotell. Svanemadrasser er litt dyre, så
luksushotell er nok dei mest aktuelle kundene her.
Jarle Slyngstad har konstruert ein spisestol, som har det
geniale ved seg, at den kan stillest i tre posisjoner, alt etter kva kunden
synes er komfortabelt. Denne sammen med spisebord, er eit marked som Ole Bjørn kan tenke seg å satse
på i framtida.
Eit interessant foredrag om ei nisje innen Ekorneskonsernet
som, ialle fall referent, visste lite om.
Som takk for det flotte foredraget, fekk Ole Bjørn overrakt
to innpakka oster. President bad meg vere oppmerksom på at det er to oster som
er gave og ikkje ein.
Tilslutt minte han om Presidenten sin time neste onsdag 7.
mars og ønska så alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.