Presidenten sin time.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.


Referat frå Rotarymøte 07.03.2018:

President Bastian ønska vel møtt til Presidenten sin time, og spesielt til kvelden sin gjest, Roald Mork.

Videre presenterte han litt av det som har skjedd denne datoen, 7. mars, opp i gjennom historia:

Arild og Are har navnedag.

1714: Den Spanske Arvefølgekrig blei avslutta med freden i Rastatt. Nederland blei sjølstendig frå Spania.

1904: I disse olympiske tider, kan også nevnes, at ein stor olympier og skøyteløper, Ivar Ballangrud blei født på denne datoen. 4 VM, 4 EM, 4 OL- gull og 5 NM var resultatet av skøytekarriera hans.


1906: I høve dagen før kvinnedagen: I Finland fikk kvinnene stemmerett. Dette var første land i verda. I Norge fekk kvinnene stemmerett i 1913.

1936: Tyskland marsjerte inn i Rhinland og braut dermed avtale frå tida etter første verdenskrig.

Trubadur Olav lengter etter våren, og i det høve hadde han funne fram ein riktig vårsang: «Å høyr no lerka». Tekst av presten Anders Hovden etter melodi av sjølvaste Mozart. 

Sekretær Knut Henning forkynte at det er Jarle og Olav Utgård sin tur til BUAS- besøk.

Bursdager: Sindre, som referent trur er yngste medlem i SRK, fyller 41 år 9. mars,  og Knut Henning sjøl fyller 44 år samme datoen..

Oppmøtet sist var ikkje så ille , 25 frammøtte, som med permisjoner og fritak ga 69 % frammøte.

Knut Henning fortsatte med dagens 3 minutt som han meinte kom til å strekke seg til minst 5 minutt.


Han tok utgangspunkt i dei bygningene som er i ferd med å reise seg ved båthavna her i Sykkylven (Aureosen Brygge). Dette er to bygninger som inneheld leiligheter i andre og tredje etasje. Men det var ikkje dei han ville snakke om.Det var innhaldet i første etasje. I den eine bygninga er det i ferd med å bli ein restaurant. Denne vil få alle rettigheter, og ein vil kunne kjøpe seg ein bedre middag her.

Men det mest interessante er nok det som ligg i 1. etasje i den andre bygninga. Her er det planlagt leikeland med 4 meter høg buldrevegg. Under vil det ligge ein tjukkas, slik at ein ikkje slår seg om ein ramler ned. Videre er det planlagt ei Ninjaløype med forskjellig vanskegrad. Videre ei småbarnsavdeling og ein liten kafe der ein kan få noko å bite i.

Knut Henning presenterte oss for følgende problemstilling: Kva skal dette heite ? Er Randers eit godt forslag, eller er berre Ninjaparken godt nok? Så vidt referent var i stand til å lodde stemninga, synes dei fleste at Randers var ein god ide. Kristoffer Randers, som levde frå 1859 til 1917, var ein ivrig fjellmann, og han skreiv Reisehåndbok for Sunnmøre. Denne boka er kome i ikkje mindre enn, 4 opplag. I alle fall er Randers lett å sei, medan Ninjaparken kanskje er litt tyngre. Kan muligens også virke avgrensende til ei bestemt aldersgruppe. (7 – 14 år ?) Knut Henning ønsker derimot at ung og gammel skal delta i dei ulike aktivitetene. Uansett blir det spennende når parken åpner til hausten.

Etter Rotarykaffe og fenomenalt gode eplekaker, orienterte president Bastian frå Guvenørens månedsbrev for mars. Den noverende Guvenør, Wictor skriv korte brev så det er overkommelig å lese dette. Referent berre nevner at det blir kurs for kommende presidenter (PETS) om to helger. Vår visepresident Greta deltek sjølsagt.

Bastian nevnte også Styreseminar som blir arrangert 7 april i Ålesund.

Årsfesten blir kvelden før, 6. april, og til no er det lovende, 35 påmeldte.

Tilslutt fekk visepresident Greta ordet: Ho ville gjerne ha ein diskusjon og «input»  om innhaldet i det kommende Rotaryår.

Det var særlig 3 forhold ho ville ha synspunkt på:

1.       Årshjulet og møtefrekvens.

2.       Om vi skal delta i fleire samfunnsprosjekt og engasjere oss meir i samfunnet.

3.       Innholdet i møta.

Etter innleinga til Greta, fekk kvart bord utdelt papir og penn og så diskutere seg så fram til synspunkt på dei tre problemstillingene. Det bordet, som referent satt ved, hadde i alle fall mange synspunkt. Olav førte desse i pennen. Eg trur Greta vil få mange nyttige innspel for det komande Rotaryår.

Til slutt takka president Bastian for eit godt frammøte, minte om neste møte med RYLA- deltakere og ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth




 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS